Austevoll kommune

Kva skjer?

Velkomen til nytt skuleår i kulturskulen, og velkomen til nye elevar!

Til elevar og foreldre i kulturskulen

Snart er sommarferien over, og 16. august startar eit nytt skuleår både i grunnskulen og kulturskulen. Vi håpar de alle har hatt ein fin ferie, og at de er klare for nye opplevingar og utfordringar i kulturskulen.

Og hjarteleg velkomen til alle dei nye elevane!

Den første veka startar vi med fellessamlingar for elevar, lærarar og foreldre torsdag 16. og måndag 20.august. På denne samlinga vil de få informasjon om kulturskulen og undervisninga, og de vil få møte lærarane de skal ha.

Det vert og halde val på foreldrerepresentantar til samarbeidsutvalet på desse samlingane.

Her kan de sjå kva for ei samling de skal delta på:

 

Torsdag 16. august, kl. 18.00, Selbjørn skule, amfi-salen:

  • Elevar frå Selbjørn, Stolmen, Vik/Vinnes og Kolbeinsvik som skal ha song- eller instrumentundervisning, og som skal ha undervisning på Selbjørn.
  • Elevar frå Selbjørn skule og Kolbeinsvik Montessoriskule som skal gå på Musikkstart.
  • Alle elevar som skal gå på Musikkverkstad.

Måndag 20. august, kl. 17.00, Storebø skule, kultursalen:

  • Elevar frå Storebø skule som skal gå på Musikkstart.
  • Alle elevane på dans og jazzdans. (Også dei som skal ha dans på Selbjørn skule)

Måndag 20. august, kl. 18.00, Storebø skule, kultursalen:

  • Alle elevane i kulturskulen som som skal ha song- eller instrumentundervisning, og som skal ha undervisning på Storebø skule eller Austevoll ungdomsskule.
  • Alle elevane på Teikning og maling.

 

Ta kontakt om det er noko de lurer på.

Telefon:  55 08 12 20

E-post:  audun.alvsaker@austevoll.kommune.no

 

Helsing Austevoll kulturskule,

ved Audun Alvsåker, rektor

Kontaktinfo

Audun Alvsåker
Rektor
E-post
Telefon 55 08 12 20
Fant du det du leita etter?