Austevoll kommune

Pandemiplan for Austevoll kommune 2020-2029

  1. 1 Innleiing
    1. 1.1 Kva er ein pandemi?
    2. 1.2 Krav om beredskapsplikt
    3. 1.3 Kvifor ein pandemiplan ?
    4. 1.4 Føresetnader for planen
  2. 2 Kommunale oppgåver og ansvarsliner før, under og etter ein pandemi og tiltak
    1. 2.1 Fasar i ein pandemi
      1. 2.1.1 Interpandemisk fase
      2. 2.1.2 Heva beredskapsfase
      3. 2.1.3 Pandemisk fase
      4. 2.1.4 Overgangsfase
    2. 2.2 Skildring av forventa arbeidsoppgåver
    3. 2.3 Organisering og ansvarsliner
      1. 2.3.1 Setje KKL (kommunens kriseleiing)
      2. 2.3.2 Medisinsk-fagleg rådgjeving
      3. 2.3.3 Delta i interkommunal koordineringsgruppe i Helse Bergen
      4. 2.3.4 Ekstraordinær tilføring av personale og økonomiske bevilling, fullmakter
    4. 2.4 Setje i verk informasjonsstrategi
    5. 2.5 Vedta lokale forskrift
  3. 3 ROS analyse for ein pandemi Austevoll kommune
  4. 4 Tiltak
    1. 4.1 Diagnose og behandling - legetenesta
    2. 4.2 Pleie- og omsorgstenester
    3. 4.3 Anna kommunal verksemd
      1. 4.3.1 Skulesektoren/barnehagar
      2. 4.3.2 Brann og redning
      3. 4.3.3 FDV (vaktmeistartenesta)
      4. 4.3.4 Servicekontor og kommunen sin administrasjon
    4. 4.4 Psykososial oppfølging
    5. 4.5 Samfunnskritiske funksjonar utanfor kommunal sektor
    6. 4.6 Massevaksinasjon
    7. 4.7 Smittevern
  5. 5 Vedlegg
    1. 5.1 Lovgrunnlag
    2. 5.2 Andre sentrale dokument
    3. 5.3 Diverse kommunale rutinar/planar utarbeidd under koronapandemien 2020
      1. 5.3.1 Flytskjema for innlegging i PO senter frå heim, ØHD eller sjukehus
      2. 5.3.2 Prosedyre ved covid-smitte i skule Austevoll kommune
      3. 5.3.3 Smittesporingsteam - prosedyre
      4. 5.3.4 Prosedyre ved covid-smitte i institusjon Austevoll kommune
      5. 5.3.5 Registreringsskjema for besøkande til helseinstitusjonar i Austevoll kommune
      6. 5.3.6 Rosanalyse smittevern, hygiene og smittevernplan
      7. 5.3.7 Trafikklysmodell for covid-tiltak i Austevoll
      8. 5.3.8 Smittevernplan trafikklysmodell-mal for avdeling
    4. 5.4 Godkjenning

4 Tiltak

I denne delen blir det skildra aktuelle tiltak i pandemisk fase basert på ovanståande ROS-analyse. Tiltaka er delt inn i 7 område:

  1. Diagnose og behandling (legetenester)
  2. Pleie- og omsorgstenester
  3. Annan kommunal verksemd
  4. Psykososial omsorg
  5. Samfunnskritiske funksjonar utanfor kommunesektoren og næringsliv
  6. Massevaksinasjon
  7. Smitteverntiltak testing og smittesporing (TISK)

4.1 Diagnose og behandling - legetenesta

Mål:  Austevoll kommune skal utøve helsetenester som diagnose, behandling og oppfølging til sine innbyggjarar.

ROS-analyse legetenester:

  1. Eige personale vert sjuke.
  2. Stor pågang av personar som treng legetilsyn både på kontoret og i heimane.
  3. Vanskar med å kome gjennom til legekontor og legevaktsentral på telefon.
  4. Vanskar med å skaffe nok pasientskyss/transporttenester pga. auka etterspurnad eller smitteverntiltak.
  5. Sjuke kan smitte friske pasientar på legevakt og tilsette kan spreie smitte mellom pasientar, treng meir smittevernutstyr og hygienetiltak.
  6. Restriksjonar på å legge inn på sjukehus pga. manglande kapasitet, må ta hand om fleire pasientgrupper sjølv enn det som er vanleg.
  7. Stor auke i oppgåve for KO/SVL.
  8. Utfordringar med å skaffe nok medisin.

