Austevoll kommune

Kva skjer?

Kulturskuleklubb!

I oktober blir det kulturskuleklubb for alle song- og instrumentalelevane!

Den andre veka etter haustferien, nærare bestemt  22. - 25. oktober, skal song- og instrumentalelevane ha kulturskuleklubb i staden for vanlege timar.

Kulturskuleklubben er ein samankomst på ca ein time, som består av ein konsertdel og ein del etterpå der ein finn på noko anna kjekt i lag.

Det kan vere ein leik, konkurranse, song, og/eller at ein pratar saman.

Elevane får lov til å ta med seg noko godt på kulturskuleklubben.

Det er berre elevane og lærarane som er til stades.

Kulturskuleklubben blir på denne måten både ein uhøgtideleg arena for framføring der medelevar og lærar er einaste publikum, og ein anledning til å vere i lag og blir kjend med kvarandre.

Her er ein oversikt som syner kvar og når det er kulturskulekubb:

For dei som har Jovana som lærar på Storebø skule:  

Måndag 22.  oktober kl. 14.30 i musikkrommet i paviljongen på Storebø skule. (A201)

 

For dei som har Linn, Sigve, Audun eller Karl Olav som lærar på Storebø skule:

Måndag 22. oktober kl. 15.00 i kultursalen på Storebø skule.

 

For dei som har Sigurd, Maria eller Karl Olav på Selbjørn skule:

Onsdag 24. oktober kl. 15.30 i musikkrommet på Selbjørn skule.

 

​For dei som har Maria som lærar på Storebø skule:

Torsdag 25. oktober kl. 15.15 i musikkrommet i paviljongen på Storebø skule. (A201)

 

For dei som har Sigurd som lærar på Storebø skule eller Austevoll ungdomsskule:

Torsdag 25. oktober kl. 15.30 i musikkrommet på Austevoll ungdomsskule.

 

For dei som har Sigve eller Åsmund som lærar på Selbjørn skule:

Torsdag 25. oktober kl. 16.00 i musikkrommet på Selbjørn skule.

 

Vi minner samstundes om at det ikkje er kulturskuletimar i haustferieveka.

Første veka etter ferien er det vanlege timar, og andre veka er det altså kulturskuleklubb.

 

Velkomen til kulturskuleklubb!

 

Helsing Austevoll kulturskule.

Kontaktinfo

Audun Alvsåker
Rektor
E-post
Telefon 55 08 12 20
Fant du det du leita etter?