Austevoll kommune

Pandemiplan for Austevoll kommune 2020-2029

  1. 1 Innleiing
    1. 1.1 Kva er ein pandemi?
    2. 1.2 Krav om beredskapsplikt
    3. 1.3 Kvifor ein pandemiplan ?
    4. 1.4 Føresetnader for planen
  2. 2 Kommunale oppgåver og ansvarsliner før, under og etter ein pandemi og tiltak
    1. 2.1 Fasar i ein pandemi
      1. 2.1.1 Interpandemisk fase
      2. 2.1.2 Heva beredskapsfase
      3. 2.1.3 Pandemisk fase
      4. 2.1.4 Overgangsfase
    2. 2.2 Skildring av forventa arbeidsoppgåver
    3. 2.3 Organisering og ansvarsliner
      1. 2.3.1 Setje KKL (kommunens kriseleiing)
      2. 2.3.2 Medisinsk-fagleg rådgjeving
      3. 2.3.3 Delta i interkommunal koordineringsgruppe i Helse Bergen
      4. 2.3.4 Ekstraordinær tilføring av personale og økonomiske bevilling, fullmakter
    4. 2.4 Setje i verk informasjonsstrategi
    5. 2.5 Vedta lokale forskrift
  3. 3 ROS analyse for ein pandemi Austevoll kommune
  4. 4 Tiltak
    1. 4.1 Diagnose og behandling - legetenesta
    2. 4.2 Pleie- og omsorgstenester
    3. 4.3 Anna kommunal verksemd
      1. 4.3.1 Skulesektoren/barnehagar
      2. 4.3.2 Brann og redning
      3. 4.3.3 FDV (vaktmeistartenesta)
      4. 4.3.4 Servicekontor og kommunen sin administrasjon
    4. 4.4 Psykososial oppfølging
    5. 4.5 Samfunnskritiske funksjonar utanfor kommunal sektor
    6. 4.6 Massevaksinasjon
    7. 4.7 Smittevern
  5. 5 Vedlegg
    1. 5.1 Lovgrunnlag
    2. 5.2 Andre sentrale dokument
    3. 5.3 Diverse kommunale rutinar/planar utarbeidd under koronapandemien 2020
      1. 5.3.1 Flytskjema for innlegging i PO senter frå heim, ØHD eller sjukehus
      2. 5.3.2 Prosedyre ved covid-smitte i skule Austevoll kommune
      3. 5.3.3 Smittesporingsteam - prosedyre
      4. 5.3.4 Prosedyre ved covid-smitte i institusjon Austevoll kommune
      5. 5.3.5 Registreringsskjema for besøkande til helseinstitusjonar i Austevoll kommune
      6. 5.3.6 Rosanalyse smittevern, hygiene og smittevernplan
      7. 5.3.7 Trafikklysmodell for covid-tiltak i Austevoll
      8. 5.3.8 Smittevernplan trafikklysmodell-mal for avdeling
    4. 5.4 Godkjenning

5 Vedlegg

5.1 Lovgrunnlag

Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2010-06-25-45) pålegg kommunane ein generell beredskapsplikt. Lova pålegger også kommunane å utarbeide ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse). Ein influensapandemi vil vere ei hending som utgjer både ein trussel for befolkninga si helse og for samfunnstryggleiken og vil krevje en ROS-analyse.

Forskrift om kommunal beredskapsplikt (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2011-08-22-894) beskriver kva ei ROS-analyse må innehalde. Resultatet frå ROS-analysen skal følgjast opp i kommunen sin beredskapsplan. Beredskapsplanen skal vere ein operativ plan for kommunen si handtering av kriser.

Som eit minimum skal den innehalde:

  • plan for kommunen si kriseleiing
     
  • ressursoversikt
     
  • varslingslister
     
  • evakueringsplanar
     
  • plan for informasjon til befolkninga og media.

Samvirkeprinsippet blir poengtert i forskrifta ved at beredskapsplanen skal vere samordna med andre relevante offentlege og private krise- og beredskapsplanar. Forskrifta pålegg kommunane å ha ein ressursoversikt, som skal innehalde opplysningar om kva for ressursar kommunen sjølv har til rådvelde og kva for ressursar som er tilgjengelege hos andre aktørar ved uønskte hendingar. Kommunen bør på førehand inngå avtaler med relevante aktørar om bistand under kriser.