Tiltak: diagnose og behandling legetenesta

 

   

4.2 Pleie- og omsorgstenester

Mål:
Austevoll kommune skal oppretthalde pleie- og omsorgstenester til eksisterande brukarar, auka tenester til brukarar som vert sjukare, og gje tenester til nye brukarar som følgje av pandemien.

ROS-analyse: pleie- og omsorgstenestene vert ramma ved ein pandemi på fleire måtar:

  1. Eige personell kan bli sjukmeldt eller sett i karantene, som gir utfordringar med å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft.
     
  2. Brukarane av tenesta kan bli sjuke og ha auka trong for pleie og omsorg utover det som er vanleg.
     
  3. Det kan vere aktuelt å yte pleietenester til nye brukarar som ikkje har tenester til vanleg.
     
  4. Sjukehusa kan vedta å ikkje ta i mot pasientar som er sjuke,  både av influensa og annan sjukdom, og krevje at kommunen behandlar desse sjølv i ØHD seng eller spesialoppretta avdeling.
     
  5. ØHD seng og korttidsplassar må i raud fase stengje/lokaliserast ein annan plass enn sjukeheimen for å hindre smitte inn på sjukeheim.
     
  6. Krav til karantene og isolering kan vere utfordrande i forhold til praktiske forhold og krevje bruk av tvang.
     
  7. Sosial distansering og smitteverntiltak kan gjere det naudsynt å ta bort ikkje-livsnaudsynte tenester som heimehjelp, støttekontakt med vidare.

Kapasitet

Pleie- og omsorgstenestene er dynamiske tenester som er vane med å tilpasse seg eit skiftande behov både hos den einskilde brukar, og i talet på brukarar. Sjukeheimen har inntil 52 plassar i drift men talet varierer etter behov. Helseservicekontoret gjer vedtak om kva for tenester den einskilde heimebuande skal ha. Kommunen har omsorgsbustadar der det er mogleg å setje inn forsterka heimesjukepleiar dersom naudsynt. I kommunen sin helse- og sosial beredskapsplan er daglegstova ved Austevoll pleie- og omsorgssenter tenkt nytta til opphald av eit tal ekstra personar i ein krisesituasjon.

Organisering    

Kommunen har overordna ansvar for beredskap. I tilfelle der det ligg føre drift av private leverandørar, ligg det i avtalar/kontraktar at leverandør har plikt til å følgje kommunen sin beredskapsplan.

Helseservicekontoret i Austevoll har ansvar for å tildele tenester innan pleie og omsorg. I ein pandemisituasjon vil dei få ekstra krevjande oppgåver med å fange opp endra behov hos dei som allereie har tenester, i tillegg til å  tildele tenester til nye. Kommunalsjef helse og velferd, KKL og smittevernlegen bør tidleg vurdere om det er behov for å fremme vedtak om å bruke andre bygningar som ikkje er bygd til behandling eller andre helsetenester for å sikre behovet kommunane har ved ein pandemi eller å flytte brukarar for å frigje kapasitet.

Samordning

Det er naudsynt med god og tett dialog mellom helseservicekontoret, rådmannen, kommunalsjefane, legetenesta og dei som driftar pleie- og omsorgstenester. Det vert viktig både å auke/tildele tenester når behovet er der, og å redusere til normalt nivå/avslutte tenester når behovet ikkje lenger er der. Det er viktig med tett dialog med spesialisthelsetenesta om sjukehuspasientane. Og sannsynleg trong for å samordna frivillig innsats. Kommunen sin frivilligkoordinator kan involverast i dette arbeidet.

Informasjon

Brukarar av pleie- og omsorgstenester og deira pårørande vil ha særskilt trong for informasjon om pandemien og aktuelle tiltak. Ein kan ikkje stole på at generell informasjon i media er nok for denne gruppa. Direkte informasjon, mobilisering av pårørande, gjerne eigen informasjonskanal som til dømes oppslag i fellesrom på omsorgsbustadane må vurderast. Det må vere god informasjon om restriksjonar i besøksordningar og kva tiltak PO til ein kvar tid har til tilsette, brukarar og pårørande. Det kan vere trong for eige varslingssystem for at buande i omsorgsbustadane kan få tak i sjukepleiar som er på huset. 

