Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1 per 18. februar

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Overgangsfase

Samarbeidsavtale med helseforetaket om pandemisk influensa

5 Overgangsfase

Etter toppen av en pandemisk bølge, ved minske global risiko, vil ein kunne redusere tiltak og bevege seg mot gjenoppbyggingsfasen. I denne fasen kan det kome nye pandemibølger.

5.1 Normalisering

Ei gradvis nedtrapping av tiltak skal skje i samarbeid mellom partane og uventa problem skal bringast inn for koordineringsgruppa.

5.2 Evaluering

Koordineringsgruppa skal starte arbeidet med en evaluering av handtering av influensapandemien. Det skal utarbeidast ein rapport som skal vurdere innsatsen under influensapandemien og identifisere forbetringspunkt. 

Rapporten skal leggjast føre samarbeidsutvala og beredskapsleiinga/kriseleiinga hos avtalepartane. Rapporten kan danne grunnlag for revisjon av denne avtalen og avtalepartane sine planar. Rapporten bør leggjast føre innan seks månadar etter at nasjonale helsemyndigheiter har erklært at influensapandemien er over.