Tredje oppfriskningsdose
Tredje dose blir anbefalt for å redusere risikoen for å smitte andre og for å minske sjansen for å sjølv bli sjuk. Beskyttelsen du får av første og andre dose mot å bli smitta av koronaviruset blir redusert over tid. Ein tredje vaksinedose vil friske opp denne beskyttelsen.
For meir informasjon angåande dose 3, sjå: Koronavaksine - helsenorge.no
Austevoll kommune tilbyr vaksinering av barn 5-11 år, samt dose 2 for barn 12-15 år. *Dette er mest aktuelt for barn med kroniske sjukdomar, barn som har kontakt med personar med auka behov for beskyttelse, og barn som har auka risiko fordi dei skal flytte eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegere tilgang til helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre årsaker lever i ein utsett situasjon. Ein dose blir vurdert til å gi god beskyttelse, men det er mogleg å gi dose 2 etter 8-12 veker. Det må leverast skriftleg samtykke frå begge føresette for kvar dose for barn under 16 år.
Ta kontakt med helsestasjonen dersom du ønsker vaksinering av barnet ditt.
Tilbod om vaksine mot koranavirus for barn mellom 5-12 år
For meir informasjon, sjå FHI si nettside.
Gravide
Gravide kvinner har høgere risiko enn ikkje-gravide kvinner på samme alder for å utvikla eit alvorleg forløp av covid-19, sjølv om den absolutte risikoen er låg. Det blir anbefalt at alle gravide blir fullvaksinert mot covid-19 for ein god beskyttelse mot alvorleg sjukdomsforløp av covid-19. I dag er det anbefalt vaksinering for gravide i 2. og 3. trimester. Ved risikofaktorar hos mor eller høg smitterisiko kan ein også vurdera vaksinering i 1. trimester. Det er ikkje nødvendig å venta med å bli gravid etter vaksinasjonen. Gravide er anbefalt å ta ein oppfriskningsdose når det er gått minst 20 veker etter andre dose. Vaksinasjon i svangerskapet vil også beskytte barnet etter fødsel. For meir informasjon, les mer om gravide og oppfriskningsdose (FHI).
Fjerde oppfriskningsdose
Personar med alvorleg svekka immunforsvar, som allereie har mottatt 3 dosar i grunnvaksineringa , blir tilbudt ein fjerde oppfriskningsdose. Det må gå minimum tre månader mellom tredje og fjerde dose. For mer info, sjå under.
Vaksinasjon av 12-15 åringar
Dersom din 12-15 åring ikkje er blitt vaksinert, ver venleg å ta kontakt med helsestasjonen. Det vil framover bli tilbod til dei som fyller 12 år i løpet av 2022. Dei som tidlegare har gjennomgått covid-19 er førebels ikkje anbefalt vaksinering.
Vaksinasjon av 16 og 17 åringar
For personar som er fødde i 2004 og 2005 er det av FHI bestemt at det skal gå mellom 8 og 12 veker før dose 2. Ta kontakt på mobil: 966 34 495 om du ikkje er vaksinert med dose 1 eller 2.
Til deg som er fødd i 2004 og fyller 18 år i løpet av 2022 kan du vaksinerast med dose 3 når det er gått minst 20 veker sidan dose 2.
Tidsintervall
Minimum intervall mellom vaksinering av to Pfizerdoser er 3 veker.
Minimum intervall mellom vaksinering av Pfizer og Moderna eller to doser Moderna vaksine er 4 veker.
Det er anbefalt å setje dose 2 innan 12 veker.
For personar fødd i 2004 og 2005, skal det gå 8-12 veker mellom første og andre dose. Det er ikkje tilbod om dose 3 for dei som er under 18. år.
For personar fødde i 2006-2009 er det anbefalt ein dose, men det kan vaksinerast med dose 2 etter 8-12 veker. Ta kontakt med Austevoll helsastasjon om du ynskjer dette for ditt barn.
Mimimum intervall mellom dose 2 og 3 er 20 veker.
Mimimum intervall mellom dose 3 og 4 (gjeld immunsupprimerte) er 3 månader.
mRNA vaksinene Pfizer og Mofderna byggjer på same teknologi og kan likestillast.
Oppfriskingsdose for dei med 2 doser + infeksjon
FHI anser at påvist covid-19 hos grunnvaksinerte < 65 år meir enn 3 veker etter dose 2, medisinsk sett kan erstatte behovet for oppfriskningsdose. For aldersgruppa 65 år og eldre er det anbefalt oppfriskingsdose om covid-19 blir påvist før det har gått 3 månader frå dose 2. EU har imidlertid beslutta at påvist covid-19 hos grunnvaksinerte ikkje kan sidestillast med oppfriskningsdose i koronasertifikatet. Påvist covid-19 gir imidlertid gyldig sertifikat i perioden 11-180 dagar etter positiv test. Covid-19-forskrifta gir også lettelser rundt smittekarantene for personar i Norge avgrensa inntil 3 månader etter gjennomgått infeksjon, og i tillegg til dei som har fått oppfriskingsdose for minimum 1 veke sidan.