Helse- og omsorgstjenestelova (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-30) nemner også kravet til beredskapsplanlegging: Kommunen skal sørgje for at personar som opphelder seg i kommunen tilbyds naudsynte helse- og omsorgstenester, jf. helse- og omsorgstjenestelova § 3-1 første ledd.

  • Plikt til beredskapsplan for si helse og omsorgsteneste i samsvar med helseberedskapsloven. Skal samordnast med kommunen sine andre beredskapsplanar.

Lov om helsemessig og sosial beredskap (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2000-06-23-56) pålegg kommunane å ha planer som sikrar befolkninga nødvendige helse- og omsorgstenester i krig og krisesituasjonar. Kommunar, fylkeskommunar, regionale helseføretak og staten plikter å utarbeide ein beredskapsplan for de helse- og omsorgstenester eller sosialtenester dei er ansvarlege for. Kommunar skal også utarbeide beredskapsplan for sine oppgåver etter folkehelseloven. Beredskapsplanen skal og omfatte tenester som etter lov eller avtale blir produsert av private verksemder som ein del av de respektive tenester. Det skal også i naudsynt utstrekning utarbeidast delplanar for aktuelle institusjonar og tenesteområde.

Loven beskriver vidare kommunens moglegheiter til å pålegge tenesteplikt og beordre helsepersonell.

Smittevernlova (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1994-08-05-55) pålegg kommunen å sørgje for at alle som bor eller midlertidig oppheld seg i kommunen med omsyn til smittsam sjukdom er sikra naudsynte førebyggjande tiltak, undersøkingsmoglegheiter, behandling og pleie utanfor institusjon og pleie i sjukeheim eller annan kommunal helseinstitusjon.

Kommunelegen skal

  1. utarbeide forslag til plan for helse- og omsorgstenestene sitt arbeid med vern mot smittsame sjukdommar, irekna beredskapsplanar og -tiltak, og organisere og lede dette arbeidet
     
  2. ha løpande oversikt over dei infeksjonsepidemiologiske forholda i kommunen
     
  3. utarbeide forslag til førebyggande tiltak for kommunen
     
  4. hjelpe kommunen, helsepersonell og andre i kommunen som har oppgåver i arbeidet med vern mot smittsame sjukdommar
     
  5. gi informasjon, opplysningar og råd til befolkninga om vern mot smittsame sjukdommar
     
  6. utføre alle andre oppgåver som følger av loven eller føresegn i medhold av lova, og medverke til effektive tiltak for å forebygge smittsame sjukdommar og motvirke at de blir overført»

5.2 Andre sentrale dokument

Særavtale til Tenesteavtale 11 og 12 mellom Helse Bergen HF og Austevoll kommune om pandemi

https://saman.no/samarbeidsavtalar/seravtalar/seravtale-til-tenesteavtalane-11-og-12-ved-pandemisk-influensa

Nasjonal beredskapsplan pandemisk influensa (2014) (https://www.regjeringen.no/contentassets/c0e6b65e5edb4740bbdb89d67d4e9ad2/nasjonal_beredskapsplan_pandemisk_influensa_231014.pdf)

Pandemiplanlegging i kommune og foretak https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/pandemiplanlegging

Stortingsmelding 16: Beredskap mot pandemisk influensa (2012-2013) (https://www.regjeringen.no/contentassets/a7c7e93dbe8f44d2a8fe892768e429c5/no/pdfs/stm201220130016000dddpdfs.pdf)

Veileder til helhetlig risiko- og sårbarhetsanalyser i kommunen fra DSB: (2014) https://www.dsb.no/veiledere-handboker-og-informasjonsmateriell/veileder-til-helhetlig-risiko--og-sarbarhetsanalyse-i-kommunen/

Planveileder for massevaksinasjon mot pandemisk influensa i kommuner og helseforetak https://www.fhi.no/publ/2016/planveileder-for-massevaksinasjon-mot-pandemisk-influensa-i-kommuner-og-hel/

5.3 Diverse kommunale rutinar/planar utarbeidd under koronapandemien 2020

5.3.1 Flytskjema for innlegging i PO senter frå heim, ØHD eller sjukehus

 

5.3.2 Prosedyre ved covid-smitte i skule Austevoll kommune

1. Føremål

Prosedyren skal sikre at ein raskast mogleg får kontroll ved påvist Covid-19 på kommunal skule.  Dette for å redusere risiko mest mogleg for smittespreiing blant elevar, redusere risiko mest mogleg for at tilsette vert sett i karantene, og redusere risiko for vidare smittespreiing elles i samfunnet. Det gjelder både dersom elev får påvist smitte, eller dersom ein tilsett som har vore på jobb i smittsam periode får påvist smitte.

2. Bruksområde

Prosedyren gjeld for tilsette ved dei kommunale skulane i kommunen: Selbjørn skule, Storebø skule og Austevoll ungdomsskule.

3. Ansvar

Kommuneoverlege: Alle tiltak som gjeld oppfølging etter Smittevernlova

Eininigsleiar: Alle tiltak som gjeld arbeidsgjevar-ansvar


4. Framgngsmåte

Kommuneoverlege vert direkte informert om positive prøvesvar frå mikrobiologisk laboratorium. Kommunalsjef skule kontaktast og rektor på skulen. Elevar i aktuelle kohort skal isolerast på sine klasserom inntil avklaring . 

Ein må så snart som råd få på plass innsatsteam som skal jobbe vidare med handtering av situasjonen.  Den som først får meldinga om påvist prøve er ansvarleg for å kalle inn dei som er tilgjengelege.


Innsatsteam består av:

  • Einingsleiar/rektor  på den aktuelle skuleavdelinga.
  • Klasselærar eller anna lærar som har kjennskap til trinnet.
  • Helsesyster på skulen
  • Kommunalsjef Skule – informerer rådmann/KKL
  • Kommuneoverlege (Inger Uglenes tlf 97987500)

Prioriterte oppgåver:

Skule og barnehage: Prioritere oppgåver
Nr. Aktivitet Kommentar Ansvar
1 Elevane skal inn til vidare halde seg på sine klasserom.   Rektor
2 Ingen tilsette skal kome eller gå frå klassen  inntil vidare avklaring. Tilsette skal halde seg inn på sitt  klasserom unngå fellesareal. Tilsette skal nytte munnbind og hanskar Noverande stab må vere i klassen inn til vidare Rektor
3 Kartlegge elevkontakten og kven som skal settast i karantene Helsesjukepleiar kan ta intervju av smitta. Klasselærar har kunnskap om kohortane og timeplan Helsesyster/rektor
4 Vurdere kven som er sannsynlege nærkontaktar blant dei tilsette   Rektor
5 Informasjon til elevar og føresette må sendast ut før elevane vert sende heim.   Kommunalsjef/ kommuneoverlege
6 Kartlegge transportbehov for elevar som skal i karantene   Rektor
7 Omdisponere tilsette som ikkje er i karantene til ikkje-karantene elevane, evt trong for vikarr   Einingsleiar og kommunalsjef /HR kommune
8 Oppstart av digital undervisning   Klasselærar
9 Vurdere trong for ekstra vask av lokalar   Rektor og kommuneoverlege
10 Trong for miljøundersøkingar i forhold til smitte, f.eks teste fleire tilsette   Kommuneoverlege vurderer saman med kommunalsjef
11 Kontakt med og informasjon til foreldre, elevar og tilsette. Så tidleg som mogleg, og hyppige oppdateringar Rektor og kommunens informasjons- ansvarlege
12 Kontakt/informasjon ut til andre tilsette i eininga, tilstøytande einingar og støttepersonell. T.d reinhald, skuleskyss osv. Avklare kven som går inn under begrepet «nærkontakt» og som må settast i karantene. Lav terskel for testing. Mulighet for individuell rettleiing Kommuneoverlege Kommunalsjef
13 Kontakt med kommunal kriseleiing/Fylkesmannen/media. Etablere info-sentral for publikum? Kommunens informasjons- ansvarlege via KKL


Vidare arbeid blir koordinert via daglege møter i teamet. Arbeidet med dei ovennevnte punkt må skje parallelt og fortløpande. Teamet rapporterer til KKL .

4. Referansar

Smittesporingsteam - prosedyre Austevoll kommune

5.3.3 Smittesporingsteam - prosedyre

Kvifor utføre/føremål:

Prosedyra skal sikre at smitteoppsporingsarbeidet i kommunen vert utført etter eins mal, med omsyn til dei involverte sine rettar og plikter. Målet er rask oversikt og avgrensing av risiko for vidare spreiing i kvart einskild tilfelle.

Kort tid utføre:

Prosedyra gjeld for kommunen sitt smittesporingsteam.

Bakgrunn

Utstrakt testing av personer med symptom som kan gje mistanke om Covid-19, og rask oppfølging av bekrefta tilfeller (indekspasientar) med isolasjon og effektiv smitteoppsporing, er strategien for vidare kontroll over pandemien nasjonalt og lokalt. Smitteoppsporing har fleire funksjonar ved Covid-19;

  • Rask oversikt og kontroll over situasjonen i miljøet kring indekspasient
    • Identifisere nærkontaktar i antatt smitteførande periode
    • Umiddelbar informering og karantenering av alle moglege nærkontaktar
    • Identifisere mogleg smittekjelde
       
  • Sikre god informasjon, munnleg og skriftleg, til nærkontaktar
    • Ved behov sikre informasjon på nærkontakt sitt morsmål
       
  • Avklart plan for kva ein gjer ved symptom på Covid-19. Som hovudregel; kontakte fastlege

Lovgrunnlag

COVID-19 er definert som allmennfarleg smittsam sjukdom, og fell slik inn under dei reguleringane som vert sett for slike sjukdomar i Smittevernlova.

Smittevernlova §3.6 (legens plikt) og §5.1 (pasientens plikt) omhandlar bestemmingane kring smitteoppsporing ved allmennfarleg smittsam sjukdom.

Smittevernlova §2.2 regulerer forholda kring teieplikta ved allmennfarleg smittsam sjukdom. Som grunnregel gjeld; «Legen skal så langt råd er søke å oppnå samtykke fra en smittet person​ når det av hensyn til smittevernet er behov for å gi videre opplysninger underlagt taushetsplikt og det er overveiende sannsynlig at det er eller har vært fare for overføring av en allmennfarlig smittsom sykdom»

Det er ikkje lov å føre inn opplysningar om andre involverte personer i smittesporinga, i den einskilde pasient sin journal. Her skal berre omtalast det som gjeld pasienten sjølv.

Covid-19-forskrifta kapittel 1 og 2 omhandlar definisjon av nærkontakt og gjeldande reguleringar av karantene og isolasjon.

Ansvar

Ansvar for smittesporing ligg i utgongspunktet til legen som har rekvirert prøve, men i Covid-19 er det tilrådd at rekvirerande lege kontaktar SVL som tar over ansvar for smittesporinga. Dette for å sikre kvalitet i arbeidet.

Ansvar for oppfølging av helsa til sjuke pasientar ligg til helsetenesta, i første omgong fastlegetenesta og legevakta. Dette gjeld og for covid 19-sjuke pasientar.

Ansvar for tiltak i smittevernlova ligg hos  Kommunestyret. Kommunestyret delegerar ansvaret til Kommuneoverlegen, og  kan vidare delegere arbeidet til ein eller fleire Smittevernlegar  (SVL), der Kommuneoverlegen (KOL) kan sjølv vere SVL. Kommunen kan organisere vaktberedskap for SVL funksjonen. I dette dokumentet vidare nyttar ein omgrepet kommuneoverlege og smittevernlege synonymt.

 Kommunen kan opprette eit smittesporingsteam  (SST) med helsepersonell som kan hjelpe i dette arbeidet. Desse personane kan inngå i ein vaktplan eller beredskapsordning. Medlem i teamet som har sjølvstendig ansvar skal ha opplæring. Anna personell kan utføre delegerte oppgåve etter instruks. SVL har mynde til å  aktivere teamet etter behov, og nyttar det tal medlem som vert vurdert naudsynt og mogleg sett opp mot anna drift.

Verktøy

Smittesporingsteamet skal nytte verktøyet ReMin til smittesporingsarbeidet. Remin er eit web-basert program. Brukertilgong til Remin: «Dere gir oss personnummer på de som skal ha tilgang (enten per tlf til +47 973 28 634) eller via WhatsApp-melding til 41 43 44 64.)»

FHI  sin temaside om smittesporing gir detaljert informasjon om smittesporingsarbeidet vidare


Praktisk gjennomføring

Smittesporingsarbeid delast i retrospektiv smittesporing (kvar kan smitta ha kome frå?) og prospektiv smittesporing (finne ut kven som er smitta eller kan vere utsett for smitte). Vidare i dette dokumentet omtalast prospektiv smittesporing.

