Austevoll kommune

Hei! Mitt namn er Kari.
Kva kan eg hjelpe deg med?

Søskenmoderasjon barn i barnehage og SFO

Søskenmoderasjon for familiar med barn både i barnehage og SFO

Ny ordning frå 01.01.21

Austevoll kommunestyre har vedteke ei ny søskenmoderasjonsordning for familiar med barn både i barnehage og i SFO. Ordninga medfører at du betalar for barn i barnehagen etter vedtekne satsar, og moderasjon slår inn for søsken som går i SFO.

Før nytt skuleår må søknader sendast før 1. august og vedtak om moderasjon gjeld frå 1. august og ut skuleåret. For søknader som kjem etter 1. august eller seinare gjeld vedtaket frå første heile månad etter at søknad er motteke, og ut skuleåret.

Søknadsskjema finn du når du loggar deg på Visma flyt skole.