Tilpassing av bustad

Dersom ein har behov som tilseier det, kan ein søke om midlar til tilpassing av bustad.

De finn søknadsskjema på www.husbanken.no

Gå til «Privatperson» – «Startlån og tilskudd» - «Søk startlån og tilskudd».

Der finn de informasjon om både startlån og tilskudd.

Det må leggast ved følgande dokumentasjon:

Vedlegg til søknad om tilskott til utbetring frå Husbanken

I tillegg skal følgande leggast ved alle søknadar:

  • Siste års skattemelding
  • Lønnsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadane
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn lønn og trygd
  • Stadfesting på anna finansiering/eigenkapital
  • Kopi av gyldig legitimasjon
  • Prisoverslag på arbeidet frå (to?) firma
  • Ved nedsatt funksjonsemne: legeattest/rapport frå ergoterapeut/fysioterapeut