Kvalitetsplan for SFO

Målet med å laga ein kvalitetsplan for SFO er først og fremst for å gi skulane og dei tilsette ved SFO ei forpliktande ramme for arbeidet med å utvikla kvaliteten i skulefritidsordninga. Planen skal også gi forventningar for brukarane av SFO-tilbodet.

Ein plan som er forpliktande, tyder at barn og foreldre kan forventa at SFO-tilbodet arbeider i retning av dei mål og kjenneteikn på måloppnåing som er fastsett i planen, og set i verk gode tiltak og aktivitetar.

Erfaringar med kvalitetsutviklingsarbeid viser at samanheng og samhandling mellom skule og SFO vert oppfatta som ein viktig faktor for kvalitet i SFO. Det er derfor eit mål at SFO og skule inngår i ein samanheng og samhandlar.

Utdanningsdirektoratet sin rettleiande rammeplan for SFO er grunnlaget for å utarbeida plan for SFO i Austevoll. Kvalitetsplanen har fire målområde. Med utgangspunkt i desse målområda, skal kvar SFO utarbeida lokale planar, i ein årsplan.

1 Kva er SFO?

1.1 Overordna mål og verdigrunnlag

Skulefritidsordninga (SFO) ved skulane i Austevoll er ein trygg opphaldsplass for barna der ein legg til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar i tida før og etter den obligatoriske skuledagen. Det er eit frivillig tilbod til barn på 1.-4. trinn. Etter behov kan elevar på 5.-7. trinn få tilbod. SFO er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, og skal vera noko anna enn skule. SFO i Austevoll har tilsette som er tydelege vaksne, og føresette kan vera trygge på at barna vert teken i vare på ein sikker måte.

Skulefritidsordninga er heimla i opplæringslova § 13-7:

”Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn. Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.”

Opplæringslova kapittel 9A, Elevane sitt skolemiljø omhandlar både det fysiske og det psykososiale arbeidsmiljøet til elevane. Krava til skulemiljøet gjeld også for SFO (unnateke  §§ 9A-10 og 9A-11 om ordensreglement og bortvising).

I tillegg til opplæringslova, er forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular gjeldande for skulefritidsordninga.

SFO har vedtekter som er vedteken av Austevoll kommune i 2016. Desse er for tida under revidering og forventa handsama i kommunestyret hausten 2018.

1.2 Føremålet med planen

Planen skal vera eit grunnlag for ein felles standard og kompetanseutvikling i SFO. Den skal vera styrande for SFO-ordningane, og gi retning for organisering av og innhaldet i SFO-tilbodet i Austevoll. Kvar einskild skule må med utgangspunkt i denne utarbeida lokale planar (årsplan og månadsplanar) og gjera forventningar tydelege -  til tilsette, føresette og barna.

Samhandling skule og SFO er ein viktig faktor for kvalitet i SFO, og for å få til eit godt felles brukarmiljø. Barn og føresette som brukar begge tilbod må oppleva at dei vaksne i skulesamfunnet dreg i same retning, og samarbeider for å skapa heilskap. Felles verdiar og grensesetting, samanfallande pedagogisk grunnsyn og ei felles haldning til barna er viktige faktorar som påverkar kvaliteten og fremjar heilskapen.

Dei fleste barn startar i SFO når dei startar på skulen i 1. trinn, og mange barn og føresette kjenner ikkje til særpreg, innhald og opplegg i SFO. Planen skal medverka til at samhandling med barnehage ved overgong til skule omfattar SFO.

2 Innhaldet i SFO

Det er nødvendig å sikra ei god tilrettelegging av aktivitetar. Det må vera ei tydeleg leiing som har klare forventningar til dei tilsette og som stiller krav – samstundes som dei kan motivera og inspirera medarbeidarar til å utfalda seg. Vidare må det vera ei god ansvarsfordeling mellom dei som jobbar i SFO. Ein treng struktur og rutiner, og tid til planlegging og samarbeid. Det trengs også tid til rettleiing for å få eit kvalitativt godt SFO-tilbod.

For å setja felles mål for verksemda, er det valt målområde som skal koma tydeleg fram ved dei ulike SFO-ordningane.

2.1 Målområde i kvalitetsplanen

  • Leik og sosial læring, læringsstøttande aktivitetar
  • Fysisk aktivitet og friluftsliv
  • Kulturelle aktivitetar: kunst, kultur og kreativitet
  • Mat og helse

SFO-ordningane er forplikta til å arbeida etter målsettingane, og skal leggja til rette for læringsstøttande aktivitetar gjennom dei lokale planane sine. Læringsstøttande aktivitetar er leik og aktivitetar som fremjar meistring, undring og inkludering. Barn i SFO skal utvikla ei god sjølvkjensle, læringsglede, tru på seg sjølv og erfara medverknad - i eit godt samarbeid med heimen.