Tiltak: pleie og omsorg
Utfordring Vi løyser det slik Ansvar Konsekvensar
Nok tilsette Ekstra personell (pensjonistar, studentar, vikarbyrå), auka stillingsprosent, avlyse planlagt fråvær, overført frå andre kommunale etatar HR ansvar-leg Økonomi Trong for opplæring Andre oppgåver vert ikkje utførte
Fleire treng tenester som måltid, enkle tilsyn mm Nytta frivillige Frivillig- koordinator/ helseservice -kontor Treng administrative ressursar: kartlegge behov, organisere frivillige, sikre tryggleiken til brukarane og ta vare på dei frivillige.
Ikkje nok personale til eksisterande og nye brukarar I ein pandemisituasjon må ein forvente at pårørande er med og tar ansvar for sine med til dømes tilsyn, praktisk hjelp til mat, husarbeid, legebesøk med meir Informasjons- ansvarleg Befolkninga må få informasjon frå KKL at dei må bidra meir enn vanleg. Gode system for å avklare ansvars- deling kommunale tenester/ pårørande.
Trong å auke talet på senger med tilsyn Omdisponera definerte sengeplassar til bruk for pandemipasientar i akutt situasjon. Auke opp kapasitet med sengeplassar ved bruk av areal i dagstove. Ta i bruk eventuelle ledig kapasitet i omsorgsbustader ved behov. Omdisponera definerte sengeplassar - bruk av areal i dagstove og fellesareal PO senter og omsorgsbustader. - bruk eventuelle ledige omsorgsbustader (Desse kan nyttast både til ØHD seng (sjukehusbehandling) og til å huse heimebuande eldre som anten er sjuke, eller som til vanleg krev store ressursar frå heimetenesta (på grunn av hjelpebehov eller reiseveg). Treningsleilegheita og avlastningsbustadene kan og nyttast. Komm.sjef helse og FDV Må vere tilstrekkeleg tal på personale. Treng tilfredsstillande branntryggleik, ev. brannvaktar. Treng nok tal senger og møblar. Smittevernsutstyr, medisinlager, Medisinsk utstyr
Styrka tilsyn i omsorgs- bustader Bemanne opp slik at det er fast personale til stades i fellesareala i bustadene 24/7, slik at sjuke kan pleiast i heimen. Komm. sjef helse Krev nok personale, ev. med frivillige. Krev varslingssystem for å tilkalle personale
Barnefamiliar der foreldre vert sjuke og ikkje kan ta seg av små barn Telefon/varslingssystem for å melde behov for hjelp. Nytte frivillige og mobilisere nabohjelp Auka utvidingstid skule/ barnehage Måltid i skule/ barnehage Komm.sjef Oppvekst Må sikre at tenestegjevarar er skikka. Administrative ressursar Kostnad og praktisk ved måltid i skule/ barnehage.
Utbrot av smitte blant tilsette eller brukarar av tenester Kohortinndeling av tilsette og brukarar. Plan for isolering av kohort og einskildbrukarar. Alternativ stad for karantene/isolering. Handlingsplan ved smitte i institusjon. Førehandsgodkjenning for bruk av tvang. Komm. sjef helse / PLOMS leiar og KOL Auka ressursbruk Trong for lokale og utstyr Besøksrestriksjonar og restriksjonar på ferdsel

4.3 Anna kommunal verksemd

Brann og redningstenesta, oppfølging av personar med utviklingshemming, skular, barnehagar, drift og vedlikehald og informasjonsarbeid er døme på samfunnskritisk verksemd som kommunen har ansvar for. Stort sjukefråvær kan true desse funksjonane. Tenestene må ha planer for korleis dei vil handtere ein slik situasjon. Vidare må tenestene kunne gjennomføre naudsynte smitteverntiltak i samråd med Kommuneoverlegen. Trafikklysmodellen er ein god modell for å kunne ha tenester som er tilpassa den aktuelle smittesituasjonen. Kvar kommunal eining skal lage si ROS analyse, og lage si smittevernplan for drift av tenestene i raud, gul og grøn fase. Tenestene må og ha ein «blålys» plan for smitteutbrot i eigen verksemd. Sjå vedlegg 4.

Kommunen har oppretta eit tverrfagleg smittevernteam som kan ta opp utfordringar og gje råd om løysingar til dei kommunale tenestene. 

4.3.1 Skulesektoren/barnehagar

Målsetting: barn og unge skal sikrast opplæring, ev tilsyn og aktivitet på dagtid, og ikkje utsettast for unødig smitterisiko.

