Skulefritidsordning / SFOLytt til tekstenStopp avspillingSkulefritidsordninga er eit frivillig tilbod til barn i 1. - 4. trinn før og etter skuletid. I Austevoll kommune har Storebø skule og Selbjørn skule SFO-ordning. SFO er eit tilbod før og etter skuletid for elevar på 1.-4. trinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. trinn. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass for barna, legga til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar. Opphald i haust-og vinterferie, siste veka i juni og vekene i august før skulestart, må føresette søka om. SFO Påmelding, endring og oppseiing Du melder barnet inn, gjer endringar og seier opp SFO-plass i same skjema. Søknadsfrist Søknadsfrist for SFO er 30. april, men du kan også søka resten av året. Prisar Prisar SFO Tal barn Heil plass Redusert plass Eitt barn 2 481 kr 1 655 kr Barn nr 2 1 861 kr 1 241 kr Barn nr 3 og fleire 1 241 kr 828 kr Opphald i haust-og vinterferie, siste veka i juni og vekene i august før skulestart, må føresette søka om. Gebyr ved for sein henting er kr 250.- pr påbegynt time. Betaling vert fakturert på etterskot. Ved spørsmål om betaling og faktura i SFO, ta kontakt med leiinga ved skulen. Vedtekter for SFO Austevoll kommune vedtekter SFO 2019 (DOC, 60 kB) Stønad til barnetilsyn Austevoll kommune har ikkje reduserte prisar for føresette med lav inntekt. NAV har imidlertid ei ordning med stønad til barnetilsyn for einslege forsørgarar som jobbar, søker arbeid eller går på skule. Meir informasjon finn du på nav.no. Sist endra31.01.2019 14.48