August:
Fellessamlingar for elevar, lærarar og foreldrar.
Informasjon og høve til å bli kjend med kvarandre. Val av foreldrerepresentantar til samarbeidsutvalet.
September:
Første møte i samarbeidsutvalet.
Oktober:
Kulturskuleklubb.
Sosialt og musikalsk samvere for elevar og lærar.
Desember:
Påmelding til UKM opnar 1. desember.
Påmelding på www.ukm.no
Adventskonsertar.
Opne elevkonsertar i kyrkjene. Storebø, Bekkjarvik og Hundvåkøy.
Januar/februar:
UKM (Ungdommens kulturmønstring) i Austevoll.
2019: Kulturmesse og UKM 16. og 17. februar.
Februar:
Foreldrekonferansar
Dei føresette kjem saman med eleven til samtale i den vanlege undervisningstida.
Mars:
Søknadsrunde for neste skuleår startar 1. mars.
Søknadsskjema på www.austevoll.kommune.no
April:
Frist for å søkje elevplass i kulturskulen: 1. april.
UKM i Hordaland.
Nærmiljøkonsertar/-utstillingar/-framsyningar.
Mai:
De Unges Festspilldag (Bergen)
Elevar frå kulturskulen deltek på De Unges Festspilldag i Bergen under Festspela.
Juni:
Sommarframsyning.
Mot slutten av skuleåret har vi ei sommarframsyning med eit tema, der alle fagområda i kulturskulen er representert.