Austevoll kommune

Overordna smittevernplan

4 Samfunnsmessige føresetnader

Smittevernplanen må sjåast under to ulike samfunnstilhøve, normalsituasjonen og beredskapssituasjonen.

Normalsituasjonen
Denne delen av planarbeidet omhandlar det daglege rutinearbeidet med smittevern i kommunen. Den omfattar oversikt over personell- og materiellmessige ressursar som kommunen rår over til vanleg samarbeid med ulike yrkesgrupper og institusjonar, og skildring av dei prosedyrar kommunen har for å førebyggje, diagnostisere og behandle vanlege infeksjonssjukdomar.

Beredskapssituasjonen
Her har det oppstått ein Beredskapssituasjonen: Her har det oppstått ein faresituasjon som kan utvikle seg til ein ulykkessituasjon. Beredskap omfattar tiltak for å hindre ei slik utvikling og å redusere skadeverknadene av ulykkessituasjonen. Det må då utførast ein risikoanalyse på bakgrunn av erfaringar, vurdering og kjennskap til dei lokale tilhøva. Risiko er då produkt av sjansen for og konsekvensane av uønskte hendingar. Det er uttrykk for den faren som slike hendingar representera for menneske, miljø, økonomiske verdiar og samfunnsviktige funksjonar.

Spesielle tilhøve for kommunen:

  • Austevoll kommune har vekst i befolkningstal.
     
  • Omlag 10 % av innbyggartalet er tilflyttarar frå land i Europa.
     
  • Kommunen ligg nær opptil Bergen by med dei fordelar og ulemper dette fører med seg.
     
  • Kommunen har både utpendling og innpendling omlag 500 i gjennomsnitt per dag. I tillegg kjem pendling for vidaregåande skule elevar og pendling til spesialisthelsetenester i regionen.
     
  • Byggeaktivitet og næring knytt til fiskeri, offshore, akvakultur  gjer at det er mange både norske borgarar og utanlandsk arbeidskraft som midlertidig oppheld seg i kommunen.
     
  • Mange i kommunen arbeidar i internasjonal skipsfart og oppheld seg store delar av året i andre land, med fare for import av infeksjonssjukdomar.