2.1.1 Leik og sosial læring, læringsstøttande aktivitetar

Barn i SFO skal stimulerast til sosial samhandling gjennom ulike aktivitetar og leikeformer. SFO er ein viktig læringsarena for å utvikla ei positiv samhandling med jamnaldrande og vaksne. Leiken gjer det mogeleg å læra seg å samhandla og kommunisera med andre. Barn skal aktiviserast både i fri leik og organisert leik. I leikeaktivitetar skal dei vaksne delta aktivt, og observera og vurdera barna i leik – og gripa inn, gi støtte og hjelp når situasjonen tilseier det.

Teikn på god praksis:

  • Dei tilsette tek ansvar for å rettleia og hjelpa det einskilde barn i å utvikla sosial kompetanse
  • Dei tilsette rettleier og hjelper barna til å samhandla med andre på ein positiv måte
  • Dei tilsette har nødvendig kompetanse til å organisera gamle og nye leikar/leikeformer
  • Dei tilsette legg til rette for variert fri leik og organisert leik – både ute og inne
  • Dei tilsette motiverer, inspirerer og rettleiar barn slik at dei deltek i leiken – også barn med spesielle behov
  • Dei tilsette legg til rette for at barna får vera med å avgjera kva som skal skje i SFO
  • Føresette opplever at barnet trivst i SFO


 

2.1.2 Fysisk aktivitet og friluftsliv

Fysiske aktivitetar er positive for å utvikla seg både fysisk og psykisk, og kan bidra til auka konsentrasjon. SFO-tilbodet skal leggja til rette for allsidige fysiske aktivitetar  - frå leik og sport til friluftsliv, snekring og bygging. Fysisk leik bør utgjera ein stor del av SFO-tida til barna.

Teikn på god praksis:

  • Dei tilsette legg til rette for daglege aktivitetar i all slags ver
  • Dei tilsette utnyttar nærmiljøet
  • Dei tilsette motiverer og inspirerer barna til å delta aktivt
  • Dei tilsette legg til rette for at barna kan bestemma aktivitetar
  • Dei tilsette samarbeider med lag og organisasjonar
  • Føresette opplever at SFO tilbyr varierte aktivitetar der barna dagleg får utfalda seg

https://aktivitetskassen.no/

2.1.3 Kulturelle aktivitetar: kunst, kultur og kreativitet

Kulturelle aktivitetar er positive for å utvikla dei sosiale og kreative dugleikane. SFO bør leggja til rette for eit breiddt spekter av kulturelle aktivitetar som td song og musikk, teikning, maling og kunsthandverk, og dans og teater. Der det er mogeleg bør SFO samarbeida med andre td folkebiblioteket og Kulturskulen.

Teikn på god praksis:

  • Dei tilsette legg til rette for kunst- og kulturaktivitetar
  • Dei tilsette organiserer barna slik at dei får uttrykkja seg estetisk
  • Dei tilsette sørger for at barn dagleg har tilgong til bøker, bilete og rikeleg og variert materiale og verktøy for skapande aktivitetar
  • Dei tilsette skapar rom for både vaksenstyrte og barnestyrte aktivitetar for å utøva estetiske inntrykks- og uttrykksformer
  • Dei tilsette legg til rette for at barn får utforska og delta i kulturaktivitetar i nærmiljøet
  • Dei føresette opplever at barna får erfara og arbeida med ulike uttrykksformer

2.1.4 Mat og helse

«Måltider i SFO kan være et bidrag til utvikling av et sunt kosthold og en god helse. SFO bør tilby sunn mat og redusere tilgang til usunn mat i SFO-tiden. Måltidet i SFO-tiden bør legges opp slik at det kan brukes som en arena for etablering av gode sosiale samspill og læring om helse og kosthold.» Udir 2015.

Teikn på god praksis:

  • Dei tilsette legg til rette for at måltider vert ein læringsarena for sosiale og språklege dugleikar
  • Dei tilsette tilbyr sunne, næringsrike og varierte måltid
  • Dei tilsette let barna delta i planlegging, førebuing og gjennomføring av måltid
  • Dei tilsette lærer barn om kosthald og hygiene
  • Dei tilsette innarbeider gode rutinar for hygiene
  • Føresette opplever at barna får sunne og varierte måltider

3 Vurdering av måloppnåing

Skulane si eigenvurdering skal seia noko om måloppnåing, og brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og refleksjonar ved den einskilde skule/SFO. Årleg foreldreundersøking om tilbodet i SFO.

4 Samarbeid med heimen

Føresette skal oppleva at samarbeidet med SFO er godt. Dei tilsette skal gjera føresette trygge på at barna har det godt på SFO. Samarbeidet med heimen skjer gjennnom dagleg kontakt ved bringing og henting, diverse informasjon på skulen sine nettsider, ved skriftlege meldingar, telefonar og årlege foreldremøte. Skal samarbeidet fungera godt, er det nødvendig at SFO-personalet  tek ei forventningsavklaring med dei føresette.

