Føremål
Dette dokumentet skal seie noko om kva ein kan forvente av kulturskulen når det gjeld kvalitet og innhald i tilboda.
Grunnlag
Opplæringslova, § 13.6:
"Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknytning til skoleverket og kulturlivet elles"
Ansvar/mynde
Kulturskulen.
Kvalitetsmål
Visjon og målsetjing
Austevoll kulturskule sin visjon er: KULTUR FOR ALLE!
- Austevoll kulturskule skal vere eit ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid i Austevoll kommune og dermed bidra til gode kulturtilbod til alle innbyggjarar i kommunen.
- Generelt
- Austevoll kulturskule skal gje eit godt og variert undervisningstilbod innanfor hovudfagområda musikk, dans og teikning/maling, primært for born og unge.
- Kulturskulen er eit tilbod for innbyggjarar i Austevoll kommune.
- Kulturskulen sine tilsette skal ha eit godt samarbeid og ein open kommunikasjon med elevane og dei føresette.
- God informasjonsflyt skal sikre alle partar ei tilpassa, planlagt opplæring og gode opplevingar..
- Kulturskulen har som mål å kunne ta inn alle elevar som ynskjer det, men må ha ventelister så lenge det ikkje er stor nok kapasitet.
Undervisningsformer
Undervisninga i kulturskulen skjer både einskildvis og i grupper. Undervisninga i dans og visuell kunst, foregår i faste grupper.
Timeplanmodell
- Ein elev skal ikkje ha mindre en 20 minutt undervisning pr. veke.
- To elevar skal ikkje ha mindre enn 30 minutt ukentlig undervisning pr. veke saman.
- Tre eller fleire elevar skal ikkje ha mindre enn 45 minutt undervisning pr. veke saman.
Alle elevar i kulturskulen får tilbod om å delta i konsertar/framsyningar/utstillingar. Dette er ein integrert del av opplæringa.
Undervisninga i kulturskulen følgjer normalt skuleåret i grunnskulen.
Innanfor dans og teikning/maling kan det hende at elevane får lengre undervisningsøkter enn 45 minutt og dermed noko kortare skuleår.
Det kan vere naudsynt å gje komprimert undervisning innanfor ein disiplin i ein periode, t.d. i tida før konsert/framsyning/utstilling.
Vikar
Når lærarar blir sjuke eller av andre grunnar vert borte frå arbeid, vil kulturskulen engasjere vikar så langt det er mogeleg.
Nokre gonger kan det vere umogeleg å få vikar på kort varsel. Når dette skjer, kan det bli naudsynt å avlyse timen. Då vil kulturskulen, så sant det er mogeleg, varsle dei føresette. Dette vil i hovudsak skje pr. sms og/eller melding gjennom skulen eleven går på.
Dersom kulturskulen har avlyst fleire enn 3 undervisningsgongar i løpet av eit skuleår, og elevane ikkje har fått tilbod om å få ta att timane på anna tidspunkt, skal elevane få redusert elevkontingent.
Elevkontingent.
Elevkontingenten vert vedteke av kommunestyret i samband med årsbudsjett. Det kan difor bli justeringar av kontingentet i løpet av eit skuleår.
Dette forventar vi av deg som elev/brukar:
- At du melder frå til læraren dersom du ikkje kan møte til undervisning. Når ein elev har vore vekke 3 gonger eller meir utan melding, vil kulturskulen ta kontakt med føresette, og ein kan risikere å misse plassen.
- At du behandlar kulturskulen sine instrument og utstyr på ein fin måte.
- At du møter godt budd til timane.
- At du er høfleg, positiv og viser respekt for medelevar og skulen sine tilsette.
- At du tek direkte kontakt med kulturskulen om du har spørsmål eller om tilbodet du får ikkje er som forventa.
Elevar vert tekne inn i kulturskulen på faste plassar. Påmeldinga er bindande for eit skuleår. Dersom ein elev ynskjer å slutte i løpet av skuleåret, kan ein likevel bli friteken for å betale elevkontingent for resten av skuleåret dersom skulen kan ta opp ein ny elev frå ventelista.
Føresette er ansvarleg for å sørgje for at kulturskulen til ei kvar tid har oppdaterte kontaktopplysningar. Det er svært viktig at kulturskulen har oppdaterte opplysningar om mobilnummer og e-post til føresette, då meldingar ofte blir gitt pr. sms og e-post. Endringer i undervisninga på kort varsel, vil skje på sms.
Elevar og føresette skal halde seg oppdatert på kulturskulen sin aktivitetsplan som vil liggje på Austevoll kommune si nettside.
Øving gjer meister
Austevoll kulturskule er ein læringsarena der elevar skal kome vel budd til undervisninga.Det er naudsynt at elevar som speler eit instrument disponerer eige instrument til øving. Regelmessig og rett øving over tid gjev alltid resultat!
Kulturskulen har utleige av tverrfløyter, men ikkje andre instrument. Kulturskulen kan gje råd ved kjøp av instrument.
Evaluering
Det vert arbeidd med å leggje til rette for elektroniske brukarundersøkjingar for å evaluere om kvaliteten i kulturskulen er i tråd med kvalitetserklæringa.