3.september hadde prosjektet kickoff i "Løo" med alle einingar representert, samt KoRus.
Målet var å gje alle ei betre forståing for arbeidet med å samordne einingar og prosessar i kommunen.
Frå oppsummeringa av kickoff og tilbakemeldingane, vart det ein del tema som merka seg ut.
Det er 3 tema som utmerkar seg, som også er samanfallande med tilbakemeldingane frå undersøkinga(KoRus).
- Samhandling/Overgangar
- Bekymring til Handling
- Kompetanse (På kort og lengre sikt)
Vidare arbeid vart å sette opp arbeidsgrupper for punkt 1 & 2.
Tilsette i kommunen og frå dei private barnehagane var positive til å sitte i arbeidsgruppene, og styringsgruppa kunne gå i gong med å sette opp møteplan og kalle inn til første møte med arbeidsgruppene. Av mål for arbeidsgruppene, var det viktig at arbeidsgruppene fekk breiast mogleg fagleg tyngde, og at det vidare arbeidet var forankra i arbeidet ut på kvar einskild eining.
Målet er at arbeidet skal vere overkommeleg, og prosjektleiar vil vere med på alle møte, for å hjelpe til med framdrifta i arbeidet.