Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Har du behov for følge eller assistanse for å gå på offentlege arrangement eller transport, kan du søke om følgekort. Følgekortet gir deg rett til å ha med ein assistent som slepp å betale for billetten sin.
Publisert av Liv Janne Klepsvik
Publisert 04.06.2018 13.03
Ledsagerbevis er for personar som er over 8 år, som på grunn av funksjonsnedsetting har behov for ledsager på arrangmenter, kollektivreiser og fritidsaktivitetar. Ordninga er for å forebygga isolasjon og gi auka livskvalitet til enkeltpersonar med funksjonsnedsetting.
Eit ledsagerbevis gjer det mogeleg å ta med seg ein ledsager utan ekstra kostnadar på kultur- og fritidsarrangement og på transportmidlar der ordninga vert akseptert. Du betaler sjølv gjeldande prisar.
- Søkar må vere busatt i Austevoll kommune.
- Det må vere behov for bistand for å kunne delta på kultur- og fritidsarrangement eller for å reise på offentleg transport.
- Søkar på ha fylt 8 år.
Dersom du har fått avslag på søknaden om ledsagerbevis kan kommunen gje deg rettleiing om korleis du kan klage. Klagen skal sendast til kommunen, som skal vurdere saka på nytt.