Kunnskapsprøve om alkohollova

I Austevoll kommune kan du avlegge kunnskapsprøve om alkohollova. Ta kontakt med servicekontoret for å avtale prøvetidspunkt.

Prøva er elektronisk. Du har berre anledning til å bruke ordbøker som hjelpemiddel, til dømes engelsk-norsk/norsk-engelsk ordbok.

Til kvart spørsmål er det fleire svaralternativ der berre eitt alternativ er riktig svar. 

Du får 60 minutt til å svare på prøva. For å bestå prøva, må minst 24 av 30 svar vere rette. Du får prøvebevis ved bestått prøve.
Du må vise fram gyldig legitimasjon før du tar prøva.

Kvart forsøk kostar 400 kroner uavhengig av om du består prøva eller ikkje.

Kontaktinfo

Servicekontor
E-post
Telefon 55 08 10 00