Gratis kjernetid - fritak frå betaling 20 timar per veke. Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at ei barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timar uavhengig av storleiken på plassen.
Familiar med samla personinntekt under kr 583 650,- kan søka om fritak for betaling 20 timar per veke for 2,- 3-, 4- og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart.
Du må dokumentera hushaldninga si samla person- og kapitalinntekt ved å senda inn siste tilgjengelege Skattemelding (ikkje skatteoppgjer).
Vi ønsker at føresette søker om gratis kjernetid for barnehageåret 2022-2023 når dei har motteke skattemelding 2021. For dei fleste kjem denne i mars/april 2022.
Dersom det er endringar i beløp frå siste skattemelding eller eit beløp manglar i skattemeldinga, er du som søkar pliktig til å opplysa om og dokumentera dette når du søker. Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen.
Søk om gratis kjernetid
For barnehageåret 2021-22 gjeld dette barn som er fødd i 2016, 2017, 2018 og 2019.
For barnehageåret 2022-23 gjeld dette barn som er fødd i 2017, 2018, 2019 og 2020.