Austevoll kommune

Varslingsplan ved infeksjonssjukdom – Austevoll kommune

3 Varsling etter internasjonalt helsereglement (IHR)

Forskrift om varsling av og tiltak ved alvorlege hendingar av betyding for internasjonal folkehelse (IHR-forskrifta) trådde i kraft i januar 2008. Denne forskrifta har til formål å førebygge og motverke internasjonal spreiing av smittsam sjukdom og sikre ein internasjonalt koordinert oppfølging.

3.1 Helsepersonell si varslingsplikt

Lege, sjukepleier, jordmor eller helsesjukepleiar som mistenker eller påviser et tilfelle av smittsam sjukdom som kan ha betyding for internasjonal folkehelse, og som ikkje allereie er varsla etter varslingsføresegna i MSIS-forskrifta, skal utan hinder av lovbestemt teieplikt med ein gang varsle kommuneoverlegen. Dersom det ikkje er mogleg å få varsla kommuneoverlegen, skal Folkehelse-instituttet varslast direkte. Kommuneoverlegen skal varsle Folkehelseinstituttet. Folkehelseinstituttet varslast ved å ringe den døgnopne Smittevernvakta, tlf. 21 07 63 48. Helsepersonell og kommuneoverlegen skal ikkje sjølv vurdere om den aktuelle hendinga er varslingspliktig til Verdas helseorganisasjon. Det vurderast av Folkehelseinstituttet. 

På Svalbard og Jan Mayen har alt helsepersonell og andre myndigheiter plikt til å varsle Sysselmannen etter IHR-forskrifta. Sysselmannen varslar vidare til Folkehelseinstituttet.

3.2 Varslingsplikt for andre

Tilsette ved politiet, tollvesenet og havnevesen, på flyplassar, i Mattilsynet, Forsvaret og Kystvakta, Kystverket, Fiskeridirektoratet og Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap skal utan hinder av lovbestemt teieplikt underrette kommunelegen som når de har en sterk mistanke om en allmennfarleg smittsam sjukdom eller oppdagar et tilfelle av en slik sjukdom. Det same gjelder når de blir oppmerksam på forhold som kan medføre en nærliggande fare for overføring av slik sjukdom og det openbart er nødvendig med hjelp eller tiltak frå helse- og omsorgstenesta. Viss kommunelegen ikkje er til stede skal tilsette underrette Folkehelseinstituttet. 
Fører av skip eller luftfartøy skal snarast mogleg og seinast ved innkomst til første innkomstpunkt i Norge gje varsel om helsetilstanden om bord, dersom eitt av fylgjande vilkår er oppfylt:
  • føraren har grunn til å anta at smittestoff som kan utgjer ein alvorleg hending av betyding for internasjonal folkehelse, finnes om bord
     
  • fartøyet kommer frå en hamn eller lufthamn i et område som er erklært rammet av en smittsam sjukdom av betyding for internasjonal folkehelse, og innkomsten skjer i inkubasjonstida
     
  • det finnes en person om bord som har oppheldt seg i et område som er erklært rammet av en smittsam sjukdom av betyding for internasjonal folkehelse på et slikt tidspunkt at inkubasjonstida ikkje er over ved fartøyets innkomst til Norge.
Varselet skal gis til kontrollsentralen eller tollvesenet, som deretter varslar kommunelegen eller Folkehelseinstituttet.

3.3 Oppfølging av varsling etter IHR-forskrifta

Folkehelseinstituttet skal vurdere hendingar som oppstår på norsk territorium innan 48 timer etter at instituttet er blitt kjent med hendinga gjennom mottak av varsel eller på annan måte. Folkehelseinstituttet skal så raskt som mogleg og seinast innan 24 timer etter vurderinga varsle Verdens helseorganisasjon om alle hendingar, samt om eitkvart tiltak som settast i verk som en respons på disse hendelsene. Folkehelseinstituttet skal informere Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet og andre relevante myndigheiter om varslinga.