Publikumsmottaket ved NAV Austevoll er frå 11.01.21 opent onsdagar og fredagar frå 12.00-14.00 fortrinnsvis for ikkje-digitale brukarar, og for henvendingar som ikkje kan løysast gjennom digitale kanalar (med anna sosiale tenester). Andre henvendingar til NAV må rettast via digitale kanalar (www.nav.no/DittNAV, telefon og videomøter), der du også kan melde inn behov for timeavtale.
Spørsmål vedkomande utbetaling av dagpengar, sjukepengar, individstønad og andre statlege ytingar må også rettast til NAV via www.nav.no/DittNAV eller NAV kontaktsenter på tlf. 55 55 33 33.
NAV Austevoll vil be besøkande ta omsyn til smittevernreglar og til dei smitteverntiltak det er lagt opp til i publikumsmottaket. Med anna er det avgrensa kor mange som kan vere inne i publikumsmottaket samstundes, og ved kø vert besøkande oppfordra til å vente utanfor mottaket.
Søknad om økonomisk sosialhjelp kan sendast digitalt. Sjå informasjon og rettleiing under.
Økonomisk sosialhjelp.
I akutte situasjonar, til dømes at du akutt er utan pengar til mat, stad å sove komande natt eller andre akuttsituasjonar, kan du utover opningstidene i publikumsmottaket i NAV kontakte Austevoll kommune v/servicekontoret på tlf. 55 08 10 00.
På NAV Austevoll skal du få oppfølging som er naudsynt ut frå din situasjon til å kome i jobb. Våre medarbeidarar vil saman med deg snakke om din arbeidserfaring, utdanning, kompetanse, ferdigheiter, interesser og moglegheiter eller utfordringar for å kome i jobb. Saman ser vi på og vurderar kva behov du har for hjelp frå NAV for å kome i arbeid. Har du behov for kvalifisering, arbeidstrening eller andre tiltak i samband med jobbsøking, skal vi saman med deg utforme ein plan for kva aktivitetar og eventuelle tiltak som vil vere aktuelle for deg.
NAV
Dersom du vil ha ein samtale med rettleiaren din på NAV for arbeidsretta oppfølging, må du ringe oss først på for at me skal kunne sette av eit samtaletidspunkt for deg. Då er du sikker på at rettleiaren din er ledig og er førebudd til samtala før du kjem. Du kan også kommunisere med NAV elektronisk ved å logge deg inn på Ditt NAV, og sende meldingar til NAV via funksjonen "Send beskjed til NAV".
På nav.no finn du dei riktige svara om rettar og utbetalingar, og om kor lang tid sakshandsaminga tek. Her kan du også registrere deg som arbeidssøkjar, få gode tips om korleis du går fram, du kan sende søknader og sjekke kor langt saka di er komen og kor mykje du får utbetalt - og i tillegg mykje anna du kan ordne sjølv
Mykje meir effektivt enn å stå i kø, ingen reiseveg og ope heile døgeret!
Finn du ikkje svar på det du lurar på, ta kontakt NAV.
Pensjonsekspertane i NAV svarar deg på telefon 55 55 33 34. Sjekk først om du finn det du treng på nav.no/dinpensjon.
Ta med deg kodebrikke slik at me kan hjelpe deg med sikker innlogging på nav.no