Austevoll kommune

Varslingsplan ved infeksjonssjukdom – Austevoll kommune

1 Føremål

Varslingsplanen skal nyttast av tilsette i helsetenesta i Austevoll kommune. Planen skal sikre korrekt og hurtig varsling av smittsame sjukdomar som kan vere til fare for befolkninga. Målet er å kome tidleg i gong med tiltak for å stanse og avgrensa smitten slik at færrast mogleg vert råka. 

Med varsling meinast ein beskjed som er formidla med ein gang på ein slik måte at varslaren kan visse seg om at mottakaren har motteke varselet. Eit varsel gis vanlegvis per telefon. Det er to typar varslinga som kan vere aktuell ved påvising eller mistanke om smittsame sjukdomar eller andre smittevernsituasjonar.
  • varsling etter MSIS-forskrifta
     
  • varsling etter internasjonalt helsereglement (IHR-forskrifta)