Austevoll kommune

Varsel om koking av vatn til kundar på Stolmen 17.08.19

Til kundar på Stolmen

Det er påvist bakterier i drikkevatnet på Stolmen og inntil årsak er avklart må difor alt drikkevatn kokast. Me har grunn for å tru at problemet kun gjeld eit avgrensa område på leidningsnettet, men inntil vidare gjeld allikevel kokevarselet heile Stolmen for å være på den sikre sida. Kokevarselet gjeld alt vatn som skal drikkast, nyttast til matlaging og tannpuss. Klevask, dusjing m.m går fint. Me jobber med å finne årsak til problemet og vil sende nytt varsel når vi veit meir.

Med helsing
Austevoll Vatn Avløp

Følg med på nettsida til Austevoll Vatn og Avløp http://akava.no/Driftsmelding

Kvalitetsplan for SFO

Kvalitetsplan for SFO

Målet med å laga ein kvalitetsplan for SFO er først og fremst for å gi skulane og dei tilsette ved SFO ei forpliktande ramme for arbeidet med å utvikla kvaliteten i skulefritidsordninga. Planen skal også gi forventningar for brukarane av SFO-tilbodet.

Ein plan som er forpliktande, tyder at barn og foreldre kan forventa at SFO-tilbodet arbeider i retning av dei mål og kjenneteikn på måloppnåing som er fastsett i planen, og set i verk gode tiltak og aktivitetar.

Erfaringar med kvalitetsutviklingsarbeid viser at samanheng og samhandling mellom skule og SFO vert oppfatta som ein viktig faktor for kvalitet i SFO. Det er derfor eit mål at SFO og skule inngår i ein samanheng og samhandlar.

Utdanningsdirektoratet sin rettleiande rammeplan for SFO er grunnlaget for å utarbeida plan for SFO i Austevoll. Kvalitetsplanen har fire målområde. Med utgangspunkt i desse målområda, skal kvar SFO utarbeida lokale planar, i ein årsplan.

Fann du det du leita etter?