Eventus Haugland barnehage ASLytt til tekstenStopp avspillingBarnehagen sine verdiar er profesjonalitet, raushet og lidenskap. Barnehagen er organisert i 3 avdelingar, med plass opptil 45 barn og ligg sentralt på Storebø, idyllisk til på Haugland omgitt mykje flott natur. Barnehagen har har eiga tomt i tilknytning til barnehagen med skog, eng, frukttrær, grønnsakshage og bærbuskar.Barnehagen har óg smådyr som kaniner, høns, ender og til tider "alelam" som barna til dagleg er saman med ved mating, stell og lufting.Som natur- og friluftsbarnehage er barnehagen særleg oppteken av å gje barna gode opplevingar ute og ønskjer å skapa eit stimulerande miljø som støttar opp under barna sin lyst til å leike, utforske, lære og meistre i naturen. Her vil barnehagen bidra til at barna opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar ved planmessig å bruke impulsane natur- og friluftsliv kan gje.Barnehagen sin visjon er klar og viser til barnehagen sitt verdigrunnlag. Barnet si tid i barnehagen legg eit viktig grunnlag for korleis barnet si livshistorie vil sjå ut. Eventus Haugland barnehage ønskjer å gje barnet anledning til å danne nære relasjonar, få gode opplevingar og mestring gjennom leik, læring og danning i eit heilskapleg bilete. Slik blir det lagt eit godt grunnlag for barnet si evne til å tru på seg sjølv og barnet får utvikle eit godt sjølvbilete.Eventus Haugland barnehage ønskjer å gjera kvardagen enklast mogleg for småbarnsforeldre og tilbyr «all inklusive» med matpakkefri barnehage og bleieavtale med stelleutstyr.Les meir om Eventus barnehagane. Årsplan Barnehageplassen kostar Barnehageplassen kostar Plasstorleik Kostnad per mnd frå 01.01.2021 Gjeld berre enkelte barnehagar 100 % 3 230 kr 80 % 2 907 kr 60 % 2 261 kr Sjå vedtektene til den enkelte barnehage 50 % 1 938 kr Sjå vedtektene til den enkelte barnehage Betalingsordningar Har du fleire barn i barnehagen? Søskenmoderasjon Du får 30 % reduksjon av pris for barn nr. 2. Du får 50 % reduksjon av pris for barn nr. 3 eller fleire. Har du låg inntekt? Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt, redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for 2-, 3, 4- og 5 åringar. Slik søkjer du om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid (PDF, 2 MB) Frå 1. januar 2020 er foreldrebetalinga kr 3 135 kroner per månad. Den nasjonale prisreguleringa av foreldrebetalingen er ei minimumsordning. Familiar med låg betalingsevne kan søkja om redusert foreldrebetaling slik at foreldrebetalinga ikkje utgjer meir enn 6 % av samla skattbar inntekt i hushaldninga. Felles for ordningane: Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Dette gjeld både for ordninga med reduksjon i foreldrebetalinga og ordninga med gratis kjernetid. Som eit hushald blir rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar blir rekna: to ugifte personer over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene eller har felles barn Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert. Vilkår Familien må ha barnehageplass i offentleg godkjent barnehage, og vera busett og folkeregistrert i Austevoll kommune. Inntektene til husstanden må vera lågare enn ei av dei to ordningane. Inntekter må dokumenterast. Har du rett til gratis kjernetid? Gratis kjernetid - fritak frå betaling 20 timar per veke. Familiar med samla personinntekt under kr 566 100,- kan søka om fritak for betaling 20 timar per veke for 2,- 3-, 4- og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart. Du må dokumentera hushaldninga si samla person- og kapitalinntekt ved å senda inn siste tilgjengelege Skattemelding (ikkje skatteoppgjer). Dersom det er endringar i beløp frå siste skattemelding eller eit beløp manglar i skattemeldinga, er du som søkar pliktig til å opplysa om og dokumentera dette når du søker. Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen. Slik søkjer du om gratis kjernetid i barnehage (PDF, 2 MB) Søk om gratis kjernetid For barnehageåret 2020-21 gjeld dette barn som er fødd i 2015, 2016, 2017 og 2018. Har du rett til redusert foreldrebetaling? Frå 1. januar 2020 har familiar med lågare samla inntekt enn kr 574 750,- rett til å søka til kommunen om redusert pris. Hushaldninga si samla skattbare person- og kapitalinntekt skal leggast til grunn. Inntekta må dokumenterast med siste tilgjengelege Skattemelding (ikkje skatteoppgjer).. Dersom det er endringar i beløp frå siste skattemelding eller eit beløp manglar i skattemeldinga, er du som søkar pliktig til å opplysa og dokumentera dette når du søker. Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen. Slik søkjer du om redusert foreldrebetaling i barnehage (PDF, 2 MB) Søk om redusert foreldrebetaling Krav til dokumentasjon Dokumentasjon er siste tilgjengelege skattemelding frå siste år. (Heile skattemeldinga) Er det vesentlege endringar som ikkje syner i skattemeldinga, skal du leggja ved annan dokumentasjon som: For arbeidstakarar: arbeidsinntekt/kopi av lønslipp. For sjølvstendig næringsdrivande: stadfesting frå rekneskapsførar/revisor på venta inntekt. For arbeidsledige: kopi av siste utbetaling frå NAV. For studentar: kopi av studentbevis – stadfesting av studieplass. Ev. annan relevant dokumentasjon. Som personinntekt vert rekna: Ytingar frå NAV Sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar Uføretrygd Dagpengar Stønad som einsleg forsytar Etterlattepensjon Som kapitalinntekter vert rekna: Fast eigedom Renteinntekter, fonds- og aksjeutbyte Gevinst ved sal av eigedom og lausøre Andre inntekter Leigeinntekter Dokumentasjonen må ikkje vera eldre enn 1 månad. Familiar med vedtak om reduksjon i foreldrebetaling pliktar å melda frå om endringar i den økonomiske situasjonen. Endringane kan ha konsekvensar for vedtak som er sendt ut. Kva om inntekta endrar seg? Søkjar kan leggje fram annan dokumentasjon for inntekt, eller søkje undervegs i året dersom det er ei vesentleg og varig endring i inntekta til hushaldet. Med vesentleg og varig endring i inntekt er det meint stort inntektstap som følgje av langtidsarbeidsledigheit, endring i hushaldet si samansetting eller liknande. Dette kan bety at nokon kan få rett til reduksjon i foreldrebetalinga eller gratis kjernetid i løpet av barnehageåret fordi hushaldet si sammensetting blir endra. I slike tilfelle tek kommunen imot søknader undervegs i året, men i dei fleste tilfelle framleis med skattemelding som dokumentasjon. Det kan også bety at inntekta på skattemeldinga ikkje gjenspeglar inntektssituasjonen slik den er inneverande år. Dette kan vere klart allerede når barnehageåret startar i august, eller det kan skje ei endring i inntektssituasjonen undervegs i barnehageåret. Det blir då føreteke ei skjønsmessig vurdering av kva dokumentasjon som trengst og korleis foreldrebetalinga skal reknast ut, på lik linje som ein vurderer inntekt for dei som ikke har skattemelding. For dei som får ei vesentleg og varig endring i inntekt underveg i barnehageåret, vil kommunen ta imot søknader fortløpande. Saksbehandling og klage Austevoll kommune tar ei skjønsvurdering ved fastsetjing av foreldrebetaling. Vedtak blir gjort for gjeldande barnehageår. Vedtaket har ikkje tilbakeverkande kraft. Iverksetjing er frå første betalingsmånad etter at vedtaket er fatta. Sakshandsaming og klagerett er i tråd med krav i Forvaltningslova. I ferietida kan det ta noko lenger tid å få svar på søknad. Skattefrådrag for utgifter til barnehage Som forelder har du krav på frådrag for dokumenterte utgifter til barn i barnehage som du bur saman med. Barnehagar er pliktige til å rapportera inn betaling for barnehageopphald til Skatteetaten. Innrapportert beløp frå barnehagen vil visast som førehandsutfylt beløp i skattemeldinga i post 3.2.10. Skatteetaten har meir informasjon om reglar for skattefrådrag for barnepass Publisert10.04.2018 22.20 Sist endra24.06.2020 10.13