Austevoll kommune

Bjellandsvegen - oppdatert informasjon

Betre tverrfagleg innsats

Betre tverrfagleg innsats

I Austevoll ønskjer me å jobbe heilskapleg og systematisk for å sikre at barn og unge får ein trygg oppvekst, og at dei har det bra både heime, i barnehagen, på skulen og på fritida.

Heimen, barnehagen, skulen og fritidsaktivitetar er viktige arenaer for at barn skal få dekka sine grunnleggande behov for tryggleik og kjærleik, at dei får fagleg og sosial utvikling, og ei god psykisk og fysisk helse.

Me som arbeider med barn og unge har eit ansvar for å sjå etter kjenneteikn på at barn og unge har det bra, og fange opp teikn og signal når noko forstyrrar barnet si grunnleggande tryggleik og utvikling.

Gjennom satsinga på BTI ønskjer Austevoll kommune å arbeide systematisk for at alle som jobbar med barn og unge har nødvendig kunnskap til å oppdage uro tidleg.

 

Kontaktinfo

Maria Vatnøy
Prosjektleiar BTI
E-post