Individuell tilretteleggingLytt til tekstenStopp avspilling Individuell tilrettelegging av barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevneHar barnet ditt nedsett funksjonsevne skal barnet ha høve til å delta i barnehage i likhet med andre barn. Barnehageloven stiller krav til at barnehagen tilpassar tilbodet til barnet sitt funksjonsnivå.Det er kommunen som fattar vedtak om eit eigna individuelt tilrettelegging og har plikt til å sjå til at barnet kan kan nyttiggjera seg av barnehageplassen. Tilrettelegging Barnehageeigar sitt ansvar Barn med nedsett funksjonsevne skal ha høve til å delta i barnehage i likhet med andre barn. Barnehageloven, § 2, tredje ledd, stiller krav til at barnehagen skal tilpassa tilbodet blant anna ut frå barnet sitt funksjonsnivå. Barnehageeigar har ansvar for å sjå til at også barn med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod i tråd med lova. Ansvaret er avgrensa til kva barnehagen kan gjera innanfor dei ordinære rammene. Utdanningsdirektoratet om tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet for barn som treng ekstra støtte Kommunen sitt ansvar Kommunen skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Kommunen si tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er nødvendig for at barnet skal kunne nyttiggjera seg av barnehageplassen. Plikta gjeld barn med nedsatt funksjonsevne som er busett i kommunen og som har barnehageplass. Utdanningsdirektoratet om tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne Meld frå om behov for tilrettelegging, § 37 i barnehagelova Barnehageeigar kan melde frå om behov for tilrettelegging ved å sende inn elektronisk skjema. For barnehageeigar: Melding om behov for kommunal tilrettelegging i barnehagen Foreldre/føresette kan melde frå om behov for tilrettelegging ved å sende inn elektronisk skjema. For foreldre/føresette: Meld frå om behov for kommunal tilrettelegging i barnehagen Lovgrunnlag Lov om barnehagar § 19 g Barn med nedsatt funksjonsevne Vedtak og klage Kommunen fatter vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne. Barnehage og foreldre kan melde om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod til barnet. Barnehagen barnet går i melder frå til kommunen eller hjelpe til og rettleiar foreldre i prosessen. Om foreldre melder frå, må kommunen innhente informasjon frå barnehagen. Avgjerdsla er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, og foreldre har klagerett på vedtaket. Klaga skal sendast til kommunen. Klageinstans er Statsforvaltaren. Sist endra 26.03.2018 10.18