Austevoll kommune

Varsel om koking av vatn til kundar på Stolmen 17.08.19

Til kundar på Stolmen

Det er påvist bakterier i drikkevatnet på Stolmen og inntil årsak er avklart må difor alt drikkevatn kokast. Me har grunn for å tru at problemet kun gjeld eit avgrensa område på leidningsnettet, men inntil vidare gjeld allikevel kokevarselet heile Stolmen for å være på den sikre sida. Kokevarselet gjeld alt vatn som skal drikkast, nyttast til matlaging og tannpuss. Klevask, dusjing m.m går fint. Me jobber med å finne årsak til problemet og vil sende nytt varsel når vi veit meir.

Med helsing
Austevoll Vatn Avløp

Følg med på nettsida til Austevoll Vatn og Avløp http://akava.no/Driftsmelding

Kolbeinsvik barnehage

Kolbeinsvik barnehage

Kolbeinsvik barnehage er ein privateigd barnehage som held til i eit sjarmerande og heimekosleg bygg i eit landleg og naturskjønt område. "Læring, leik og glede – Kolbeinsvik barnehage er stedet!"

Klikk for stort bilete

Kolbeinsvik barnehage er ein 1-2 avdelings barnehage som held til i bygget som tidlegare var skulehuset i bygda. Vi er ein liten barnehage med gode og trygge omgjevnader inne og ute. Vi har eit fint uteområde samt ein eigen "barnehageskog" like ved som vi får disponera. I skogen har vi ei eiga grillhytte, bålpanne og ein nydeleg naturleikeplass. Turløyper, fotballbane, gymnastikksal, leikeplass, barneskule, strandsone og bondegardsdyr som sauar og hestar er å finna i gangavstand frå barnehagen.

Satsingsområde som vi har valt å fokusera særleg på i Kolbeinsvik barnehage, er fysisk aktivitet, kosthald og språkmiljø -og språkstimulering.

Leiken har ein sentral plass i barnehagekvardagen. Leikens eigenverdi vert anerkjent. Personale syt for gode vilkår for leik, venskap og barnas eigen kultur. Leiken er ein arena for barnas utvikling og læring, og for sosial og språkleg samhandling. Me inspirerer til, og gjer rom for ulik type leik både ute og inne. Me vil bidra til at alle barn kan oppleva glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – aleine og saman med andre.

 

Barnehageplassen kostar
Barnehageplassen kostar
Plasstorleik Kostnad per mnd frå 01.08.2019 Gjeld einskilde barnehagar
100 % 3 040 kr
80 % 2 736 kr
60 % 2 128 kr Sjå vedtekter
50 % 1 824 kr Sjå vedtekter

Betalingsordningar

Kontaktinfo

Maren Helleseth Vassnes
Styrar (vikar)
E-post
Telefon 55 08 44 80
Isabell Moss Waage
Styrar
E-post
Telefon 55 08 44 80

Opningstider

07.00-16.30

For endringar i samband med ferie og høgtid sjå barnehagen sine vedtekter.

Adresse

Besøksadresse:

Brekka 31,
5394 Kolbeinsvik


Postadresse:

Brekka 31,
5394 Kolbeinsvik

Fann du det du leita etter?