Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Min Skole - Føresette-appen

Austevoll kommune brukar Visma Flyt Skole sin føresette-app Min Skole som kommunikasjonskanal mellom føresette og skulen.

Min Skole - føresette-appen har desse hovedfunksjonane:

  • Sende og motta meldingar mellom føresette og skule
  • Føresette kan registrere fråvær på eigne barn
  • Føresette kan få varslar frå skulen om fråvær/merknader (dersom denne funksjonen er aktivert på skulen det gjeld)
  • Tilgang til digitale skjemaer via lenkje i app-melding

NB! Vi minnar om at føresette ikkje må sende sensitiv informasjon (for eksempel helseopplysningar) verken i appen, i e-post eller i sms-meldingar til skulen.

Appen bør fortrinnsvis brukast til kortare meldingar. Kontakt skulen på telefon, eller avtal eit møte, dersom det er behov for å gje informasjon som ikkje eignar seg i appen.

Føresetnader for å bruke appen

Du må laste ned appen frå Google Play (Android) eller App Store (iPhone). Appen heter Min skole - foresatt.

 

Første gong du loggar inn i appen, må du logge på med ID-porten (BankID/MinID) og opprette ein personleg pin-kode.

 

Appen må vere klargjort for skulen til barnet ditt - vent med å ta den i bruk til du har fått melding frå skulen.

Last ned Min skole føresett-appen

Føresette som ikkje har smarttelefon

Føresette som ikkje har smarttelefon, og dermed ikkje kan ta i bruk appen, kan logge inn på fullversjonen av Visma Flyt Skole, og sende meldingar til skolen der.

Slik brukar du appen

  • Når du har logga inn i appen, vel du kva barn det gjeld (dersom du har fleire barn som går på skule i Austevoll kommune).
  • Deretter vel du om du skal lese eller sende melding, eller om du vil melde eit fråvær.
  • Dersom du vil sende melding til skulen, kan du velje ein eller fleire mottakarar frå ei liste i appen, der du også ser kva rolle mottakarane har når det gjeld barnet ditt. Kven du kan sende melding til, vil vere avhengig av oppsettet som er gjort på skulen. Det kan for eksempel vere desse:
    • Kontaktlærar
    • Klassegruppeansvarleg
    • Faglærar
    • SFO-leiar (barnetrinn)

Når du melder fråvær, blir dette registrert rett inn i det skuleadministrative systemet, og blir synleg for både SFO-tilsette og eleven sine lærarar.

Bruk fråværsfunksjonen - og ikkje meldingsfunksjonen - til å melde fråvær. Du kan melde fråvær fram til skoledagen sluttar for det aktuelle trinnet.

Som føresett kan du endre på dine egne varslingsinnstillingar, innanfor dei instillingane som den enkelte skule har lagt til rette for. Du endrar eigne varslingsinnstillingar når du loggar inn i fullversjonen av Visma Flyt Skole, og deretter vel Varslingsinnstillinger på framsida.

Alle meldingar som blir sendt mellom føresette og skulen i appen, blir lagt på eleven si meldingsfane i Visma Flyt Skole, og vert arkivert som digital meldingsbok ved slutten av skuleåret.

Sjå full brukarrettleiing for Min skole føresett-app (PDF, 714 kB) og Visma si eiga informasjonsside for føresette.