Austevoll kommune

Bjellandsvegen - oppdatert informasjon

Elevane sitt skulemiljø

Elevane sitt skulemiljø

Skulen skal utvikla inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane vert oppmuntra og stimulert til fagleg og sosial utvikling. Eit systematisk arbeid er avgjerande for å skapa eit trygt og godt skulemiljø (Utdanningsdirektoratet).

Arbeid med elevane sitt skulemiljø 

Det viktige skjer hver dag on Vimeo

Det viktigaste er å førebyggja mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Det kan gjerast ved å

  • kontinuerleg arbeida for å byggja gode relasjonar mellom vaksen og elev, og mellom elevar 
  • kontinuerleg arbeida for eit inkluderande miljø og ein inkluderande kultur
  • systematisk kartleggja skulemiljøet og ha gode prosedyrar for å følgja opp
  • ha elevmedverknad i læringsmiljøarbeid

Det daglege arbeidet i skulen

Sosial læring gjennom arbeid med fag (udir.no)

Å fremja trygge og gode skulemiljø er ein del av den ordinære praksisen ved skulen og er oftast universelle tiltak som kjem alle elevane til gode. Gode skule- og læringsmiljø vernar mot mobbing og andre krenkingar. Ein føresetnad for at skular kan skapa gode og trygge miljø og hindra krenkingar, er eit systematisk førebyggjande arbeid. Det er fleire faktorar som er fremjande og oppretthaldande:

  • god leiing, organisasjon og kultur for læring
  • positive relasjonar mellom vaksen og elev, og elevar imellom
  • klasseleiing
  • heim/skule-samarbeid

Tiltak for å fremme fellesskap og miljø (udir.no)

Samarbeid heim-skule

Samarbeidet mellom heim og skule er eit gjensidig ansvar, men det er skulen som har hovudansvaret og skal ta iniativ til og leggja til rette for samarbeidet. Føresette er ein ressurs for å skapa eit godt skulemiljø. Engasjementet og sosiale ressursar som føresette har, er sentrale i skulen si formidling av skulen sine normer og verdiar. Elevane vil lettare ta til seg skulen sine normer og verdiar når føresette også støttar opp om desse. Skule/heim-samarbeidet skjer på ulike nivå; foreldregruppa som heilskap, FAU og i møte med einskilde. Skulane skal gi regelmessig informasjon om klassemiljø.