Teikn på god praksis:

  • Dei tilsette avklarar forventningar i god dialog og samarbeid med føresette
  • Dei tilsette må kunna gi faglege grunngivingar for praksis i SFO
  • Dei tilsette er engasjerte, har oversikt og viser omsorg for det einskilde barnet
  • Dei tilsette møter føresette på ein høfleg måte og med respekt
  • Føresette gir melding om tilhøve som kan avgjera trivsel
  • Føresette respekterer opningstida i SFO og møter i SFO-lokala når barnet skal hentast
  • Føresette følgjer med på informasjon frå SFO
  • Føresette gir melding om fri-og feriedagar innan annonserte oppsette fristar

5 Leiing og organisering

Rektor har det administrative, pedagogiske og økonomiske ansvaret for skulefritidsordninga på sin skule. Skulefritidsordninga skal vera ein naturleg del av skulen si drift, og rektor skal samarbeida med den daglege leiaren.

Kvar skulefritidsordning har ein dagleg leiar som har det daglege ansvaret. Leiaren skal sikra kvaliteten i tilbodet og vidareutvikla det. Leiaren skal rettleia dei tilsette, og saman med personalet konkretisera og følgja opp målsettingane i kvalitetsplanen for skulefritidsordninga.

Samarbeidsutvalet ved skulen er styre for skulefritidsordninga. Det skal vera personale frå skulefritidsordninga tilstade når saker frå fritidsordninga vert behandla.

5.1 Strukturelle forhold

Skulefritidsordninga har vedtekter som er vedteken av Austevoll kommunestyre. Endringar i foreldrebetaling og justering av betalingssatsar vert gjort i kommunestyret.

Leiarnettverk

Leiarnettverk for skulefritidsordninga i Austevoll skal vidareutvikla og kvalitetssikra fagleg utvikling for personalet. Nettverket planlegg og gjennomfører felles personalmøte og kurs for dei tilsette. Dette styrkar skulefritidsordninga  som ein læringsarena, og det faglege påfyllet gir glød i arbeidet.

Planlegging/samarbeidstid

  • Annakvar veke felles for dei tilsette (timeplanfesta)
  • Personalmøte: Annakvar månad ettermiddag/kveld
  • 5 planleggingsdagar i skuleåret inngår i ein plan som skulen lagar

Bemanning og kompetanse

«Uavhengig av rammer, ressurser og aktivitetstilbud, er utøvelsen av voksenrollen til syvende og sist kanskje den viktigste kvalitetsfaktoren for barns og foreldres opplevelse av SFO. Voksenrollen handler om hvordan de ansatte ved SFO forholder seg til barna, men også om hvordan de SFO-ansatte forholder seg til hverandre, til foreldrene og til skolepersonalet.» Udir 2015.

Dei tilsette skal inngå i eit forpliktande samarbeid om å nå målsettingane for tilbodet i skulefritidsordninga. Det er eit mål at alle skal ha opplæring i metodikken LØFT og bruka den i det daglege arbeidet.
 

5.2 LØFT i SFO

LØFT står for løysingsfokusert tilnærming. Det er ein arbeidsmetode der kjenneteiknet er at ein fokuserer på å finna løysingar og positive vegar for utvikling. Den metodiske tilnærminga byggjer på tre læresetningar:

  • Det som fungerer, skal ikkje rettast på
  • Når noko verkar, gjer meir av det
  • Det som ikkje verkar, gjer det på ein annan måte

Alle vaksne i skulefritidsordninga skal arbeida løysingsfokusert ved å

  • aktivt søkja etter lysglimt
  • ta barna på fersken i å gjera noko bra!
  • gi barna positive tilbakemeldingar som er
    • personlege
    • konkrete og handlingsretta
    • forståelege for barnet
    • avlevert med entusiasme og energi
    • gitt til barnet så andre høyrer kva du rosar for

6 Foreldreundersøking

Barnet mitt trivst på SFO

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Eg opplever at dei tilsette i SFO bidreg til eit godt sosialt miljø for barna

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Eg opplever at dei tilsette i SFO bidreg til eit fysisk trygt miljø for barna

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Det samla aktivitetstilbodet på SFO er variert

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Det samla aktivitetstilbodet på SFO er godt tilpassa

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Aktivitetane i skulen sine feriar er gode

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Aktivitetane i skulen sine feriar er varierte

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Eg har eit godt samarbeid med dei tilsette i SFO

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Eg opplever at meldingar eg gir til dei tilsette i SFO vert følgt opp

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Eg opplever at eg får tilstrekkeleg informasjon om SFO-tilbodet

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)

 

 

Måltidet i SFO er variert og sunt

Heilt einig

 

Delvis einig

 

Verken einig eller ueinig

 

Delvis ueinig

 

Heilt ueinig

 

(Veit ikkje)