Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt, redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for 2-, 3, 4- og 5 åringar.
Frå 1. januar 2021 er foreldrebetalinga kr 3 230 kroner per månad. Den nasjonale prisreguleringa av foreldrebetalingen er ei minimumsordning. Familiar med låg betalingsevne kan søkja om redusert foreldrebetaling slik at foreldrebetalinga ikkje utgjer meir enn 6 % av samla skattbar inntekt i hushaldninga.
Felles for ordningane:
Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Dette gjeld både for ordninga med reduksjon i foreldrebetalinga og ordninga med gratis kjernetid.
Som eit hushald blir rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.
Som sambuarar blir rekna:
- to ugifte personer over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene
- eller har felles barn
Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Vilkår
- Familien må ha barnehageplass i offentleg godkjent barnehage, og vera busett og folkeregistrert i Austevoll kommune.
- Inntektene til husstanden må vera lågare enn ei av dei to ordningane.
Inntekter må den som søkjer dokumentera for alle føresette i hushaldet.