Austevoll kommune

Leiing og organisering

Kvalitetsplan for SFO

5 Leiing og organisering

Rektor har det administrative, pedagogiske og økonomiske ansvaret for skulefritidsordninga på sin skule. Skulefritidsordninga skal vera ein naturleg del av skulen si drift, og rektor skal samarbeida med den daglege leiaren.

Kvar skulefritidsordning har ein dagleg leiar som har det daglege ansvaret. Leiaren skal sikra kvaliteten i tilbodet og vidareutvikla det. Leiaren skal rettleia dei tilsette, og saman med personalet konkretisera og følgja opp målsettingane i kvalitetsplanen for skulefritidsordninga.

Samarbeidsutvalet ved skulen er styre for skulefritidsordninga. Det skal vera personale frå skulefritidsordninga tilstade når saker frå fritidsordninga vert behandla.

5.1 Strukturelle forhold

Skulefritidsordninga har vedtekter som er vedteken av Austevoll kommunestyre. Endringar i foreldrebetaling og justering av betalingssatsar vert gjort i kommunestyret.

Leiarnettverk

Leiarnettverk for skulefritidsordninga i Austevoll skal vidareutvikla og kvalitetssikra fagleg utvikling for personalet. Nettverket planlegg og gjennomfører felles personalmøte og kurs for dei tilsette. Dette styrkar skulefritidsordninga  som ein læringsarena, og det faglege påfyllet gir glød i arbeidet.

Planlegging/samarbeidstid

  • Annakvar veke felles for dei tilsette (timeplanfesta)
  • Personalmøte: Annakvar månad ettermiddag/kveld
  • 5 planleggingsdagar i skuleåret inngår i ein plan som skulen lagar

Bemanning og kompetanse

«Uavhengig av rammer, ressurser og aktivitetstilbud, er utøvelsen av voksenrollen til syvende og sist kanskje den viktigste kvalitetsfaktoren for barns og foreldres opplevelse av SFO. Voksenrollen handler om hvordan de ansatte ved SFO forholder seg til barna, men også om hvordan de SFO-ansatte forholder seg til hverandre, til foreldrene og til skolepersonalet.» Udir 2015.

Dei tilsette skal inngå i eit forpliktande samarbeid om å nå målsettingane for tilbodet i skulefritidsordninga. Det er eit mål at alle skal ha opplæring i metodikken LØFT og bruka den i det daglege arbeidet.
 

5.2 LØFT i SFO

LØFT står for løysingsfokusert tilnærming. Det er ein arbeidsmetode der kjenneteiknet er at ein fokuserer på å finna løysingar og positive vegar for utvikling. Den metodiske tilnærminga byggjer på tre læresetningar:

  • Det som fungerer, skal ikkje rettast på
  • Når noko verkar, gjer meir av det
  • Det som ikkje verkar, gjer det på ein annan måte

Alle vaksne i skulefritidsordninga skal arbeida løysingsfokusert ved å

  • aktivt søkja etter lysglimt
  • ta barna på fersken i å gjera noko bra!
  • gi barna positive tilbakemeldingar som er
    • personlege
    • konkrete og handlingsretta
    • forståelege for barnet
    • avlevert med entusiasme og energi
    • gitt til barnet så andre høyrer kva du rosar for
Fann du det du leita etter?