Austevoll kommune

Smittevern i barnehagar og skular

1 Informasjonsplikt til kommuneoverlegen for styrarar og rektorar


Alle barn og elevar skal vere trygge i barnehagar og skular. Styrar/rektor må på eige initiativ gje melding til kommuneoverlegen dersom det er tilhøve som kan ha negativ verknad på barna/elevane si helse.

Det er fire kategoriar for når styrar/rektor plikter å gje melding til kommuneoverlegen:

  1. Når det er alvorlege eller langvarige utbrot av smittsame sjukdommar.
  2. Når det har skjedd alvorlege skader, hendingar eller nesten-ulykker med barn/elevar.
  3. Når ikkje-akutte tilhøve som kan påverke barna/elevane si helse negativt ikkje blir retta opp innan rimeleg tid.
  4. Når det er tilhøve rundt barnehagen/skulen som kan ha negativ innverknad på barna/elevane si helse.

1.1 Smittsame sjukdommar

  • Dersom barn/elev eller tilsett får ein alvorleg infeksjonssjukdom. Dette kan til dømes vere smittsam hjernehinnebetennelse eller blødingsdiaré. 
  • Dersom barn/elev eller tilsett får ein infeksjonssjukdom som kan råke sårbare personar i eller rundt barnehagen/skulen (til dømes uvaksinerte barn, familiemedlemmar med nedsett immunforsvar). Døme er kikhoste, meslingar og raude hundar. 
  • Dersom barnehagen/skulen får eit større utbrot og ikkje klarer å avgrense det ved eigne tiltak. Dette kan til dømes være omgangssjuke, andre mageinfeksjonar, augebetennelse eller parasittar.

1.2 Alvorlege hendingar

  • Ulykker eller hendingar som førte til alvorleg eller varig skade på barn/elev. Døme er komplisert/uvanleg brot, hovud- eller kvelingsskade som førte til tap av medviten, kutt-/brann-/bittskade som trong legetilsyn. 
  • Nesten-ulykke eller hending som kunne ha ført til varig skade. Døme er nesten-drukning, leik på utrygt islagt vatn, at barn har lekt med kjemikalie, nesten-trafikkulykke.
  • Når barn har blitt utsett for ei traumatisk hending. Døme er alvorleg mobbeepisode. 

1.3 Vanlege/hendelege tilfelle – ikkje informasjonsplikt

Plikten til å varsle har to føremål: 
  1. Kommuneoverlegen skal kunne undersøke at det ikkje er risiko for tryggleiken til andre barn/elevar.
  2. Kommuneoverlegen skal kunne overføre erfaringar etter spesielle hendingar til andre barnehagar og skuler.
Det er derfor ikkje varslingsplikt for vanlege/hendelege tilfelle, til dømes armbrot etter fall på flatmark eller beinbrot etter hopp frå låg høgde. Vi ønskjer likevel låg terskel for å melde frå, så kommuneoverlegen kan vurdere om saka skal følgjast opp. 

1.4 Ikkje-akutte tilhøve som ikkje vert retta opp innan rimeleg tid

Døme på når kommunelegen skal varslast:
  • Fuktskadar som ikkje vert retta raskt nok, eller det er tvil om fuktskadar er utbetra godt nok. 
  • Dårleg inneklima (til dømes dårleg luftskifte, tung luft, lukt, høg/låg temperatur).
  • Behov for vedlikehald som utgjer tryggleiksrisiko. 
  • Behov for vedlikehald som gjer at det ikkje er mogleg å halde reint.
  • Vedvarande dårleg reinhald.
  • Utfordringar i barna/elevane sitt psykososiale miljø. 
  • Oppussingsarbeid i barnehagen/skulen som gir støy, støv eller tryggleiksrisiko. 
  • Trengsel, at ikkje alle barn/elevar har tilgang på stort nok areal. Gjeld både inne og ute. 

1.5 Tilhøve rundt barnehagen/skulen som kan ha negativ innverknad på barna/elevane si helse

Døme på når kommunelegen skal varslast:
  • Byggeprosjekt nær barnehagen/skolen som gir støy, støv eller tryggleiksrisiko. 
  • Dårlege tilkomstvegar, parkeringsplassar, køyremønster eller belysning som gjev auka risiko for at barna/elevane vert påkøyrd. 
  • Andre farar for ulykker nær barnehagen/skolen, til dømes rasfare, trær som kan velte, industriområde som ikkje er tilstrekkeleg sikra.  
  • Forureining av lufta nær barnehagen/skulen.

1.6 Korleis melde frå

Meld frå til kommuneoverlege Inger Uglenes på e-post: smittevern@austevoll.kommune.no eller telefonnummer 55 08 10 67/ 97 98 75 00 dersom det er noko som hastar. Send samtidig kopi av e-post til Miljøretta helsevern i Bergen kommune, som gjer sakshandsaming på vegne av kommuneoverlegen, til: mhv@bergen.kommune.no. Dersom det hastar kan du nå Miljøretta helsevern på telefonnummer 55 56 52 00 (sentralbord, de vil verte sett over til ein ledig sakshandsamar). Ikkje send opplysningar underlagde teieplikt per e-post.

Dersom de har spørsmål om eit tilhøve fell inn under informasjonsplikta, kan de ta kontakt med Miljøretta helsevern. 

1.7 Kven gjeld informasjonsplikta for

Plikten til å gje melding gjeld for barnehagar, dagmammaverksemder, grunnskular, vidaregåande skular, og vaksenopplæring som tilbyr vidaregåande utdanning. Alle med plikt til å gje melding til kommuneoverlegen må ha dette skrive ned i sine rutinar. 

1.8 Kvifor informasjonsplikt

Du har plikt til å gje informasjon til kommunelegen, jf. forskr om miljørettet helsevern i skoler mv § 5.

Les meir i Helsedirektoratet sine rettleiarar til forskrifta: