Austevoll kommune

Pandemiplan for Austevoll kommune 2020-2029

  1. 1 Innleiing
    1. 1.1 Kva er ein pandemi?
    2. 1.2 Krav om beredskapsplikt
    3. 1.3 Kvifor ein pandemiplan ?
    4. 1.4 Føresetnader for planen
  2. 2 Kommunale oppgåver og ansvarsliner før, under og etter ein pandemi og tiltak
    1. 2.1 Fasar i ein pandemi
      1. 2.1.1 Interpandemisk fase
      2. 2.1.2 Heva beredskapsfase
      3. 2.1.3 Pandemisk fase
      4. 2.1.4 Overgangsfase
    2. 2.2 Skildring av forventa arbeidsoppgåver
    3. 2.3 Organisering og ansvarsliner
      1. 2.3.1 Setje KKL (kommunens kriseleiing)
      2. 2.3.2 Medisinsk-fagleg rådgjeving
      3. 2.3.3 Delta i interkommunal koordineringsgruppe i Helse Bergen
      4. 2.3.4 Ekstraordinær tilføring av personale og økonomiske bevilling, fullmakter
    4. 2.4 Setje i verk informasjonsstrategi
    5. 2.5 Vedta lokale forskrift
  3. 3 ROS analyse for ein pandemi Austevoll kommune
  4. 4 Tiltak
    1. 4.1 Diagnose og behandling - legetenesta
    2. 4.2 Pleie- og omsorgstenester
    3. 4.3 Anna kommunal verksemd
      1. 4.3.1 Skulesektoren/barnehagar
      2. 4.3.2 Brann og redning
      3. 4.3.3 FDV (vaktmeistartenesta)
      4. 4.3.4 Servicekontor og kommunen sin administrasjon
    4. 4.4 Psykososial oppfølging
    5. 4.5 Samfunnskritiske funksjonar utanfor kommunal sektor
    6. 4.6 Massevaksinasjon
    7. 4.7 Smittevern
  5. 5 Vedlegg
    1. 5.1 Lovgrunnlag
    2. 5.2 Andre sentrale dokument
    3. 5.3 Diverse kommunale rutinar/planar utarbeidd under koronapandemien 2020
      1. 5.3.1 Flytskjema for innlegging i PO senter frå heim, ØHD eller sjukehus
      2. 5.3.2 Prosedyre ved covid-smitte i skule Austevoll kommune
      3. 5.3.3 Smittesporingsteam - prosedyre
      4. 5.3.4 Prosedyre ved covid-smitte i institusjon Austevoll kommune
      5. 5.3.5 Registreringsskjema for besøkande til helseinstitusjonar i Austevoll kommune
      6. 5.3.6 Rosanalyse smittevern, hygiene og smittevernplan
      7. 5.3.7 Trafikklysmodell for covid-tiltak i Austevoll
      8. 5.3.8 Smittevernplan trafikklysmodell-mal for avdeling
    4. 5.4 Godkjenning

3 ROS analyse for ein pandemi Austevoll kommune

Eigenskap ved viruset vil vere viktige med tanke på kva måte den kan ramme samfunnet. Dersom viruset smittar lett, men ikkje gir så alvorleg sjukdom, er det sjukdom og karantene som er hovudproblemet. Innsatsen må vere på å skaffe nok personale på jobb i nøkkelfunksjonar (både innan helse, men og skule/barnehage, drift og tekniske tenester, kollektivtransport, varehandel mm), ha god nok kapasitet og system innan testing og smittesporing samt smittereduserande tiltak.

Dersom viruset gjer alvorlegare sjukdom må ein freiste å hindra at folk vert smitta. Stenging av verksemder for å hindre smittespreiing er eit døme på dette. Og då må ein òg ha betre kapasitet for å behandle fleire alvorlege sjuke. Det er behov for ein fleksibel plan.

Tal eksempel: Austevoll i framtida med 5500 innbyggjarar

Det er berekna statistisk kva følgjer ein pandemi kan ha. Då tar ein utgangspunkt i situasjonen med ein moderat pandemi der kring 25% vert ramma, og med alvorleg pandemi som omfattar  50% av innbyggjarane.