ROS-analyse: skule og barnehage:

  1. Tilsette vert sjuke må stengje og omorganisere verksemd pga. ikkje nok folk på jobb.
     
  2. Mange saman på liten plass kan føre til spreiing av smitte.
     
  3. Foreldre kan vere sjuke og ikkje klare å ivareta tilsyn, måltid, lekser m.m.
     
  4. Skulen har ikkje utarbeidd plan for tiltak ved personalmangel eller stenging.
     
  5. Stenging av skular vil auke sjukefråværet  elles i samfunnet til 30-35 % på det høgaste (Folkehelseinstituttet, 2014) fordi foreldre må vere heime med barna sine.
Titak: skule og barnehage
Utfordring Vi løyser det slik Ansvar Konsekvensar
Nok tilsette Ekstra personell (pensjonistar, studentar, vikarbyrå), auka stillingsprosent, avlyse planlagt fråvær, frivillige HR ansvarleg Økonomi. Trong for opplæring
Hindre smittespreiing Auka reinhald Systematiske smitteverntiltak som handvask, hostehygiene, kohortinndeling,  karantene for sjuke barn/tilsette, overgang til digital skule FDV og komm. sjef oppvekst Økonomi Foreldre borte frå arbeidet sitt Mindre grupper krev meir personell, vanskeleg å oppretthalde opningstid.
Trong for auka tid i barnehage/ skule Utvida skuledagen for alle Gje 100 % barnehageplass til alle i denne perioden Komm. sjef oppvekst Økonomi, trong for personell
Manglande planverk i skule Skulesektoren bør utarbeide plan for stenging/personal- mangel og overgang til digital undervisning Komm. sjef opp-vekst Administrativ ressurs. Kan gjerast i interpandemisk fase
Alternativ tilbod om tilsyn viss undervisnings- personale manglar Nytte skule og barnehage, idrettsanlegg, kulturanlegg, frivilligsentral sine lokale til alternative tiltak saman med frivillige, idrettslag, kulturskule,  organisasjonar m.m. Frivillig- og folkehelse-koordinator Trong for lokale, organisering og skysstilbod   Går utover det faglege tilbodet
Smitte blant tilsett eller elev Kohortinndelig. Handlingsplan ved smitteutbrot. Komm. sjef oppvekst Karantene for trinn eller avdelingar. Informasjonsbehov.

4.3.2 Brann og redning

Brann og redning har ikkje noko direkte planverk med tanke på pandemi i Austevoll.  Ein stiller seg då bak samarbeid med nabobrannvesen. Brann og redning har i tillegg til eigen styrke 16 mann i ein «reserve» styrke, (Skogbrannreserve). Denne vil om nødvendig bli trekt inn ved behov. Ref. Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvesenets redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernloven). https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2002-06-14-20.

Akutthjelpartenesta i brann- og redning kan få auka pågang og nye oppgåver med å assistera legetenesta.

Trong for brannfagleg vurdering dersom nye areal vert teken i bruk til heildøgns pleie

4.3.3 FDV (vaktmeistartenesta)

FDV har ikkje noko planverk med tanke på pandemiutbrot i kommunen.

Område der FDV kan tenkast å bidra i ein pandemi:

  1. Auka trong for reinhald av kommunale bygg for å hindre smittespreiing.
     
  2. Auka trong for lokale til pleie- og omsorgstenester, skular mm i tillegg til praktisk skaffa senger, møblar m.m.
     
  3. Auka trong for brøytetenester hos privatpersonar som er sjuke.
     
  4. Auka trong for transport av helsepersonell og pleiepersonell, fleire bilar.
     
  5. Auka trong for varslingssystem/tilkallingsalarm for pleiepersonale.
     
  6. Etablering av medisinsk/velferdsteknologi.
     
  7. Handtering spesialavfall/containerar, og brannopplæring Prestaneset:
     
  8. Bilpark heimetenesta og vedlikehald av bilpark, sikre naudløysingar ved bortfall av vatn og straum og bortfall av telefon til legevakt, legekontor, data.

4.3.4 Servicekontor og kommunen sin administrasjon

Informasjonsarbeid er særs viktig og servicekontoret må vere budd på stor pågang på telefon. Nettsida må oppdaterast hyppig og det vil vere trong for å ta imot førespurnadar frå media som skal handterast av KKL.

Økonomikontoret må vere budd på store utfordringar grunna trong for utvida budsjett.

