Tilbod om vaksine mot koronavirus for barn mellom 5-11 år
Austevoll kommune tilbyr koronavaksinering av barn mellom 5 - 11 år torsdag 24. februar klokka 16.00-18.00.
Publisert 17.02.2022 10.15
Sist endra 17.02.2022 10.19
Vaksinering vil føregå på helsestasjonen på helsehuset. Foreldre/foresatte må følgje barnet til vaksinasjon. Hugs å ta med signert samtykkeskjema frå begge foreldre/føresette.
Det vert Drop-in tilbod i tillegg til dei som allereie har meldt til helsesjukepleiar at dei ynskjer vaksine.
Du kan laste ned samtykkeskjemaet ved å trykke på denne lenka/
Vaksina er mest aktuell for
- barn med kroniske sjukdomar
- barn som har kontakt med personar med auka behov for beskyttelse
- barn som har auka risiko fordi dei skal flytte eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegere tilgang til helsetenester enn i Norge
- barn som av andre årsaker lever i ein utsett situasjon
Ein dose blir vurdert til å gi god beskyttelse, men det er mogleg å gi dose 2 etter 8-12 veker. Det må leverast skriftleg samtykke frå begge føresette for kvar dose for barn under 16 år.
Gjennomgått Covid- 19 er likestilt med å ha fått ei vaksinedose.
Sjå lenkene under for meir informasjon
Om vaksinasjonsprogrammet: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/#vaksinasjon-av-barn-og-unge
Om koronavaksine for barn 5-11 år - FHI
Kontaktpersonar
- Hege Austevoll, helsesjukepleiar, Kolbeinsvik Montessori skule: mobil 95 21 44 73
- Sissel T. Haugland, helsesjukepleiar Storebø skule og Selbjørn skule: mobil 90 62 41 94
- Torill F. Bruntveit: helsesjukepleiar Storebø skule: mobil 92 26 15 88