Kommentar: Jo mindre kommunen er, desto større blir usikkerheit, og dei reelle tala kan bli både større og mindre.

ROS analyse for ein pandemi austevoll kommune
  Tal innbyggjarar Tal som vert influensa- sjuke Tal influensasjuke som vil søke lege Tal som vil søke lege i topp-veka
Austevoll moderat pandemi 5500 1375 135-300 28-55
Austevoll alvorleg pandemi 5500 2750 270-600 56-110


Utfordringane ved ein pandemi kan delast inn i 5 grupper:

1) Mange sjuke som treng kommunale helsetenester og/eller auka pleie og omsorg samstundes

Fylgjande faktorar vert identifisert som kritiske punkt som må gjerast noko med:

  • kapasitet på kontakt med lege/legevakt
  • kapasitet på legetimar og sjukebesøk
  • kapasitet på sjuketransport
  • nok utstyr på legesenter/legevakt til diagnostisering, behandling og hygienetiltak
  • trong for å førebygge smittespreiing blant pasientar
  • fleire treng tilsyn i heimen
  • bortfall av omsorgspersonar/alle i familiar sjuke samstundes slik at dei ikkje kan ta vare på seg sjølv og sine barn/eldre dermed trengs kommunal pleie/omsorg
  • trong for å bygge opp institusjonskapasitet for å behandle akutt sjuke som ikkje kan eller skal innleggast i sjukehus
  • fleire dødsfall, psykososial belastning på befolkninga
  • stor trong for informasjon

2) Auka sjukefråvær og karantene  kan gå ut over arbeidet til dei som er sjuke:

  • sjukmeldingar og karantene  innanfor helsetenesta og pleie- og omsorg sett ned kapasiteten ytterlegere.
  • sjukmeldingar og karantene  innan skule/barnehage gjer det vanskeleg å oppretthalde tilbod, skular må stenga eller gå over til digital skule.
  • sjukmeldingar og karantene innan samfunnskritisk verksemd som straum, vatn, brøyting, beredskap, varelevering til butikkar og anna infrastruktur.

3) Trong for smitteverntiltak og hurtig identifisering og isolering av smitta

  • vaksine vil ikkje vere tilgjengeleg i starten av pandemien. Det kan vere avgrensa tal vaksinar, naudsynt å prioritere. Når behandling vert tilgjengeleg er det avgjerande å få det hurtig ut til dei aktuelle gruppene.
  • det vil vere viktig å halde dei som er smitta og ikkje-smitta frå kvarandre, kan vere naudsynt med tiltak som sosial distansering, restriksjonar på reising, stenging av verksemd til dømes skular. Serveringsstadar, idrett/kultur. Kommunale tenester må tilpassast smitteverntiltaka.
  • det vert auka trong for hygienetiltak inkludert smittevernutstyr og reinhald.
  • testing, isolering, smittesporing og karantene (TISK) er strategien for

4)  Trong for samordning med andre delar av helsetenesta:

Ein pandemi vil ramme ikkje berre vår kommune, men heile regionen. Utfordingane vi står overfor i Austevoll, vil og ramme nabokommunar. Mange sjuke på ein gong vil tære på kapasiteten til sjukehusa både grunna fleire pasientar generelt, fleire intensivpasientar, trong for omorganisering på sjukehus for å hindre smittespreiing, meir ambulansetransport og sjukmelde arbeidstakarar på sjukehuset. Det vert fleire som ringer til legevakt, og Bjørnafjorden og Samnanger Legevaktsentral kan ha vanskar med å handtere alle telefonar. Det er viktig at  Austevoll gjer det dei kan for å avlaste sine samarbeidspartnarar og handtere mest mogleg lokalt så sant det er medisinsk forsvarleg. Samstundes har den einskilde pasient same rett på helsehjelp uavhengig av om det er mange andre sjuke.

5) smitteverntiltak og fråvær kan gå ut over andre delar av samfunnslivet og næringslivet.

Dramatisk endring i etterspørsel etter tenester, oppseiingar og permitteringar, vanskar med tilgang til varer og personell frå utlandet og restriksjonar på sosial kontakt vil råke innbyggjarane hardt.