Gratis kjernetid - fritak frå betaling 20 timar per veke. Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at ei barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timar uavhengig av storleiken på plassen.
Frå august 2022: Familiar med samla personinntekt under kr 598 825,- kan søka om fritak for betaling 20 timar per veke for 2,- 3-, 4- og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart.
Du må dokumentera hushaldninga si samla person- og kapitalinntekt ved å senda inn siste tilgjengelege Skattemelding (ikkje skatteoppgjer).
Vi ønsker at føresette søker om gratis kjernetid for barnehageåret 2022-2023 når dei har motteke skattemelding 2021. For dei fleste kjem denne i mars/april 2022.
Dersom det er endringar i beløp frå siste skattemelding eller eit beløp manglar i skattemeldinga, er du som søkar pliktig til å opplysa om og dokumentera dette når du søker. Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen.
Søk om gratis kjernetid
For barnehageåret 2022-23 gjeld dette barn som er fødd i 2017, 2018, 2019 og 2020.
For barnehageåret 2023-24 gjeld dette barn som er fødd i 2018, 2019, 2020 og 2021.