Introduksjonsprogram for flyktningar
Flyktningar som vert busette i Austevoll kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.
Deltakar i introduksjonsprogrammet får innvilga introduksjonsstønad.
Dersom du busett deg utan at det er avtalt med kommunen, mistar du retten til å delta i introduksjonsprogrammet.
Korleis få tilbodet?
Ta kontakt med NAV Austevoll ved flyktningkoordinator Isabell Tøkje for råd, rettleiing og for å søke om deltaking i introduksjonsprogrammet.
Kva går introduksjonsprogrammet ut på?
Gjennom programmet vil du lære norsk og få kunnskap om det norske samfunnet. Du vil også få prøve deg i arbeidslivet. Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpe deg ut i jobb eller utdanning, slik at du kan klare deg sjølv økonomisk.
Publisert 13.06.2018 14.09
Sist endra 21.03.2022 15.15