Krenkingar er ord eller handlingar som barn og unge opplever som krenkande for integriteten sin, eller som gjer at dei kjenner seg ekskludert frå eit fellesskap.
Krenkingar vert mobbing når åtferda er gjenteken negativ eller vondsinna, og kjem frå ein eller fleire retta mot ein som har vanskeleg for å forsvara seg. Gjenteken erting på ein ubehageleg eller sårande måte er også mobbing.
Det er mobbing når:
- nokon vert utsett for negative handingar frå ein eller fleire
- hendingar pågår over tid
- det er ubalanse eller ujamt styrketilhøve mellom den som plagar og den som vert plaga