Trinn i smittesporingsprosessen
Trinn i smittesporings- prosessen ansvar Tidspunkt Sånn gjer vi i praksis
1) Varsling av vakthavande SVL KOL Ved positiv covid-19 i kommunen laboratoriet eller rekvirerende lege til det påviste covid-19 tilfellet (heretter kalla index) varsler KOL på telefon 97987500, som igjen varslar aktuell SVL.
2) første samtale med indekstilfelle, intervju:      (må kanskje delast opp litt) SVL Snarast, innan 1 time 1)kontakt index på telefon. Informer om positiv covid svar og at index er sett i isolasjon inntil vidare. Gå gjennom reglar for isolasjon.
2) Høyr om helsetilstand og ev. trong for helsehjelp. Kontakt fastlege/legevakt om naudsynt
3)Opprett index i Remin med personalia og gi tilgong.
4) smitte- og symptomanamnese, bestem kva tidspunkt ein skal smittespore nærkontaktar i frå, kor lenge minimum index skal vere i isolasjon
5) Informer om definisjon på nærkontakt og at dei skal i karantene. Få  kort munnleg oversikt over husstand/dei mest nærliggande nærkontaktane og eit lite bilete av kor omfattande prosessen med smittesporing vil vere. Kartlegg særleg om det er involvert helsepersonell, helseinstitusjonar, skular eller barnehager.
6) Høyr om vedkomande vil vere anonym eller om det er mogleg å opplyse namn der det er vesentleg for smittesporinga.
7) No kan index jobbe med å fylle ut nærkontaktar i Remin. Info om at index vert kontakta igjen om nokre timar for nærare kartlegging.
Innkalling av smittesporingsteam SVL Så snart som praktisk mogleg Vurdere kor mange personar som er naudsynt, avtal møtepunkt
Vurdere varsling av KKL/institusjonar SVL Viss institusjonar skular barnehagar eller større verksemd er råka Sjå eigne prosedyrar ved utbrot i institusjon, skule m.v. Varsle KOL som varslar rådmann og kommunalsjefar. KOL tar vidare stilling til trong for tiltak.
1. møte smittesporings- team SVL/ SST Når praktisk mogleg Info om tilfellet. Gå gjennom kjende opplysningar om nærkontaktar. Avtal arbeidsdeling. Sørg for at alle har tilgong i Remin. Avtal neste møte.
Kartlegging av nærkontaktar SST   Eventuelt nye intervju med index, gå gjennom liste registrert i Remin og anna kjend info. Bestem kven som er nærkontaktar og til kva dato karantene gjeld. Ha eventuelt kontakt med andre kommunar ved behov, avtale kven som har ansvar for oppfølging av nærkontaktane i andre kommunar.
Kontakte nærkontaktar SST Innan 24 timar Informer om karantenereglar, kartlegg om har symptom. Registrer i Remin. Skriv kort notat i infodoc at er «karantene grunna nærkontakt til Covid-positiv person til dato dd, xx symptomar». Sett ev. opp til testing ved indikasjon.
Oppfølging av index SVL Innan 24 timar Journalføre i infodoc opplysningar om smitte, symptomar, helsetilstand. Varsle fastlege (internt ved «gul lapp» eller send epikrise. Fastlege har ansvar for vidare helseoppfølging og friskmeldingstidspunkt. Skriv MSIS melding elektronisk. Varsle heimkommunen viss ikkje bur i Austevoll.
Møte i SST SVT Når naturleg Gå gjennom opplysningar som er komen fram. Trong for fleire tiltak? Mistanke om fleire smitta/utbrot? Oppdater ReMin. Ev. vidare kontakt med nærkontaktar eller index eller smittemyndigheit i annan kommune. Fortsett til alle nærkontaktar er informert og status i ReMin er smittesporing ferdig. Evaluere arbeidet
Informere KOL kommunikasjons- ansvarleg SVT Når smitte- sporings- arbeidet er ferdig Kor mange i isolasjon og karantene, til dato? Særlege problem, forhold som kom fram i evalueringa som bør sjåast på til neste gong?

 

Smittesporingsteam

Det er i Austevoll kommune oppretta team med slik opplæring og funksjon. KOL aktiverer teamet etter behov, og nyttar det tal medlem som vert vurdert naudsynt og mogleg sett opp mot anna drift. Teamet har felles gjennomgang av sentrale reglar ved oppstart av konkret smittesporingsak, og jamnlege samarbeidsmøter under pågåande sak. 

Korleis utføre:

Smitteoppsporing tar utgangspunkt i to forhold:

  1. Retrospektiv sporing - mogleg smittekjelde? Vil ofte vere vanskeleg å avklare. Om ingen openbar mistanke, så er ei oversikt over kva kontaktar personen har hatt siste 1-2 veker før sjukdomsdebut eit utgangspunkt for ei grovare vurdering
  1. Har personen opphalde seg i eit avgrensa miljø, kan det vere aktuelt å ta kontakt med desse for nærare utspørjing
  2. Har personen hatt ei stor kontaktflate i tidsrommet, vil det vere lite formålstenleg å gå vidare i detaljert oppsporing
  1. Prospektiv sporing - mogleg vidareføring av smitte? Grundig kartlegging av kven personen har vore i nærkontakt med, frå og med 48 timar før symptomstart og fram til gjeldande tidspunkt. Ei praktisk tilnærming her er at indekspasienten sjølv umiddelbart vert sett i isolasjon og husstandsmedlem i karantene, etter gjeldande regelverk. Ein forklarer grundig indekspasient kva ein meiner med «nærkontakt», og ber personen lage ei liste over
  1. namngjevne personer (om mogleg med kontaktinformasjon) med mogleg nærkontakt, og
  2. identfiserbare situasjonar der nærkontakt kan ha oppstått (eks arrangement ein har delteke på), om mogleg med kontaktinformasjon til ansvarleg for arrangementet

Det må umiddelbart bli avklart om det er moglege nærkontaktar som arbeider innan helse med pasientkontakt. Desse må varslast raskast råd om å gå i karantene inntil vidare. Utover dette skal KOL eller medlem i smittesporingsteamet gjennomgå og evt supplere lista som indekspasient har sett opp saman med indekspasient, ved å «snakke» personen gjennom det tidsrommet smittesporinga gjeld med tanke på å kvalitetssikre informasjonen best mogleg.

Oppfølging av nærkontaktar vert gjort ved KOL, eller ved personell i smittesporingsteamet. Naudsynte tiltak ovanfor nærkontaktar;

  1. Informasjon om at ein er oppgitt som nærkontakt og kva dette inneber, munnleg og skriftleg (sende aktuelle lenke frå FHI til pasient på mail eller sms) Definere om dei er husttandsmedlem eller «annen nærkontakt» https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/definisjoner-av-mistenkte-og-bekreftede-tilfeller-med-koronavirus-coronavir/?term=&h=1
     
  2. Oppfølging i 10 dagar frå kontakt:
  1. Karanteneplikt for nærkontakt som er husstandsmedlem eller tilsvarande. Følg opp med telefonkontakt dag 3 og 7
  2. testing etter regelverket  for det som er annen nærkontakt FHI: Informasjon til deg som er annan nærkontakt følg opp med telefonsamtale dag 3 og 7 for å sikre at dei tar test
  3. Ved symptom på luftvegsinfeksjon, skal nærkontakten oppføre seg tilsvarande krav ved isolering, og det skal takast prøve mtp Covid-19
  4. Dersom bekrefta eller sannsynleg tilfelle slår karanteneplikta inn for eigen husstand, og ein har ein ny indekspasient som det må utførast smittesporing frå

Korleis dokumentere:

  1. Føre oversiktleg liste (per no i Excel-format) over alle moglege nærkontaktar som er oppgitt til ein gitt indexpasient. Lista skal minimum innehalde føljande;
    1. Namn og fødselsnummer
    2. Kontaktinformasjon (mailadresse og telefon)
    3. Status (nærkontakt, ikkje nærkontakt, mogleg nærkontakt)
    4. Symptom på Covid-19 (ja/nei)
      1. Om JA; Avtalt og gjennomført prøvetaking? Resultat?
    5. Tiltak (ingen, karantene, isolering)
    6. Markering av nærkontakter som har utløyst eigen smittesporing (dvs bekrefta eller sannsynlege tilfelle)
    7. Lista skal ikkje inn i indeks-pasient sin journal, og skal destruerast når saka er avslutta.
    8. Lagrast i kommunelegens  arkivsystem  fram til destruksjon
  1. Det skal heilt kort noterast i journalsystemet til legetenesta  (av utførande smittesporar) at ein person er pålagt karantene grunna nærkontakt med bekrefta Covid-19 til og med dato xx.yy, og at naudsynt informasjon om plikter ved karantene er gitt skriftleg og munnleg. Epikrise sendast fastlege (via gul lapp internt). Dersom ein person er bekrefta eller sannsynleg smitta, skal KOL etter nærare samtale med pasient skrive eit meir omfattande notat i denne personen sin journal, med der til høyrande ny smittesporing.
  1. Er nærkontakt busett i annan kommune, skal KOL i gjeldande kommune informerast og har ansvaret for vidare oppfølging av desse. Det skal berre informerast om dei personane som er utsett for nærkontakt, ikkje andre detaljar om smittesaka. KOL skal da informere nærkontakt om korleis dei går fram med testing dag 3 og 7 samt vurdere om nærkontakt har trong for tettare oppfølgjing, t.d av heimetenesta.
    Tilsvarande skal smittevernsansvarleg personell i helseføretak informerast om det er naudsynt med vidare smittesporingsarbeide internt i helseføretaket.
  1. Det kan vere aktuelt med elektroniske verktøy for smittesporing når desse vert utvikla

Godkjent oktober 2020. Neste revisjon april 2021.

5.3.4 Prosedyre ved covid-smitte i institusjon Austevoll kommune

1. Føremål

Prosedyren skal sikre at ein raskast mogleg får kontroll ved påvist Covid-19 på kommunal helseinstitusjon. Dette for å redusere risiko mest mogleg for den einskilde bebuar for alvorleg sjukdom og død, redusere risiko mest mogleg for at tilsette vert sett i karantene, og redusere risiko for vidare smittespreiing. Det gjelder både dersom bruker/pasient får påvist smitte eller sterk mistanke om smitte, eller dersom en helsearbeider får påvist/ sterk mistanke om smitte.

2. Bruksområde

Prosedyren gjeld for tilsette ved omsorgsinstitusjonane i kommunen: Austevoll Pleie- og omsorgssenter, Soltun, Bjørketun,  og ved Eidsbøen Bufellesskap de boligene som er i tilknytning til fellesarealet og andre som vandrer og er vanskelige å isolere i egen leilighet.

3. Ansvar

Kommuneoverlege: Alle tiltak som gjeld oppfølging etter Smittevernlova

Eininigsleiar: Alle tiltak som gjeld arbeidsgjevaransvar

4. Framgangsmåte

Kommuneoverlege vert direkte informert om positive prøvesvar frå mikrobiologisk laboratorium. Avdelinga kontaktast og alle bebuarar skal isolerast på sine rom.  Dører må merkast med smitte.  Ein må nytte smittevernutstyr som for dråpesmitte i kontakt med alle bebuarar på avdelinga inntil smittestatus på avdelinga er avklart.

Ein må så snart som råd få på plass innsatsteam som skal jobbe vidare med handtering av situasjonen.  Den som først får meldinga om påvist prøve er ansvarleg for å kalle inn dei som er tilgjengelege.
 

Innsatsteam består av:

1) Einingsleiar og teamleiar  på den aktuelle avdelinga. 

2) Tilsynslege eller anna lokal lege som har kjennskap til avdeling/lokalitet.

3) Helseservicekontor

4) Kommunalsjef helse – informerer rådmann/KKL

5) Kommuneoverlege (Inger Uglenes tlf 97987500)


Prioriterte oppgåver

 

Vidare arbeid blir koordinert via daglege møter i teamet. Arbeidet med dei ovennevnte punkt må skje parallelt og fortløpande. Teamet rapporterer til KKL

5 Referansar


Godkjent juni 2020. Neste revisjon september 2020

5.3.5 Registreringsskjema for besøkande til helseinstitusjonar i Austevoll kommune

Vi set pris på at du vil kome på besøk. Av omsyn til tryggleiken for bebuarane så må besøkande vere friske utan risiko for covid smitte. Vi er også pålagde å føre oversikt over alle besøkande i tilfelle trong for smitteoppsporing. Vi bed deg derfor fylle ut dette skjemaet. Opplysningane vert behandla konfidensielt

