Austevoll kommune

Smittevern i barnehagar og skular

2 Vaksinasjon av tilsette i barnehage og skule

Leiar av verksemd pliktar å gjere ein vurdering av smitterisiko knytt til sine tilsette, og treffe tiltak som er naudsynt for å unngå dette. Dette gjeld både å førebygge smitterisiko som den einskilde tilsette kan bli utsett for i jobben sin, og å førebyggja at tilsette med sjukdom smittar andre og særleg sårbare grupper. For meir informasjon om dette, sjå kapittelet om yrkesvaksinasjon.

Sjå: FHI sin Vaksinerettleiar – yrkesvaksinasjon  (Barnehagetilsette høyrar med i kategorien «barneomsorg» i vaksinerettleiaren om yrkesvaksinasjon).

Det har vore meslingutbrot i mange europeiske land. Tal frå ECDC synar at det siste året er registrert 22 dødsfall forårsaka av meslingar i Europa og over 4000 laboratoriebekrefta tilfelle, sannsynleg er talet smitta mange gongar dette.

Sjå: European Centre for Disease Prevention and Control - Measles 

Land som no er særleg råka av meslingar er:

  • Belgia
  • Bosnia-Hercegovina
  • Frankrike
  • Georgia
  • Tyskland
  • Italia
  • Romania
  • Russland
  • Serbia
  • Ukraina

Låg vaksinasjonsdekning er hovudårsaka til at desse landa er særleg ramma.

Kommuneoverlegen ønsker at barnehagepersonell har fokus på sitt ansvar for å hindra smitte av meslingar. Dette fordi born i Noreg får MMR-vaksine (mot meslingar, raude hundar og kusma) når dei er 15 månader gamal, mens dei gjerne har byrja i barnehagen lenge før dette. Det er altså ein stor del av borna i barnehagen som ennå ikkje har fått vaksine mot meslingar. Meslingar er særdeles smittsame og smittar før ein har synleg teikn på sjukdom. Så det er nesten ikkje til å unngå at ein smittar andre om ein sjølv vert smitta. Mange reiser på ferie eller reiser til heimlandet sitt, og kan ta med smitta tilbake til barnehagen.

Kommuneoverlegen vil derfor be barnehagestyraren om å ta opp med alle tilsette kor viktig det er at dei er vaksinert mot meslingar. Særleg at dei som er frå utlandet (inkludert Aust-Europa) og dei som er fødd mellom 1960 og 1970 må ei vere obs på.

Personar fødd før 1960 har heilt sikkert hatt meslingar då dei var små og treng ikkje vaksine. Personar fødd etter 1970 i Noreg er som regel vaksinerte, det kan dei sjekke på: https://helsenorge.no/vaksiner/mine-vaksiner. Dei som likevel ikkje er vaksinert eller som er usikre på om dei er vaksinert bør ta ein ny dose med vaksine. Det er ikkje farleg å ta ein ekstra dose med MMR-vaksine for dei har tatt vaksine før eller har hatt meslingar. Det er nok å ta ein dose.

Austevoll legesenter vil tilby gratis vaksinering til barnehagepersonell som treng MMR-vaksine.

Tilsette kan tinga time til dette hos vaksinesjukepleiarar på telefon: 55 08 10 50, eller ved å kontakte Austevoll legesenter via e-kontakt: https://helsenorge.no/kontakt-fastlegen.

Dersom du har (generelle) spørsmål om dette er du hjarteleg velkommen å sende e-post til: smittvern@austevoll.kommune.no (ikkje opplysningar med teieplikt).

Utover meslingvaksina så vil kommuneoverlegen tilrå at barnehagestyrar har fokus på desse sjukdommane når det gjeld smitte og vaksine:

  • Tuberkulose
  • Hepatitt B
  • Vasskoppar
  • Kikhoste, difteri, stivkrampe og polio

2.1 Tuberkulose

Barnehagetilsette som har oppheldt seg 3 månadar eller meir i land med høg førekomst av tuberkulose skal ta ny undersøking for tuberkulose før dei får jobbe. Ver obs på at dette gjeld dei fleste aust-europeiske landa, og land i Afrika og Asia. Dersom du har tilsette som reiser til heimlandet sitt i lengre periodar krev at dei tar ny tuberkuloseundersøking (heimla i smittevernlova).

Sjå: FHI sin tuberkuloserettleiar – grupper med plikt til tuberkuloseundersøking

2.2 Hepatitt B

Dersom tilsette i barnehagen skal utføre prosedyrar som kan medføre blodsøk (stikking for diabetessprøye m.m.) av born som er kjent hepatitt B positiv, har arbeidsgjevar plikt til å vurdere smitteverntiltak inkludert vaksinering (heimla i arbeidsmiljølova).

2.3 Vasskoppar

Tilsette som ikkje har hatt vasskoppar som barn kan bli alvorleg sjuke om dei vert smitta som vaksne. Dersom ein tilsett er usikker på om dei har hatt vasskoppar bør han/ho oppsøkje fastlegen for å få målt antistoffnivå. Viss den er låg bør arbeidsgjevar vurdera å dekke kostnad til vaksine, ut frå ei risikovurdering (heimla i arbeidsmiljølova).

2.4 Kikhoste, difteri, stivkrampe og polio

Alle vaksne er tilrådd å ta vaksine mot kikhoste, difteri, stivkrampe og polio kvart tiande år, dette er særleg viktig for barnehagepersonell. Arbeidsgjevar har ikkje plikt til å betale for dette.

2.5 Influensavaksine

Arbeidsgjevar kan vurdera om han skal tilby dei tilsette vaksine mot influensa, for å unngå stort sjukefråvær som kan true drifta i influensasesongen. Vaksine må kjøpast inn frå apotek, dei høyrer ikkje med til dei som skal ha dei kommunale vaksinane.

Elles så er det alltid på sin plass å minna om kor viktig det er med god handhygiene.

Har de smittevernspørsmål? Ta gjerne kontakt på smittevern@austevoll.kommune.no