Visma Flyt Skole - Portal for føresette
Skulane i Austevoll brukar Visma Flyt Skole som skuleadministrativt system. Elevar, klassar, lærarar og føresette er registrert i dette systemet, og fråvær, merknader og karakterar blir lagt inn her. I Visma Flyt Skole behandlar vi også mellom anna permisjonssøknader for elevar og SFO-søknader.
Publisert 06.01.2023 13.25
Sist endra 04.04.2023 11.46
Innlogging fullversjonen av Visma Flyt Skole
Føresette-app - Min Skole
Austevoll kommune brukar Visma Flyt Skole sin føresette-app Min Skole som kommunikasjonskanal mellom heim og skule.
Alle meldingar som vert sendt mellom skulen og føresette via føresette-appen Min Skole, vert loggført på eleven si meldingsfane i Visma Flyt Skole.
NB - Ikkje send sensitiv informasjon (som detaljar om sjukdom eller mistrivsel) i føresette-appen, og heller ikkje på sms eller e-post til skulen.
Les meir om korleis du lastar ned føresette-appen, og korleis du brukar den.
Webversjonen av Visma Flyt Skole
Som føresett kan du logge på webversjonen av Visma Flyt Skole med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).
I webversjonen kan du mellom anna:
- Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er riktig
- Gje samtykke
- Følgje med på fråvær, merknader, vurderingar og karakterar som er ført på eleven. Fråvær og merknader kan du også sjå i føresette-appen.
- Søke, seie opp eller endre SFO-plass
- Søke om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i SFO
- Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass
- Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har
Har du problem med tilgang?
Dersom du har problem med tilgang som føresett, tar du kontakt med skulen.
I føresett-appen Min Skole registrerer du fråvær på barnet ditt. Dette bør du gjera så tidleg som mogleg den aktuelle dagen.
Innlogging til fullversjonen av Visma Flyt Skole (link) er i utgangspunktet tilpassa tilsette si innlogging på mobiltelefon eller nettbrett. Dersom du får opp mobilsida med overskrift "Visma Flyt Skole - Ansatt" må du klikka på "Fullversjonen av Visma Flyt Skole" for å logga på som føresett.
Føresette loggar på med ID-porten (MinID/BankID eller tilsvarande).
I føresett-appen Min Skole loggar du på med ID-porten første gang, og lager ein pin-kode som skal brukast ved seinare påloggingar.
Før du kan gje samtykke, må du først registrera generelt samtykke.
Det gjer du ved å klikke på "Generelt samtykke" på forsida av foreldresida til Visma Flyt Skole, i webversjonen.
Deretter kan du gå inn på det enkelte barnet og redigere samtykke (klikk på lenkja "Rediger" til høgre for kvart samtykke).
Du kan ikkje gje samtykke i føresett-appen.
Skulane sender ut skjema med feriepåmelding til føresette med barn i SFO,