Etablererprøva i serveringsverksemd

I Austevoll kommune kan du avlegge etablererprøva for serveringsverksemd. Ta kontakt med servicekontoret for å avtale prøvetidspunkt.

Prøva er elektronisk og du har anledning til å nytte lov- og forskriftstekster som hjelpemiddel. Til kvart spørsmål er det fleire svaralternativ der berre eitt alternativ er riktig svar.

Du får 90 minutt til å svare på prøva. For å bestå prøva, må minst 40 av 50 svar vere rette. Du får prøvebevis ved bestått prøve.

Du må vise fram gyldig legitimasjon før du tar prøva.

Kvart forsøk kostar 400 kroner uavhengig av om du består prøva eller ikkje.

Kontaktinfo

Servicekontor
E-post
Telefon 55 08 10 00