 

Ditt namn:______________________________             Telefon: _____________

 

Dato for besøk: ______________________             Klokken frå-til ____________

 

Namn på den du besøkjar: _____________________     Avdeling: ___________

Registreringsskjema besøk helseinstitusjonar
SPØRSMÅL JA NEI
Har du fått påvist covid 19 eller venter du på prøvesvar av test?    
Har du vore i nærkontakt med person med covid.19 siste 10 dagar?    
Har du vore i utlandet siste 10 dagar?    
Har du hatt eit eller fleire av desse symptoma nyoppstått siste 10 dagar:    
Feber    
Hoste    
Tungpust    
Hovudpine med sjukdomskjensle og slappheit    
Nedsett luktesans eller smakssans    
Muskelverk    
Sår hals    
Rennande eller tett nese eller forkjøling    
Smerter i øvre del av magen, kvalme, oppkast eller diaré    

5.3.6 Rosanalyse smittevern, hygiene og smittevernplan

ROSanalyse smittevern, hygiene og smittervernplan
Hending Konsekvens Tiltak
     
Smittefarleg tilsett på jobb Smitte andre tilsette Nokre på heimekontor
    Dele inn i arbeidslag som jobbar saman
    Unngå å vere på jobb viss du er sjuk
    Nytte møter i teams og telefon
    Hald deg på ditt eiget kontor
     
Smittestoff i det fysiske miljø møblar bilratt pc mobil lysbrytar dørhandtak kaffekanne mm smitte Hyppig handvask eller antibac
    Rutine rengjør desse før kvart bruk pc mobil bilratt mm
    Rutine dagleg vaske desse (med 10% klorin) før du går heim
    Er reinhald tilfredsstillande?
    Unngå felles kaffekanne snopskål
     
Smittestoff på klede uniform smitte Nytte arbeidstøy
    Rutine for vask av arbeidstøy
    Tøy som kan vere forureina haldast avskild frå anna tøy (eigen garderobe? )
    Nytte eingongs/smittefrakk
     
     
Brukarar/ kundar/ elevar/ håndtverkarar mm kan vere smitteberar Smitte- overføring til personale Vurdere kor sannsynleg er dette: kor tett på? Kor lenge?
    Info at dei må ringe på førehand viss dei har symptom eller er i karantene
  Bil er særleg risiko for tett på Unngå bilturar
    Nytte andre kontaktmåtar video/elektronisk/telefonkontakt
    Eventuelt verneutstyr ved stor fare for smitte
    Logg kven har vore her (for smittesporing)
    begrense tilgong for publikum

 

SMITTEVERNPLAN FOR ________________________ AVDELING

Våre største utfordringar:

1)

2)

3)

Vi løysar det slik:

Tiltak                                                                                   Ansvarleg:                                                                         når?:

 

Vi treng fylgjande ekstra utstyr/tenester/opplæring

Tiltak                                                                                   ansvarleg for gjennomføring                                    når?

 

Skjema: Rosanalyse smittevern, hygiene og smittevernplan (PDF, 91 kB) for nedlasting.

5.3.7 Trafikklysmodell for covid-tiltak i Austevoll

     

5.3.8 Smittevernplan trafikklysmodell-mal for avdeling

  

For nedlasting: Smittevernplan trafikklysmodell - mal for avdeling (PDF, 72 kB)

5.4 Godkjenning

Helsedirektoratet viser til søknad av 4.6.2020 fra Austevoll kommune v/kommuneoverlege
om godkjenning av sykehjem for gjennomføring av tvungen isolering etter
smittevernloven §§ 5-2 og 5-3, jf. § 5-4 tredje ledd.

Konklusjon frå Helsedirektoratet:
"I medhold av smittevernloven § 5-4 tredje ledd godkjennes Austevoll pleie- og omsorgssenter i
Austevoll kommune for gjennomføring av isolasjon etter smittevernloven §§ 5-2 og 5-3.
Godkjenningen gjelder tom. 31.12.2020, med mulighet for forlengelse."

Her kan du laste ned heile godkjenningsdokumentet. (PDF, 504 kB) Godkjenninga gjeld frå 19.06.2020 til og med 31.12.2020 med høve til forlenging.