Austevoll kommune

Søk barnehageplass

Informasjon om søknad til barnehageplass i perioden frå 1. desember 2019 til 15. januar 2020

Austevoll kommune tek i bruk Vigilo som nytt system for opptak til barnehage frå 15. januar 2020. Det gamle opptaksprogrammet vert derfor stengt i perioden 1. desember 2019 til  nytt er på plass 15. januar 2020.

Klikk for stort bilete 
Det vil ikkje vera mogleg å senda inn søknad om plass i barnehage i dette tidsrommet.

Søknadsfrist for hovudopptaket til barnehageåret 2020/2021 med oppstart i august, er 1. mars 2020. Det er altså god tid til å søkje om dette etter at nytt opptakssystem er på plass.
 

Spørsmål

Svar
 

Ønsker å søke ny plass med oppstart i tidsrommet 1. desember 2019  til 15. januar 2020
 

ta kontakt med styrar i barnehagen du vil søka plass i

Endra plass i tidsrommet 1. desember 2019  til 15. januar 2020 (gjeld for dei som allereie går i barnehagen)
 

ta kontakt med styrar i barnehagen

Bytta barnehage i tidsrommet 1. desember 2019  til 15. januar 2020  (gjeld for dei som allereie går i barnehagen)
 

ta kontakt med styrarane i dei ulike barnehagane

Har søkt plass og står på venteliste for inneverande barnehageår (2019/2020) – oppstart før 31. juli 2020
 

Blir flytta over i nytt system automatisk. Du treng ikkje gjera noko her

Har søkt plass med oppstart etter 1. august 2020 (neste barnehageår 2020/2021)

 

Blir flytta over i nytt system automatisk. Du treng ikkje gjera noko her


Det har vore mykje merksemd rundt Vigilo i media den siste tida. Dei problema som har kome fram der gjeld ikkje vår kommune. Vi er i tett dialog med Vigilo for å sikre ei trygg innføring av det nye systemet.