Skulefritidsordning / SFOLytt til tekstenStopp avspillingSkulefritidsordninga er eit frivillig tilbod til barn i 1. - 4. trinn før og etter skuletid. I Austevoll kommune har Storebø skule og Selbjørn skule SFO-ordning. SFO er eit tilbod før og etter skuletid for elevar på 1.-4. trinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. trinn. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass for barna, legga til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar. Opphald i haust-og vinterferie, siste veka i juni og vekene i august før skulestart, må føresette søka om. SFO Slik søker du plass i SFO Søknadsfrist for hovedopptak er 30. april kvart år, men du kan også søka resten av året. Barnet har plassen til og med 4. klasse, eller til plassen vert sagt opp. Du kan søke om SFO plass via Visma Flyt (innlogging med ID-porten) Søk SFO-plass Søknadsfrist Søknadsfrist for SFO er 30. april, men du kan også søka resten av året. Prisar Satsar for skulefritidsordninga (SFO) Teneste / tilbod Omfang 2021 2022 Heil plass per månad 2 612 2 682 Redusert plass per månad 1 743 1 790 Barn nr 2 heil plass per månad 1 959 2 012 Barn nr 3 og fleire, heil plass per månad 1 306 1 342 Barn nr 2 redusert plass per månad 1 306 1 342 Barn nr 3 og fleire, redusert plass per månad 872 895 Kjøp av ekstra dagar i skuleferiar per dag 150 155 Gebyr ved for sein henting per påbegynt time 250 250 Opphald i haust-og vinterferie, siste veka i juni og vekene i august før skulestart, må føresette søka om. Gebyr ved for sein henting er kr 250.- pr påbegynt time. Betaling vert fakturert på etterskot. Ved spørsmål om betaling og faktura i SFO, ta kontakt med leiinga ved skulen. Søskenmoderasjon for barn i SFO Søskenmoderasjon for barn 2 er 25 % og barn 3 med fleire er 50 %. Skal barnet ditt vera på SFO i ferie? Du kan melde barnet ditt på SFO i feriar ved å fylle ut elektronisk skjema her. Du må betala ekstra for opphald i feriar. Unntak er barn som har vedtak om redusert foreldrebetaling. Endra eller seie opp plassen Oppseiingstid er éin måned, rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Dette gjeld også ved endring av type plass. Oppseiing etter 1. mars medfører betaling ut juni månad. Du kan endre eller seie opp plassen via Visma Flyt (innlogging med ID-porten). Dersom du har problem med registrering eller innlogging, må du kontakte skulen. Endre eller seie opp plassen Vedtekter for SFO Austevoll kommune vedtekter SFO 2019 (DOC, 60 kB) Stønad til barnetilsyn I Austevoll kan du søke om redusert foreldrebetaling dersom du har krav på det. I tillegg har NAV ei ordning med stønad til barnetilsyn for einslege forsørgarar som jobbar, søker arbeid eller går på skule. Meir informasjon finn du på nav.no. Sist endra 21.02.2020 09.32
Søknadsfrist for hovedopptak er 30. april kvart år, men du kan også søka resten av året. Barnet har plassen til og med 4. klasse, eller til plassen vert sagt opp. Du kan søke om SFO plass via Visma Flyt (innlogging med ID-porten)
Oppseiingstid er éin måned, rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Dette gjeld også ved endring av type plass. Oppseiing etter 1. mars medfører betaling ut juni månad. Du kan endre eller seie opp plassen via Visma Flyt (innlogging med ID-porten). Dersom du har problem med registrering eller innlogging, må du kontakte skulen. Endre eller seie opp plassen