
Barna startar vanlegvis i grunnskulen det kalenderåret dei fyller 6 år.
Barn som skal starta i skulen og som er folkeregistrert i Austevoll kommune, vil på vinteren (mars) før skulestart få tilsendt innskrivingsbrev frå den skulen barnet høyrer til – nærskulen. Dersom du ikkje har motteke eit slikt brev, må du ta kontakt med nærskulen.
Skulestart
Det vert oppstart av nytt skuleår for alle elevar i grunnskulen onsdag 18. august 2021
SFO er open frå 07.00 til 16.15.
Elevar frå 2.-4. trinn med heil SFO-plass kan vera på SFO frå kl 07-09.45.
Elevar med redusert plass kan vera på SFO frå kl 08.10 til 09.45
Elevane møter i elevaula/kultursal (inngong D)
SFO ved skulen er open
Austevoll ungdomsskule oppstart kl 08.15
Vaksenopplæringa oppstart kl 09.00
Kulturskulen har oppstartssamlingar i perioden 18.-23. august. Informasjon om kva oppstartssamling ein skal delta på vert sendt pr e-post. Sjå òg på Austevoll kommune si nettside.
Vel møtt til nytt og lærerikt skuleår!
Barna startar vanlegvis i grunnskulen det kalenderåret dei fyller 6 år.
Alle som er registrert i folkeregisteret i Austevoll kommune, vil på vinteren før skulestart få tilsendt innskrivingsbrev frå den skulen barnet høyrer til – nærskulen. Dersom du ikkje har motteke eit slikt brev, må du ta kontakt med nærskulen.
Dersom foreldre søkjer om det eller samtykker, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skulen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.
Dersom du ønskjer å få vurdert om barnet bør utsetja skulestarten eller å få vurdert om barnet ditt er kome langt nok i utvikling til å begynna på skulen, ta kontakt med PPT (pedagogisk psykologisk teneste).
PPT skriv sakkunnig vurdering, og Austevoll kommune gjer eit grunngitt vedtak.
Søknadsfrist: 1.mars det året barnet fyller 5 år.
Det er viktig å ta kontakt med PPT i god tid før søknadsfristen.
Rett og plikt til grunnskuleopplæring varar til eleven har fullført sitt tiande skuleår. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det.
PPT må vurdera om det er til beste for eleven å verta friteken. Dette følgjer av opplæringslova §2-1, fjerde ledd.
Slik søkjer du:
Dersom du ønskjer å få vurdert om særlege omsyn talar for at eleven heilt eller delvis bør fritakast frå opplæringa, kontakt PPT.
Når PPT har skrive ei sakkunnig vurdering om dette, kan du senda ein grunngitt søknad til kommunen. Den sakkunnige vurderinga må vera vedlagt søknaden.
Når søknaden er vurdert vil du motta eit grunngitt vedtak. Her kjem det fram informasjon om klagerett.
Ferie og fridagar skuleåret 2021-2022
Publisert 03.08.2020 09.23
Sist endra 06.08.2021 08.55