Austevoll kommune

Varslingsplan ved infeksjonssjukdom – Austevoll kommune

2 Varsling etter MSIS-forskrifta

Då forskrift om Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS-forskrifta) trådde i kraft 1. juli 2003 blei det i tillegg til meldingsplikt innført varslingsplikt for einskildtilfelle av visse sjukdomar og for visse typar smittevernsituasjonar. Helse- og omsorgsdepartementet bestemmer kva for sjukdomar som skal være varslingspliktige. Disse er lista opp i vedlegg til MSIS-forskrifta. Varsling bidrar til at:
  • einskildtilfelle eller utbrot raskt kan sjåast i samanheng slik at større utbrot oppdagast tidleg og smitteverntiltak kan setjast i verk
     
  • varslaren får bistand til handtering av situasjonen, om nødvendig på staden
     
  • myndigheiter som har ansvar for handteringa, blir brakt inn i saken
     
  • omfanget av utbrot i landet kartleggast, slik at nasjonale myndigheiter får informasjon som er retningsgivande for prioriteringar innan smittevernet
     
  • utanlandske myndigheiter blir orientert gjennom Norges deltaking i internasjonale varslingssystem.
De ulike smittevernsituasjonar som omfattast av forskrifta er: 

2.1 Varsling av einskildsjukdomar

Ein lege, sjukepleiar, jordmor eller tannlege som mistenker eller påviser et tilfelle av enkelte, utpekte smittsame sjukdomar i gruppe A, skal med ein gang varsle kommuneoverlegen. For kva for sjukdomar som er varslingspliktig sjå: 

Dersom kommuneoverlegen ikkje kan varslast, skal Folkehelseinstituttet varslast med ein gang. Kommuneoverlegen skal varsle og Folkehelseinstituttet. Folkehelseinstituttet varslast ved å ringe den døgnopne Smittevernvakta, tlf. 21076348. Etter at slik varsling er gjort, skal legen sende MSIS-melding på vanleg måte. Folkehelseinstituttet skal varsle vidare til Helsedirektoratet. Når helsepersonell gir et varsel som identifiserer en person, skal det gis informasjon til den opplysningane angår, om kven som er mottakar og kva opplysningane skal brukast til.

2.2 Varsling om utbrot av smittsam sjukdom utanfor helseinstitusjon

Leger som mistenker eller påviser et utbrot utanfor helseinstitusjon av smittsame sjukdomar skal varsle kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen skal varsle Folkehelseinstituttet. I tillegg skal kommuneoverlegen varsle det lokale Mattilsynet ved mistenkt eller påvist smittsam sjukdom overført med næringsmiddel eller som kan skyldast smitte frå dyr.

Mattilsynet skal straks underrette kommunelegen og Folkehelseinstituttet ved mistanke om eller tilfelle av smittsame dyresjukdommar som kan utgjere ei fare for menneske eller ved mistanke om smittsam sjukdom som formidlast til menneske via næringsmiddel, jamfør smittevernlova § 4-10. Det er følgjeleg gjensidig varslingsplikt mellom kommunelegen og Mattilsynet.

For å sikre effektiv varsling, informasjonsflyt og samarbeid mellom Mattilsynets lokale avdeling og kommuneoverlegen har Mattilsynet og Folkehelseinstituttet utarbeidast retningslinjer for samarbeidet. Retningslinjer finnes i den nettbaserte Utbrotsrettleiaren. 

2.3 Varsling om utbrot i helseinstitusjon av smittsam sjukdom

Mistenkte eller påviste utbrot av smittsame sjukdomar i sjukehus eller anna institusjon som er omfatta av Lov om spesialisthelseteneste m.m. § 1-2, skal omgåande varslast til kommunelegen og til Folkehelseinstituttet med kopi til det regionale helseføretakets kompetansesenter for smittevern i helsetenesta. Mistenkte eller påviste utbrot av smittsame sjukdomar i kommunal helseinstitusjon skal varslast til kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen skal, dersom mistanken ikkje raskt kan avkreftast, varsle Folkehelseinstituttet.

2.4 Varsling om mogleg smitte frå næringsmiddel eller dyr

Kommunelegar som får opplysningar om mistenkt eller påvist smittsam sjukdom som kan være overført med næringsmidla (mat eller vann) eller frå dyr, skal varsle det lokale mattilsynet.

2.5 Varsling om mogleg smitte frå blodgivar

Laboratoria og leger som i sin yrkespraksis finner at en blodgivar er smitta av en sjukdom som kan overførast med blod eller blodprodukt skal varsle blodbanken den smitta har donert blod ved. Blodbanken skal varsle Statens legemiddelverk, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

2.6 Varsling om smitte frå utstyr mv.

Ved mistenkt eller påvist tilfelle som kan være forårsaka av smitte frå medisinsk utstyr, kosmetika, legemidlar, blod, blodprodukt, vev eller organ, skal legen varsle Folkehelseinstituttet. Folkehelseinstituttet skal varsle Statens legemiddelverk og Helsedirektoratet.

2.7 Varsling om mogleg smitte frå helseinstitusjon

Behandlingsansvarleg lege som mistenker eller har påvist smittsam sjukdom hos en pasient som skal innleggas eller overførast til ein annan helseinstitusjon, skal varsle lege ved helseinstitusjonen i forkant dersom det er nødvendig av omsyn til smittevernet. 

Behandlingsansvarleg lege som mistenker eller har påvist smittsam sjukdom hos en pasient som er overført frå en helseinstitusjon, skal varsle lege ved den institusjonen, dersom det er nødvendig av omsyn til smittevernet.

2.8 Varsling om overlagt spreiing av smittestoff

Leger som mistenker eller påviser tilfelle av smittsame sjukdomar som kan være forårsaka av overlagt spreiing av smittestoff, skal varsle kommuneoverlegen, Folkehelseinstituttet. Folkehelseinstituttet skal varsle Helsedirektoratet.

På Svalbard og Jan Mayen gjelder varslingsplikta for disse smittevernsituasjonane berre helsepersonell i den offentlege helsetenesta.