FHI har derfor opna for at enkelte som ynskjer oppfriskningsdose til tross for gjennomgått infeksjon etter dose 2 kan få det. Vaksine skal ikkje gis før 3-4 veker etter infeksjon, og er anbefalt å gis etter det har gått 3 månader.
Koronavirus
Her finn du gjeldande informasjon og oversikt over råd og regler om koronavirus, vaksinering, vaksinesertifikat, smittekarantene/ isolasjon med meir her:
Koronavirus - helsenorge.no
Vaksinasjon
Fullvaksinerte* må etter 1. februar ta oppfriskningsdose dersom det er gått meir enn 270 dagar (ca 9 månader) sidan siste vaksinedose for å ha eit fortsatt gyldig koronasertifikat. Etter at du har tatt oppfriskningsdose med vaksine vil gyldigheten bli forlenga utan begrensning.
Gjennomgått covid-19 erstattar ikkje oppfriskningsdose, men gir fortsatt gyldig koronasertifikat i 180 dagar. Etter dette må ein ta oppfriskningsdose for å forlenge gyldigheten.
Meir informasjon: https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/endringer-i-gyldighet-for-koronasertifikatet-for-fullvaksinerte
og Om koronasertifikatet - helsenorge.no
Ulike land kan ha ulike krav, derfor er det fortsatt viktig at alle som skal ut og reise sjekker nettsidene Reopen EU.
* Fullvaksinert = to dosar for alle utanom immunnsupprimerte, for desse gjeld det at ein er fullvaksinert med tre dosar.
Ledige timar finn du på helsenorge.no
-
Logg inn på HelseNorge (www.helsenorge.no)
-
Vel: Bestill time og gå direkte til timebestilling koronavaksine
-
Ingen ledige timar førstkommande veke?
Det ligg fem ulike lister for koronavaksine, nummerert frå 1-6. Om det ikkje er ledige timar på liste 1 kan det vere ledig på liste 2 osv. Dette er mest oversiktleg å gjere på PC framfor mobil. NB! Du må gå tilbake til hovudsida for å velje ny timeliste.
Har du ikkje blitt vaksinert med 1. eller 2. dose, og oppsatte vaksineringsdatoar ikkje passar, ver venleg å ta kontakt på mobil: 96 63 44 95 eller legekontoret 55 08 10 50 for individuell avtale på Austevoll legesenter. Det er mogleg å bli vaksinert med Pfizer (Comirnaty) eller Moderna (Spikevax).
Generelle spørsmål angåande koronavaksine og koronasertifikat sjå oppdatert informasjon på helsenorge.no eller FHI. Finn du ikkje svar på spørsmåla dine der, finst det ein chat-funksjon på helsenorge sine sider.
For kontakt med vaksinekoordinator i Austevoll: Smittevern@austevoll.kommune eller 966 34 495.
Ta kontakt med Austevoll helsestasjon når det gjeld vaksinering av barn fødd i 2006 eller tidlegare (under 16 år).
Vaksinasjonen av 12-15-åringane skal bestå av ein dose i denne omgang. FHI vil fortløpande vurdera om barna treng ein andre dose. For å få status som fullvaksinert i koronasertifikatet treng ein to dosar, så sant ein ikkje har gjennomgått covid-19. Dette gjeld også barn og unge sjølv om den medisinske anbefalinga er kun ein dose. Er ein usikker på om barnet har gjennomgått covid-19-infeksjon (ikkje laboratoriebekrefta), kan ein dose vaksine tilbydast.
På noverande tidspunkt er dei norske reglene for koronasertifikat de samme uansett alder, det vil seie at dosen barna tilbydast vil vise som 1 av 2. Den vaksinerte vert rekna som beskytta f.o.m 3 uker t.o.m 14 uker etter fyrste vaksinedose. Kontrollsida for grensepassering (EU/EØS) vil etter ein dose ha ein QR-kode der dosen vil vise som 1 av 2, når ein eventuelt får andre dose, vil QR-koden vise siste dose som 2 av 2. Det er kun nokre få land som vil akseptera QR-koden med 1 av 2 for innreise. Med andre ord vil 12-15-åringer i all hovudsak ikkje kunne reise på like vilkår som fullvaksinerte. Vi anbefaler alle å setje seg inn i innreisereglane til landet dei skal reise til (ved reiser i Europa for eksempel gjennom Re-open EU nettsidene)
Når det gjelder innreisereglene til Norge er det omtalt
På regjeringas sider
På HDIRs sider
I covid-forskriften
Vaksinasjon med to ulike koronavaksiner
Fleire nordmenn får tilbod om vaksine frå legemiddelprodusenten Moderna når dei skal ta 2. dose, sjølv om dei fekk vaksine frå BioNTech/Pfizer som første dose. Austevoll kommune kan ikkje sjølv påverke kva vaksine kommunen får tilsendt. Det å kombinere vaksinar gir like god beskyttelse og medfører ingen større risiko for alvorlege biverknader, enn det å få vaksine frå same produsent.
