Skule- og barnehagerute

Alle elevar i grunnskulen skal ha eit skuletilbud 190 dagar i året. Fordelinga av desse er lagt inn i skule- og barnehageruta for Austevoll kommune.

Skule- og barnehageruta er felles for alle skulane i kommunen med lik start og avslutning av skuleåret, og korresponderer med dei andre kommunane i regionen

Opplæringslova § 2-2 gir kommunen heimel til å gi forskrift om skule- og feriedagar i skuleåret for elevane. Opplæringa til elevane skal strekkja seg over minst 38 skuleveker innafor ei ramme på 45 samanhangande veker i skuleåret.

Undervisingspersonalet skal ha 6 dagar til planlegging, og desse vert lagt utanom elevane sitt arbeidsår.

 

Skule- og barnehagerute 2016 -2017 (PDF, 113 kB)(Vedteken i tenesteutvalet 24.11.2015)

 

Skule- og barnehagerute 2017-2018 (PDF, 478 kB) (Vedteke i tenesteutvalet 17.01.2017)

Sist endra 20.01.2017

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS