Austevoll kommune

Nytt kulturskuleår

Velkomen til nytt skuleår i kulturskulen!

Klikk for stort bilete

Snart er sommarferien over, og 15. august startar eit nytt skuleår både i grunnskulen og kulturskulen. Vi håpar de alle har hatt ein fin ferie, og at de er klare for nye opplevingar og utfordringar i kulturskulen!
Og hjarteleg velkomen til alle dei nye elevane!
 
Den første veka startar vi med fellessamlingar for elevar, lærarar og foreldrar torsdag 15. og måndag 19.august. 
På denne samlinga vil de få informasjon om kulturskulen og undervisninga, og de vil få møte lærarane de skal ha.
 
Det vert og halde val på foreldrerepresentantar til samarbeidsutvalet på desse samlingane.
 
Her kan de sjå kva for ei samling de skal delta på:
 
Torsdag 15. august, kl. 18.00, Selbjørn skule, amfi-salen:

Elevar frå Selbjørn, Stolmen, Vik/Vinnes og Kolbeinsvik som skal ha song- eller instrumentundervisning, og som skal ha undervisning på Selbjørn.

NB!  Nokre frå desse stadene vil få undervisning på Storebø eller ungdomsskulen.
Sjå merknad nedanfor om dette!

  • Elevar frå Selbjørn skule og Kolbeinsvik Montessoriskule som skal gå på Musikkstart.
  • Elevar på 1. - 4. trinn på Selbjørn skule som skal gå på teikning/maling.
  • Alle elevar som skal gå på Musikkverkstad.
Måndag 19. august, kl. 17.00, Storebø skule, kultursalen:
  • Elevar frå Storebø skule som skal gå på Musikkstart.

    Alle elevane på dans og jazzdans. (Også dei som skal ha dans på Selbjørn skule!)
Måndag 19. august, kl. 18.00, Storebø skule, kultursalen:
  • Alle elevane i kulturskulen som som skal ha song- eller instrumentundervisning, og som skal ha undervisning på Storebø skule eller Austevoll Ungdomsskule.
          (NB!  Sjå merknad nedanfor om dette!)
  • Alle elevane på teikning/maling som går på Storebø skule.
  • Alle elevane frå 5. klasse og oppover som skal gå på teikning/maling frå andre stader enn Storebø skal og møte på Storebø.
MERKNAD til dei som skal gå på song- eller instrumentundervisning:
De vil få ein eigen e-post med informasjon om de skal møte på Selbjørn 15. august eller på Storebø 19. august.
 
Ta gjerne kontakt på 55081220 eller Audun.alvsaker@austevoll.kommune.no om de lurer på noko!
 
Undervisninga startar opp frå og med 22. august.
 
Med dette vil me ynskje alle elevar og foreldrar velkomne til nytt skuleår i Austevoll kulturskule!
 
Helsing Austevoll kulturskule.
Fann du det du leita etter?