Austevoll kommune

Sol-Li barnehage

Sol-Li barnehage

«Sol-li barnehage – ein god plass å vera, ein god plass å læra». Satsingsområda til barnehagen er bevegelse og kosthald, miljøvern, godt språkmiljø og sosial meistring.

«Kvar dag er uforutsigbar og ingen dag er lik - det er barna som formar dagane!»

solli 4 - Klikk for stort bilete

Sol-li barnehage ligg idyllisk til med ei fantastisk utsikt på Prestaneset omringa av natur, sjøliv og kultur. Barnehagen legg til rette for å vera mykje ute i frisk luft og for god aktivitet i romslege omgjevnader. I nærområdet til barnehagen ligg lauvskogen "Åsen", "Inger-Anne"-løypa, friluftsområdet "Vikinghaugen" og granskogen som barna har gjeve namnet "Postskogen". Områda er dyrerike og barna finn spor og kan observera dyr som hjort, ørn og villsau. Barnehagen er oppteken av å skapa ein god barndom for alle barn, og set venskap, glede og læring høgt. Me er her for kvarandre og saman er me god.

Barnehagen vart bygd i 2014 etter ny teknisk byggstandard for barnehagar og har moderne fasilitetar med bassengrom, sanserom og gymnastikkavdeling. Barnehagen er óg energivenleg  med vannbåren varme og store vindaugsflater som slepp inn lys og har gode lys- og varmetilhøve.

Sol-li-barnehage ønsker å gjera kvardagen enklast mogleg for småbarnsforeldre og har konseptet "all inklusive" med matpakkefri barnehage og bleieavtale med stelleutstyr. Barnehagen har varmlunsj frå restauranten «Heimalaga» kvar dag.

Barnehageplassen kostar
Plasstorleik Kostnad per mnd Ikkje alle barnehagar
100 % 2 910 kr
80 % 2 619 kr
60 % 2 037 kr Sjå vedtekter
50 % 1 746 kr Sjå vedtekter

Foreldrebetaling

Kontaktinfo

Marlen Waage Drivenes
Dagleg leiar
E-post
Telefon 55 08 53 50
Mobil 928 85 485

Åpningstider

Barnehagen har ope heile året frå kl 06.45-17.00. I ferietida kan opningstida reduserast ut frå tal barn som ikkje har ferie og personale som avviklar ferie.

Adresse

Besøksadresse:

Mehaugen 24,
5392 Storebø


Postadresse: 

Mehaugen 24,
5392 Storebø

Fant du det du leita etter?