Austevoll kommune

Formannskapet sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2023-2026 er lagt ut til høyring

Tilsyn med barnehagar i Austevoll kommune

Tilsyn med barnehagar i Austevoll kommune

Tilsyn skal vera eit verktøy for å sikra barn gode oppvekstvilkår, og kvalitetssikra at barnehagane driv i samsvar med lover, forskrifter og kommunale vedtak. 

Ved jamleg tilsyn vil eigar av barnehagen òg vera bevisst ansvaret sitt for barnehagen som verksemd etter "Lov om barnehagar" med forskrifter. Tilsynet som heilskap krev tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

Døme på tilsynsområde/tema kan vera om barnehagen følgjer rammeplanen for barnehagar i høve til innhald og fagområde, eller at barnehagen har tilstrekkeleg grunnbemanning i høve til heile plassar.

Sjå Rutine for tilsyn med barnehagar i Midthordland kompetanseregion" (PDF, 399 kB) (PDF, 326 kB)

Rådmannen har fått delegert mynde for tilsyn, men tilsynet vert utført av Oppvekst, kultur og fritid saman med kommunane i Midthordland kompetanseregion.

Sjå oversikt over tilsyn under etter kvart som dei blir gjennomførte.

Tilsyn