Innkjøpsavdelinga får nye oppgåver knytt til å skaffe og halde oversikt over lager av smittevernutstyr og anna.

HR får auka oppgåve med å skaffe personell og endring av turnusar og vaktordningar

IT må skaffe utstyr til fleire tilsette,  og mobilt datautstyr og kommunikasjonsmidlar. Bidra til utvikling av nye tenester f.eks. videokonsultasjon med lege, kameraovervaking av dårlege pasientar. Handtere oppståtte kriser som bortfall av straum , nettsida nede, bortfall av telefoni, bortfall av data.

4.4 Psykososial oppfølging

Målsetting: kommunen skal yte god psykososial omsorg til eksisterande brukarar, og andre i befolkninga som blir ramma av kriser og uventa dødsfall

ROS-analyse psykososial oppfølging:

  1. fleire menneske opplever traumatiske hendingar, tap av jobb eller økonomiske vanskar, alvorleg liding og dødsfall.
     
  2. utsette grupper har særskilt trong for oppfølging. Det kan vere til dømes framandspråklege, personar med bakgrunn som flyktningar, personar som frå før har psykiske lidingar eller rusutfordringar, personar som har lite nettverk eller som frå før slit med økonomiske vanskar.
     
  3. Smitteverntiltak som sosial distansering, færre arrangement og møteplassar, heimekontor og avgrensing av tal personar som kan møtast fører til meir einsemd.

Psykososial omsorg

Med psykososial omsorg meinar vi målretta tiltak som blir sett inn etter potensielt traumatiserande hendingar for å hjelpe einskildpersonar, grupper eller der lokalsamfunnet er påverka. Hensikta skal vera å bidra til å normalisera livssituasjonen, mobilisera nettverk og førebyggja og å redusera psykiske, rusrelaterte, somatiske og sosiale problem.

Utsette grupper

Kommunen må sikra  seg kunnskap og kompetanse om innbyggjarane i lokalsamfunnet for å kunna forstå, samhandla og samarbeida godt med menneske av forskjellige kulturar. Ved utbrot av alvorleg pandemi bør det rettast merksemd mot grupper som kan vera spesielt sårbare på grunn av manglande sosialt nettverk. Eksempel kan vera: barn og ungdom, personar med psykiske lidingar, personar med alvorleg sjukdom, aleineforsørgjarar, arbeidsinnvandrarar, tilflyttarar utan sosialt nettverk, familiar der omsorgsperson er utilgjengeleg grunna turnusarbeid, asylsøkjarar, flyktningar og familiegjenforeinte.

Tiltak: psykososial oppfølging
Utfordring Vi løyser det slik Ansvar Konsekvensar
Nok tilsette Ekstra personell (pensjonistar, studentar, vikarbyrå), auka stillingsprosent, avlyse planlagt fråvær, frivillige HR ansvarleg Økonomi Trong for opplæring
Hindre smitte- spreiing Auka reinhald. Systematiske smitteverntiltak som handvask, hostehygiene, kohortinndeling, karantene for sjuke barn/tilsette, overgang til digital skule FDV og komm. sjef oppvekst Økonomi Foreldre borte frå sitt arbeid Mindre grupper krev meir personell, vanskeleg å oppretthalde opningstid.
Trong for auka tid i barnehage/ skule Utvida skuledagen for alle. Gje 100 % barnehageplass til alle i denne perioden Komm. sjef oppvekst Økonomi, trong for personell
Manglande planverk i skule Skulesektoren bør utarbeide plan for stenging/ personalmangel og overgang til digital undervisning Komm. sjef opp-vekst Administrativ ressurs. Kan gjerast i interpandemisk fase
Alternativ tilbod om tilsyn viss undervisnings- personale manglar Nytte skule og barnehage, idrettsanlegg, kulturanlegg, frivilligsentral sine lokale til alternative tiltak saman med frivillige, idrettslag, kulturskule, organisasjonar m.m. Frivillig- og folkehelse- koordinator Trong for lokale, organisering og skysstilbod Går utover det faglege tilbodet
Smitte blant tilsett eller elev Kohortinndelig. Handlingsplan ved smitteutbrot. Komm. sjef oppvekst Karantene for trinn eller avdelingar. Informasjonsbehov.

4.5 Samfunnskritiske funksjonar utanfor kommunal sektor

Målsetting: kommunen må bidra til å hindre bortfall av infrastruktur og samfunnskritiske funksjonar som straum, vatn, transporttenester, IT system,  vareleveransar, matproduksjon og drivstoff.

