Austevoll kommune

Kva er SFO?

Kvalitetsplan for SFO

1 Kva er SFO?

1.1 Overordna mål og verdigrunnlag

Skulefritidsordninga (SFO) ved skulane i Austevoll er ein trygg opphaldsplass for barna der ein legg til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar i tida før og etter den obligatoriske skuledagen. Det er eit frivillig tilbod til barn på 1.-4. trinn. Etter behov kan elevar på 5.-7. trinn få tilbod. SFO er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, og skal vera noko anna enn skule. SFO i Austevoll har tilsette som er tydelege vaksne, og føresette kan vera trygge på at barna vert teken i vare på ein sikker måte.

Skulefritidsordninga er heimla i opplæringslova § 13-7:

”Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn. Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.”

Opplæringslova kapittel 9A, Elevane sitt skolemiljø omhandlar både det fysiske og det psykososiale arbeidsmiljøet til elevane. Krava til skulemiljøet gjeld også for SFO (unnateke  §§ 9A-10 og 9A-11 om ordensreglement og bortvising).

I tillegg til opplæringslova, er forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular gjeldande for skulefritidsordninga.

SFO har vedtekter som er vedteken av Austevoll kommune i 2016. Desse er for tida under revidering og forventa handsama i kommunestyret hausten 2018.

1.2 Føremålet med planen

Planen skal vera eit grunnlag for ein felles standard og kompetanseutvikling i SFO. Den skal vera styrande for SFO-ordningane, og gi retning for organisering av og innhaldet i SFO-tilbodet i Austevoll. Kvar einskild skule må med utgangspunkt i denne utarbeida lokale planar (årsplan og månadsplanar) og gjera forventningar tydelege -  til tilsette, føresette og barna.

Samhandling skule og SFO er ein viktig faktor for kvalitet i SFO, og for å få til eit godt felles brukarmiljø. Barn og føresette som brukar begge tilbod må oppleva at dei vaksne i skulesamfunnet dreg i same retning, og samarbeider for å skapa heilskap. Felles verdiar og grensesetting, samanfallande pedagogisk grunnsyn og ei felles haldning til barna er viktige faktorar som påverkar kvaliteten og fremjar heilskapen.

Dei fleste barn startar i SFO når dei startar på skulen i 1. trinn, og mange barn og føresette kjenner ikkje til særpreg, innhald og opplegg i SFO. Planen skal medverka til at samhandling med barnehage ved overgong til skule omfattar SFO.