I koronavaksinasjonsprogrammet i Norge blir både mRNA-vaksinene frå BioNTech/Pfizer og Moderna (sjå over) nytta. Det trengst to dosar for å få best mogleg beskyttelse. Sidan målet er å oppnå det for flest mogleg raskest mogleg, vil nokon få tilbod om ein kombinasjon av dei to koronavaksinane.
Vaksinane baserer seg på same teknologi. De er svært like i korleis dei er bygd opp og fungerer. I situasjonar der det i praksis er vanskelag å tilby begge dosar med same vaksine, anbefalar Folkehelseinstituttet å kombinere dei to vaksinane. Slik kombinasjon av koronavaksinar blir brukt i ei rekke land, blant anna i Canada og Storbritannia.
Det er forventa minst like god beskyttelse av vaksinane gitt i kombinasjon, som når begge dosar blir gitt med same vaksine. Det pågår studiar på dette. Kombinasjon av ulike vaksinar er heller ikkje uvanleg for andre sjukdommar.
Begge vaksinane gir noko mer uttalte biverknader etter andre dose enn etter første dose. Koronavaksinen Spikevax (Moderna) kan gje noko meir og kraftigare biverknader enn BioNTech/Pfizer-vaksinen. Dette gjeld vanlege, men kortvarige biverknader som mellom anna smerter og hevelse på stikkstaden, tretthet, hodepine, muskel- /leddsmerter og feber. Dette går vanlegvis over i løpet av få dagar.
Ring mobil: 966 34 495 for å få hjelp til å ordna det.
Fleire koronavaksiner skal gis som to dosar med eit visst minimumsintervall for å oppnå tilstrekkeleg immunitet. Dersom vaksinedosane blir gitt med for tett intervall, vil ikkje den siste dosen telle. Du får dermed eit ugyldig koronasertifikat som tolkar dei to dosane som 1 av 2 dosar. Intervallet kan med fordel vere opp mot 12 veker etter den siste dosen.
Dersom første og andre dose blir satt med for kort intervall, vil du ikkje få eit gyldig koronasertifikat før ei veke etter ein tredje dose er satt.
Her er lenke til koronasertifikat.
Personer med alvorleg svekka immunforsvar som allereie har mottatt 3 dosar i grunnvaksineringa tilbys ein fjerde oppfriskningsdose. Dette fordi det no er ein situasjon med auka smittepress i samfunnet og dermed auka risiko for at personar i sårbare grupper blir smitta og blir alvorleg sjuke. Det må gå minimum tre månader mellom tredje og fjerde dose. Ein oppfriskningsdose er ein ekstra vaksinedose til personer som har hatt effekt av vaksinedosane i grunnvaksineringa, men som over tid mister delar av beskyttelsen. For å få best mogleg effekt av ein oppfriskningsdose treng immunforsvaret tid til å modnast. Lenger intervall mellom dosane kan gi høgare og meir langvarig beskyttelse
*Organtransplanterte, benmargstransplantasjon dei siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus host- sjukdom som krev immunsuppresjon.
*Alvorleg og moderat primær immunsvikt
*Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
*Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon
Alle som har ein av desse diagnose 1 kan vise frem notat fra sykehus hvor diagnose fremgår, dersom dei ønsker vaksine før de har mottatt brev fra sykehuset.
• Gruppe 2:
* Pasienter med pågående betydelig immundampende behandling av anna årsak: Pasientar som bruk immundempande medisin som står på listen fra de fagmedisinske miljøene kan kontakte kommunen direkte og vise frem dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept /e-resept eller medikamentforpakning der pasientens navn fremgår. Oversikt over kva for medisin dette gjeld
* Kreftpasienter med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling: Dei dette gjeld må vente på brev fra spesialisthelsetjenesten da det må gjerast ein individuell vurdering for å få best effekt av vaksina og unngå unødvendige biverknader.
* Pasienter som av ansvarleg legespesialist er vurdert til å ha svært nedsatt immunforsvar og som ikkje inngår i ein av gruppane ovanfor: Desse må ha også vente på eget brev frå spesialisthelsetenesta.
Pasientar med lengre sjukehusopphald, hyppig poliklinisk behandling, dei med kompliserte behandlingsforløp vil få tilbod om vaksinasjon via sjukehusa.
Ta kontakt på telefonnummer 96 63 44 95.
Det er ingen øvre grense for koronavaksineintervall
Det er foreløpig ikkje etablert noka øvre grense på intervallet mellom koronavaksiner, verken for barn eller vaksne. Tilgjengeleg immunologisk kunnskap tilseier at effekten av dose 2 vil vere god, sjølv om intervallet mellom dosane blir lengre enn anbefalt.
Ved innreise til Norge blir den vaksinerte rekna som beskytta f.o.m 3 veker t.o.m. 14 veker etter fyrste vaksinedose. Dersom det går 15 veker eller meir før 2. dose blir gitt, blir ein ikkje rekna for beskytta før det har gått ei veke etter 2. dose, uavhengig av kor langt intervallet mellom dosane endar med å bli. Det er ulike reglar for alle land. Dette er beskrive nærmare her: Om koronasertifikat.