ROS-analyse samfunnkritiske funksjonar utanfor kommunal sektor:

Eit stort sjukefråvær i befolkninga kan føra til svikt i samfunnskritiske funksjonar som rammar kommunen. Det kan vera leveransesvikt av viktige varer, store datasystem kan falle ut og offentleg transport kan bli hardt ramma. Dette må kommunen vera budd på og det bør vera teke omsyn til i kommunen sine generelle beredskapsplanar.

Kommunen må halde seg orientert om at sentrale samfunnsviktige verksemder i kommunen har beredskapsplaner som ivaretek drift ved stort fråver.

Austevoll kommune har vore i kontakt med sentrale aktørar utanfor kommunal sektor (oppdatert juni 2018):


Tiltak samfunnskritisk verksemd

 

 

4.6 Massevaksinasjon

Målsetting: rask og effektiv massevaksinasjon når vaksine er tilgjengeleg, prioriterte grupper først

ROS-analyse massevaksinasjon:

  • usikkert når vaksine kjem, vil ikkje vere tilgjengeleg i starten av pandemien
     
  • kan vere for få dosar for alle innbyggjarar, naudsynt å prioritere kva grupper som skal få og handheva dette til tross for pågong
     
  • vaksineringa må ikkje utsette innbyggjarar for smitterisiko
     
  • effektiv vaksinering av fleire tusen krev store lokale, mange tilsette og god logistikk

Dersom det blir aktuelt med massevaksinasjon, vil leiande helsesjukepleiar  få ein koordinatorfunksjon (HKO), som skal bistå kommuneoverlege/smittevernlegen med praktiske og administrative funksjonar. Koordinatoren skal etter  "rettleiar for massevaksinasjon" i samhandling med smittevernsansvarleg lege og helsesjukepleiar, organisere og administrere massevaksinasjonen.

Tiltak: massevaksinasjon
Utfordring Vi løyser det slik Ansvar Konsekvensar
Planlegge masse-vaksinering SVL identifiserer pasientar i prioriteringsgruppa  KO bestiller vaksinar ved Folkehelseinstituttet. HKO SVL Krev tid og oversikt over befolkinga
Vaksine handtering Oppbevaringsplass ved mottak og på lokale for massevaksinasjon. HKO Kjølekapasitet, system for mottak  
Treng store lokale til masse- vaksinering Nytte gymsalar og idrettshallar og Frivilligsentralen.   Bør vere førehandsavtale og kunne nyttast over ein lengre periode. Naudsynt utstyr/ møblar/merking/transport. Komm.sjef skule Desse lokala vil ikkje kunne nyttast til andre føremål i perioden
Registrere vaksineringar Mobil tilgong til journalsystem /folkeregister/ sysvak, eller registrere i ettertid. IKT-sjef Administrasjon og kostnad
Støtte- funksjonar under masse-vaksinering Frivillige og brannpersonale kan bistå med parkering/trafikkavvikling, registering av frammøtte, ordning av køar, observere etter vaksine. Frivillig-og folkehelse- koordinator Administrasjon, opplæring, akkreditering
Nok personell Redusere på anna arbeid legetenesta, helsestasjon/skulehelseteneste. Nytta  pensjonistar, vikarar, studentar. Disponere andre sjukepleiarar tilsett i administrasjonen. HR sjef og HKO Økonomiske konsekvensar Treng opplæring Vanleg arbeid ikkje utført
Informasjon til publikum Treng god og tydeleg info særleg dersom det er knappheit på vaksinar. Timebestillingssysten KKL sin informasjons- ansvarlege Merkantile og IT ressursar.

4.7 Smittevern

Målsetting: hindre spreiing av influensavirus mellom smitta og friske personar

ROS-analyse smitteverntiltak:

  • usikkert i starten av pandemien kor smittsamt viruset er. R-tal kan variere gjennom pandemien ut frå endring i viruset.
     
  • risiko for at tiltak som gjerast t.d. massevaksinasjon er med på å spreie smitte ved at store folkegrupper møtast.
     
  • helsepersonell, transportørar av sjuke m.v kan spreie smitte.
     
  • stenging av verksemd pga. smittefare t.d. skule/barnehage vil skape auka fråver frå jobb pga omsorgsbyrde.
     
  • stenging av møteplassar og sosiale arena vil bidra til auka frykt og psykososialt press.
     
  • økonomisk innverknad av stengde verksemd.

Generelle tiltak som er aktuelle for å hindre smitte (nasjonale råd):

  • hygiene: handhygiene / nytte handsprit, hoste i armkroken
     
  • sosial distansering: halde 1 meter avstand til alle utanom husstand, ingen fysisk kontakt
     
  • avgrense tal nærkontaktar
     
  • hald deg i heimen ved symptom
     
  • avgrense kor mange som kan delta ved arrangementer
     
  • heimekontor 

Tiltak: Smitteverntiltak

Tiltak: smitteverntiltak
Utfordring Vi løyser det slik Ansvar Konsekvensar
Asymptomatiske sjuke kan spreie smitte TISK (testing for sjukdom, isolering av sjuke, smittesporing av nærkontaktar og karantene for nærkontaktar) Rådmann Trong for personell, smittevernutstyr og lokalar til testing, testutstyr, transport av prøvar, system for mottak av prøvesvar 24/7. Trong for personell til smittesporing.
Vanskar for smitta personar å ivareta avstand til husstand under isolasjon, eller personar eigna opphaldsstad Plan for innlosjering av smitta ev. personar i karantene i kommunal bustad eller privat hotell Rådmann Opptar kapasitet i kommunale bustadar. Kostnadar knytta til drift Trong for auka reinhald, vaskeritenester. Trong for helsehjelp/tilsyn Trong for system for matlevering.
Store arrangement og folkemengder kan føre til smittespreiing Nasjonale tiltak og vurdere trong for lokale tiltak. Kan vere tilråing eller forskrift. Auka hygiene bruk av handsprit. Sjuke skal halde seg heime. Avgrense tal på kor mange som kan samlast. Sosial distansering. Stenging av verksemder.  Stenge for inn/utreise til Noreg. Rådmann, KO, tverrfagleg smittevern-team, info-ansvarleg Forbod mot å samlast har innverknad på kommunal verksemd, næringsliv, kulturliv, idrett og reiseliv  med økonmoiske tap og tap av arbeidsplassar. Kommunale tenester som skule/barnehage må stengje eller driftast på anna måte, går særleg ut over sårbare individ. Stor trong for rettleiing og informasjon, hjelp til å tolke regelverk.
Helsepersonal kan spreie smitte Opplæring av all helsepersonell i basale smittevernrutinar og bruk av personleg smittevernutstyr. Auka bruk av t.d. munnbind og hanskar.  Skilje personale til pandemisjuke og anna sjukdom. Restriksjonar på reisar og anna fritidsaktivitet hos helsepersonell. Testing. Kohortinndeling av tilsette. Kommunal- sjef helse Nok smittevernsutstyr. Nok personale/ god logistikk. Opplæringstiltak.
Smitte i offentlege lokalar, skular, sjukeheim, kollektiv-transport, arbeidsplassar, butikkar, serveringsstad og verksemd med 1:1 kontakt der ein ikkje kan halde avstand eller ivareta hygiene Nasjonale og ev. lokale tilrådingar og krav inkludert stenging, kohortinndeling, auka smitteverntiltak. Smittevernplanar tilpassa aktuell smittestatus (raud/gul/grøn). Tilgjengeleg smittevernutstyr (munnbind, sprit). Isolasjon av sjuke og karantene av nærkontaktar.  Generelt fokus på hygiene i befolkinga. Alle kommunale etatat lagar sine ROS analyser for drift og smittevernplanar til dei forskjellige smittenivåa. Trong for rettleiing og kontroll/tilsyn av private verksemd. Besøksrestriksjonar i offentlege bygg. Heimekontor Rådmann, KO, tverrfagleg smittevern-team, info-ansvarleg Dårlegare tilgong til tenester. Auka kostnadar reinhald og smittevernutstyr. Sjukefråvær pga. karantene. Auka smittefrykt i befolkinga Redusert tilbod til barn og unge. Redusert lønsemd grunna avstandskrav.
Smitte frå utlandet Nasjonale tiltak som avgrensar reisar til utlandet og/eller innreise frå andre land. Reisekarantene Testing ved ankomst frå utland. Rådmann Konsekvensar for næringsliv pga. redusert turisme Vanskar med å skaffe arbeidskraft. Trong for opphaldsstad i karantene Innbyggjarar med familie i andre land får ikkje vitje sine nære.