Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Vaksinasjon

Oppdatert informasjon om koronavaksinasjon i Austevoll pr 23. juli

Austevoll kommune får mange vaksinedosar framover. Alle er velkomen til å bestille time til dose 1 sjølv. Det er no mange ledige timar den 4. og 5. august. Ingen skal sjølv bestille time til dose 2 - du vil bli innkalla når det er din tur.

Mange ledige dose 1 vaksinar i veke 31.

Klikk for stort bilete               
 

Vaksinerte til no
Dato oppdatert 23.07.2021 Tal personar som har fått første dose vaksine fram til no Tal personar som er fullvaksinerte med to dosar fram til no
Per 23.07.2021 (veke 29) 2406 1500
Per 16.07.2021 (veke 28) 2064 1500
Per 09.07.2021 (veke 27) 2052 1308
Per 02.07.2021 (veke 26) 1962 1248
Per 25.06.2021 (veke 25) 1740 1248
Tal vaksinedosar som Austevoll mottek
Veke nr Tal dosar motteke i kommunen Tal dosar til 1. dose Tal dosar til 2. dose
31 (2/8-8/8) 636 636 0
30 (26/7-1/8) 366 366 0
29 (19/7 - 25/7) 342 342 0
28 (12/7-18/7) 204 12 192
27 (5/7-11/7) 150 90 60

Om prognosane fra FHI over tal vaksinedosar levert i sommarvekene innfrir, kan alle innbyggjarar i Austevoll ha fått tilbod om første dose innan 12. august. Vaksineringa foregår på Storebø skule. Prognosen er usikker.

Austevoll kommune oppdaterer denne nettsida når vi mottar ny informasjon. Nettsida vil difor ikkje bli oppdatert kvar dag.

Lurar du på noko om koronavaksine og koronasertifikat skal du ikkje ringe fastlegekontoret. Mange telefonar blokkerer telefonlinjer for dei som treng helsehjelp. Dette er ekstra viktig no i ferietida.
God og oppdatert informasjon finn du på helsenorge.no eller FHI. Finn du ikkje svar på spørsmåla dine der, finst det ein chat-funksjon på helsenorge sine sider.

Ta kontakt med kommunen sitt sentralbord telefon 55 08 10 00 viss du framleis ikkje finn svar på spørsmåla dine.

Lenke til informasjon om koronasertifikat

Frå nasjonalt nivå er det førespegla ei betydeleg auke i tilførsel av vaksinar i sommarmånadene, og kommunen planlegg for massevaksinering. I veke 31 mottar kommunen totalt 574 dosar.

Tildeling av vaksinar til kommunen baserer seg på aldersfordeling i befolkninga og smittetrykk. Austevoll kommune er i tillegg ein av mange kommuner som får færre vaksinar pga prioritert vaksinering i Oslo-området. Kommunen kan ikkje sjølv påverka tildeling av vaksinar. FHI si prioriteringsrekkefølgje må følgjast. 

Informasjon om elektronisk timebestilling for vaksine:
Kommunen sender ut brev via Digipost/eBoks/Altinn med tilbod om å bestille time sjølv for vaksinering på Helsenorge. Det blir sendt ut brev kvar fredag til dei dette er aktuelt for. Vi oppmodar deg til å opna dette elektronisk så snart som mogleg. 

  • Får du elektronisk brev via Altinn: Dersom du ikkje opnar brevet blir det sendt ut som brev per post. Grunna sein postgang vil dette ta tid.
     
  • Får du elektronisk brev via Digipost/Eboks: Dersom du ikkje opnar brevet blir det ikkje sendt ut som brev per post.
     
  • Dersom du har reservert deg for å bruka elektronisk post: Du får tilsendt brev per post. Grunna sein postgang vil dette ta tid.

For å bestille time for vaksine må du ha adresse og fastlege i Austevoll, ha norsk mobilnummer og elektronisk ID (BankID eller MinID). Brevet gir ein utfyllande beskrivelse. Vi understrekar at dette tilbodet berre gjeld dei som mottar brevet.

Det har vore fleire planlagte endringar i tidsintervallet mellom første og andre dose av mRNA-vaksinar. Sidan det no er noko usikkerheit rundt leveransar av Pfizer-vaksine for juli skal doseintervall på 12 veker oppretthaldast inntil det blir gitt nærare informasjon. Dette gjeld alle som er 65 år og yngre utan underliggjande sjukdommar samt helsepersonell (prioriteringsgruppe 8 og nedover) med tilbakeverkande kraft frå vaksinasjon i veke 20.

Informasjon om mottak av dosar
Kommunen får framleis informasjon om kor mange dosar vi blir tildelt berre 10 dagar før dei kjem. Kommunen har oversikt over kven som skal bli vaksinerte etter FHI sin prioriteringar. Vi har ikkje nokon informasjon om kor mange dosar som eventuelt er blitt omfordelt til andre kommunar.

Registrering i Vaksinekø er avslutta. Journalsystemet helsesenteret nyttar har i etterkant utvikla eit tilbud for innkalling til vaksinering. Er du folkeregistrert i Austevoll kommune vil du få tilbud om vaksine når det er din tur.

Om vaksineprogrammet:
Vaksineringar skjer etter prioriteringar satt av FHI.

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Vaksinen er gratis og kvar person treng 2 dosar. Dei som har gjennomgått koronainfeksjon er å betrakta som fullvaksinert etter ein dose.

Les meir om koronavaksinasjonsprogrammet på FHI sine nettsider

Vaksinasjon