Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Bustønad

Bustønad er ei støtteordning for dei som har lav inntekt og høge buutgifter.

Her finn du ut om du er i målgruppa
Her kan du rekna på om du kan få stønad

Korleis søke?
For å behandla søknaden din treng vi informasjon om buutgiftene dine. Informasjon om inntekta di vert henta inn automatisk.

Vedlegg til søknaden:

  • Husleigekontrakt, dersom du leiger bustad
  • Nedbetalingsplan på bustad lånet ditt, dersom du eig bustad
  • Dokumentasjon på eventuelle fellesutgifter, dersom du bur i burettslag, sjølveigebustad i sameige, aksjeleilegheit eller obligasjonsleilegheit

Slik søker du bustønad

Du kan få hjelp til å fylla ut søknaden på servicekontoret i kommunen.

Dersom du fyller ut papirsøknad, send den til: Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø. 

Søknadsfrist
Søknadsfristen er 25. kvar månad. Du får svar på søknaden innan 20. neste månad. Utbetaling av bustønaden er den 20. kvar månad.

Kva skjer vidare?
Får du bustønad vert søknaden din automatisk overført til neste månad om det ikkje er endringar. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

Husk å melda frå om endringar

Har inntekta di gått opp eller ned? Eller har nokon flytta inn eller ut av husstanden din? Skal du flytta? Hugs at du har plikt til å melda frå  dersom det er endringar som kan ha betyding for utrekninga av bustønad.

Klage
Dersom du meiner  at noko er feil i vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du tok i mot vedtaket.

Slik klagar du

Kontaktinfo

Patrycja Sæle
Spesialkonsulent økonomi
E-post
Telefon 55 08 11 28
Tove Espedal
Spesialkonsulent økonomi
E-post
Telefon 55 08 11 25

Opningstider

Måndag til torsdag: 08.00-16.00, fredag til 15.30

Sommertid: (1. mai - 14. september.)
Man-fre: 08.00-15.00