Ledsagerbevis er for personar som er over 8 år, som på grunn av funksjonsnedsetting har behov for ledsager på arrangmenter, kollektivreiser og fritidsaktivitetar. Ordninga er for å forebygga isolasjon og gi auka livskvalitet til enkeltpersonar med funksjonsnedsetting.
Eit ledsagerbevis gjer det mogeleg å ta med seg ein ledsager utan ekstra kostnadar på kultur- og fritidsarrangement og på transportmidlar der ordninga vert akseptert. Du betaler sjølv gjeldande prisar.